No kan det løna seg å vera opptatt av undervisningskvalitet for dei tilsette ved UiB. Ei ny ordning for premiering av dei som er dyktige til å undervisa er komt i gong. UiB er først i landet med å innføra ordninga.
No kan det løna seg å vera opptatt av undervisningskvalitet for dei tilsette ved UiB. Ei ny ordning for premiering av dei som er dyktige til å undervisa er komt i gong. UiB er først i landet med å innføra ordninga.

UiB gjev ekstra løn til flinke undervisarar

Publisert

På Mat.-Nat.-fakultetet kan du no søka om å få bli «framifrå undervisar», noko som gjev utteljing på lønsslippen.

– Ordninga med framifrå undervisar er ønskeleg å prøva ut som ein meriteringsordning for undervisning gjennom å vektlegga kontinuerlig utvikling av eigen undervisning gjennom samarbeid med kollegaar med mål om å fremma studentane si læring, seier Oddrun Samdal, viserektor for utdanning til UiB. 

Dei som kan søka om å få tittelen er ifølge UiB tilsette som over tid har gjort og vist eit særskilt godt og systematisk arbeid med undervisning ved fakultetet.

Meriteringsordninga, som er ei prøveordning på fem år, har det engelske namnet Excellent Teaching Practitioner - ETP, og er prøvd ut med suksess på Lund Universitet i Sverige.

Dei som blir tildelt kompetansegraden «framifrå undervisar» vil ifølge forslaget får ei lønsauke på to lønstrinn for professorar, og tre trinn for amanuensar. UiB er det første universitetet i landet som set i verk ordninga. 

Les også: Ingen SFU-status til Bergen

Ope for andre fakultet
I tillegg vil fakultetet få midlar for kvar tilsett med den nye kompetansegraden. Samdal seier det er ope for at andre fakultet kan prøva ut ordninga.

– Me kjem til å oppmoda andre fakultet til å prøva tilsvarande, men at dei kan tilpassa det etter sine fagmiljø. Me er opptatt av at det skal bidra til gode undervisningskulturar - så viss fakulteta vil finna andre modellar som dei trur kan passa så er det mogleg, seier Samdal. 

– Har undervisning hatt for låg status? 

– Det er absolutt fleire anerkjenningar av god forsking både nasjonalt og internasjonalt. Det er difor trong for fleire anerkjenningar av undervisning for å likestilla undervisning med forsking. Ved å innføra ei slik ordning vektlegg og verdset universitetet systematisk og målretta arbeid for både utdanningskvalitet og ein kollegial undervisnings- og lærarkultur.

Universitetetsstyret ved UiT Norges arktiske universitet, har vedtatt ei prinsippsak om at ei slik ordning skal innførast - men er ikkje kome i gong med søkeprosessen.

– Det må gjerast ein del forarbeid før ordninga kan innførast. No har me nettopp engasjert ein person som skal hovudansvaret for arbeidet. Så vidt eg skjønner er planen at det i løpet av våren skal blir moglegheiter for å søka. Universitetet har satt av midlar til ordninga, som er på tre til fire millionar kroner i året, seier professor ved UiT, Gunnar Grepperud.

NTNU klar etter jul
Grepperud seier det ikkje er sikkert at ein treff blink på første forsøk. 

– Det er bra at me er fleire universitet som prøver ut dette no. Me må gje ordninga fem år, og så får me sjå korleis det går. Viss det  ikkje er ei god ordning som gjer dei resultata me ønsker, prøver me ut noko anna, seier Grepperud.

Ved NTNU har dei også bestemt seg for innføra ein liknande modell, i samarbeid med UiT. 

– Me håpar det vil bli mogleg å søka ein gong etter jul. Det er kjempespennande at me er i gong med denne ordninga, det har vore eit behov lenge, seier Ole Kristen Solbjørg, seniorrådgjevar ved NTNU.

Fristen for å søka på ordninga på Mat.-Nat.-fakultet ved UiB er 31. januar.