Alf Erling Risa, Sausan Hussein, Jørgen Melve og Sofie Marhaug stemmer for at det framleis skal vera høve til å ha valte instituttleiarar. Berre rektor, Kjersti Fløttum og Bjørn Østbø stemte for at alle instituttleiarar skal tilsetjast. Foto: Hilde Kristin Strand
Alf Erling Risa, Sausan Hussein, Jørgen Melve og Sofie Marhaug stemmer for at det framleis skal vera høve til å ha valte instituttleiarar. Berre rektor, Kjersti Fløttum og Bjørn Østbø stemte for at alle instituttleiarar skal tilsetjast. Foto: Hilde Kristin Strand

Det vert framleis valte instituttleiarar

Publisert

Universitetsstyret har vedteke at ein framleis skal kunne velja instituttleiarar.

Det sa Erlend Grønvold då universitetsstyret for andre gong handsama saka om nytt reglement for styringsorgana. Som På Høyden har skrive, var forslaget frå gruppa som arbeidde fram forslaget at instituttleiarar ikkje lenger skal kunne veljast. I dag har Det samfunnsvitskapelege fakultetet valte instituttleiarar, og Det psykologiske fakultetet ønskjer òg å gå attende til denne ordninga.

No kan dei det. Eit klart fleirtal i universitetsstyret, åtte mot tre, stemte for det som heitte alternativ B i saksdokumenta: Instituttleiarar kan rekrutterast ved val eller dei kan tilsetjast.

Retrettstilling

Då vert det slik som Forskarforbundet sa før møtet: Dei einskilde fakulteta kan sjølv få velja korleis dei vil rekruttera instituttleiarane sine.

Alf Erling Risa har vore dekan ved Det samfunnsvitskapelege fakultetet. Han sa med eit smil at han har prøvd å rekruttera eksterne kandidatar til instituttleiarstillingar ved fakultetet, som har mange små institutt.

– Dersom ein vil tilsetja instituttleiarar og få eksterne til å søkja, må ein vera innstilt på å tilby ei retrettstilling etter endt leiarperiode. Dette vil kunne påverka rekrtutteringsprosessen ved små institutt, sa Risa.

Gjer det same

Men er det eigentleg noko skilnad i valt eller tilsett leiing. Bjørn K. Haugland stilte spørsmålet, og fekk, etter litt fram og tilbake, til svar at i eksisterande regelverk er valt og tilsett instituttleiar likestilt: Begge rapporterer til dekan. Men dersom leiinga vil kvitta seg med ein instituttleiar er det skilnad i måten det kan gjerast på ut i frå om instituttleiaren er valt eller tilsett.

– Eg har vore tilsett lenge ved UiB. Då eg kom hit hadde alle valte instituttleiarar. No har dei aller fleste tilsett, og det handlar, slik eg ser det, om ei profesjonalisering av instituttleiarrolla. Men samstundes er det òg skilnad mellom medisin og mat.-nat. med sine store institutt på den eine sida og SV med sine små på den andre, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Rektor skal vera professor

Torsdag handsama universitetsstyret tre saker: Om reglement for styringsorgana, valreglement og reglement for Universitetsbiblioteket. Dette var ei felles sak i førre møte. I saka om endringar i valreglementet var det særleg krav om professorkompetanse for å kunne stilla til val som rektor som hadde vorte diskutert. Særleg studentane var kritiske til dette. Men det vart vedteke at det skal vera slik. Vedtaket vart fatta med seks mot fem stemmer, altså minst mogleg fleirtal.