Det var ikkje berre semje rundt bordet når saka om nytt valreglement og reglement for styringsorgana vart debattert. No får styret saka attende, med tydelegare forslag til vedtak. Foto: Njord Svendsen
Det var ikkje berre semje rundt bordet når saka om nytt valreglement og reglement for styringsorgana vart debattert. No får styret saka attende, med tydelegare forslag til vedtak. Foto: Njord Svendsen

Utsette sak om valreglement

Publisert

Etter ein lang debatt vart saka om reglement for styringsorgana og endring av valreglementet sendt attende til administrasjonen.

– Ingen av høyringsforslaga som er komne inn har i prinsippet fleirtal, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm i styremøtet torsdag.

Styret skulle debattera saka som på førehand hadde fått mykje merksemd: Endring av valreglement og reglement for styringsorgana.

– Det er heller ikkje rett som På Høyden har skrive: Me har endra to ting, at ein kan ha to tilsetjingsutval og at det koma forslag på færre eksterne kandidatar til fakultetsstyra, hevda Bernstrøm, utan å gå inn på kor viktige desse punkta var.

Med to reglement på bordet - eit noverande og eit framlegg - var punkta som skulle gåaast gjennom mange. Rektor Dag Rune Olsen kom med forslag om at styremedlemmene konsentrerte seg om dei punkta der dei ikkje var samde med forslaget frå arbeidsgruppa.

Kritikk mot instituttleiarendring

Som På Høyden har skrive, kom det inn mange høyringssvar. Og sjølv om nokre mindre ting altså er endra, har ikkje universitetsleiinga endra det fleire av høyringssvara peika på: Der var det kritikk mot at ein berre skal kunne ha tilsette instituttleiarar, mot at det kjem krav om professorkompetanse for å kunne vera rektor og mot at det vert opna for eksterne styreleiarar. Dette var òg moment som vart trekte fram i møtet.

– Eg opplever at det er ganske stor motstand mot å fjerna moglegheita til å kunne ha valte instituttleiarar. Dette handlar ikkje om kor mange som har det i dag, men om kven eit slikt forslag rammar. Og fleirtalet av dei som vert ramma er i mot det. Det gjer at eg synest dette er ein forferdeleg dårleg idé, og det gir ei mindre demokratisk styreform, sa Sofie Marhaug, som representerer gruppe B.

Ho fekk støtte frå Jørgen Melve, som representerer dei teknisk og administrativt tilsette.

– Kor skal ein tillata variasjon dersom ein ikkje kan ha det her, spurte han?

Kven er sjefen?

Melve er òg kritisk til at ein kan ha ekstern styreleiar når fakultetet har tilsett dekan.

– Ein tek stadig små steg mot at meir skal styrast frå toppen, sa han.

Alf Erling Risa, som representerer vitskapeleg tilsette i fast stilling, var krassare:

– Dette framstår som noko merverdig. Ein ekstern styreleiar vert fakultetssjefen. Men vedkomande er ikkje med i rektor si leiargruppe. Korleis går styringsflyten då? Dette er ikkje noko eg har høyrt om nokon annan stad.

Debatt med prorektor

Utover i debatten vart det tydeleg at det var ulike syn rundt styrebordet. Men saka var ikkje lagt opp med fleire forslag til vedtak, og rektor Dag Rune Olsen, som heller ikkje er samd med universitetsdirektør Kjell Bernstrøm i alle punkt, tok til orde for at saka kunne sendast attende til administrasjonen. Student Erlend Grønvold var samd, og peika på at arbeidsgruppa, som var leia av prorektor Margareth Hagen og elles var sett saman av dekanar, ikkje hadde hatt med representantar frå verken studentar eller mellombels tilsette.

– Då kunne det vorte fanga opp ting undervegs, sa Grønvold.

– Det er ei kompetent gruppe som har jobba med dette, svara Hagen.

– Eg seier ikkje at gruppa ikkje har vore kompetent, repliserte Grønvold.

Konklusjonen vart at saka kjem attende til neste styremøte, som er i slutten av september, med to forslag til vedtak under dei punkta der det har vist seg at det eksisterer fleire syn.