Bergensarane har venta lenge på gjensyn med det tradisjonsrike universitetsmuseet. Lange køar var velsigna med opphaldsvêr første helg etter nyopning. Foto: Njord V. Svendsen
Bergensarane har venta lenge på gjensyn med det tradisjonsrike universitetsmuseet. Lange køar var velsigna med opphaldsvêr første helg etter nyopning. Foto: Njord V. Svendsen

Publikumssjokk: Tusenvis i kø på Universitetsmuseet

Det nyopna Universitetsmuseet måtte kalle inn ekstra mannskap då fleire tusen kom på døra.

Publisert

Laurdag måtte folk avvisast i døra då både kapasiteten og billettsystemet vart sprengt. Før museet stengte for den store renoveringa i 2013 var normalen 3-400 besøkande på ein søndag, noko mindre på laurdagar.

Universitetsmuseet

Bergen Museum var grunnlagt i 1825 og var ein viktig del av grunnlaget for etableringa av Universitetet i Bergen i 1946.

Universitetsmuseet er Noregs eldste museumsbygning, bygd i 1865 (Naturhistorisk). Bygget har stor kulturhistorisk verdi, og er freda i verneklasse 1.

Universitetsmuseet har ansvar for innsamling, dokumentasjon, bevaring, forsking og formidling innan sine museale fagfelt.

Etter mange års omfattande rehabilitering vart Universitetsmuseet igjen opna for publikum 14. oktober 2019.

Denne helga, den første etter nyopninga 14. oktober, hadde museet selt 4339 billettar då dørene stengte søndag.

Frå 400 til 4000

Fleire måtte avvisast i døra på det mest hektiske laurdag. Dei fleste besøkte det naturhistoriske museet, men mange var også innom kulturhistorisk.

Det var kaotisk på eit tidspunkt, fortel hussjef Eli Hausken, som måtte kalle inn ekstra mannskap for å takle pågangen.

— Det er plass til 700 i bygget til ei kvar tid. Plutseleg stod det 1000 på døra. Det var vi ikkje førebudd på. Men læringskurva vart kjapp, og søndag var vi betre organisert, fortel ho.

Då På Høyden passerte søndag ettermiddag, var køen utanfor Naturhistorisk museum rundt 100 meter lang, utanfor inngangen.

— Den tidlegare besøksrekorden skriv seg frå «Natt på museet i 2011», då hadde vi 1200 besøkande. På ein vanleg søndag før renoveringa var det normale besøkstalet på 3-400, seier Hausken.

Stengt sidan 2013

Før Universitetsmuseet vart opna med brask og bram 14. oktober, har det vore stengt sidan 2013 og vore gjennom omfattande rehabilitering. Målet for det «nye» Universitetsmuseet har ikkje berre vore å stå fram i nyoppussa prakt.

Målet er å bli midtpunkt for forskingskommunikasjon for heile UiB. Det er derfor blitt investert mykje i å utvikle nye publikums- og formidlingsgrep.

— Vi er svært glade for responsen. Det er vedunderleg å sjå etter at vi har stått hardt på i fleire år, seier Eli Hausken.

Håper på fleire

Ho håper endå fleire tar turen – men har ei anbefaling:

— Dersom ein kan, er det lurt å ikkje komme akkurat midt på dagen, då toppar det seg. Etter 14.30 på søndag hadde vi ingen kø, seier Hausken.

Museet skal ha ope frå 10-16 på laurdagar og 11-17 på søndagar framover. Det er også ope for publikum på kvardagar frå 10-16. I tillegg blir det kveldsope torsdag og fredag denne veka.

Universitetsmuseet opplyser at dei som ikkje fekk nytta billettane sine laurdag får bruke dei ein annan gong.