Anya Helene Bagge tilsette informatikkstudentar i sommarjobb for å få ferdig undervisningsløysinga i tide. No får IT-studentane programmert hjelp til å lære seg programmering i python. Foto: Dag Hellesund
Anya Helene Bagge tilsette informatikkstudentar i sommarjobb for å få ferdig undervisningsløysinga i tide. No får IT-studentane programmert hjelp til å lære seg programmering i python. Foto: Dag Hellesund

Kva gjer du når du skal undervise 600 studentar i programmering, men ikkje har nok tilsette? Programmerer, så klart!

Institutt for informatikk fekk årets Uglepris for kvalitet i utdanning.

Publisert   Sist oppdatert

Ugleprisen - intern pris for utdanningskvalitet

Ugleprisen er UiB sin interne pris for utdanningskvalitet. Prisen vert delt ut av Universitetets utdanningsutval til fagmiljø som kan dokumentere særleg vellukka tiltak for studiekvalitet.

Fagmiljøa sender søknad om Uglepris til sine respektive fakultet.

Utdanningsutvalget tildeler deretter prisen etter nominasjonar frå fakulteta.

Vinnaren av Ugleprisen blir nominert vidare til KD sin nasjonale Utdanningskvalitetspris.

To forhold vert særleg vektlagt:

  • oppnådde resultat
  • samarbeid mellom studentar, fagpersonale og andre aktørar både i planleggings-, gjennomførings- og oppfølgingsfasen.

Kjelde: uib.no

Ugleprisen er på 100.000 kroner, og går i år til ein annan «fugl»: Institutt for informatikk får tildelinga for prosjektet «Puffin» - digitalt læringsverktøy for programmering. Lundefuglen er brukt som eit gjennomgåande symbol i løysinga.

Får tilbakemelding når som helst og kor som helst

Puffin gir automatisert tilbakemelding til studentane. Det gjer at dei kan drive si eiga læringsutvikling, og får tilbakemeldingar om kor dei bør setje inn innsatsen, enten dei er heime eller på campus.

Førsteamanuensis Anya Helene Bagge har vore sentral i utviklinga av verktøyet. Ho trur slike løysingar kan utviklast for andre fag òg, og då særleg fag der ein skal svare med både tekst og reknestykke, kode eller liknande.

— Vi byrja å jobbe med det i 2015, og hadde det først kun for vidaregåande programmering. Der såg vi at studentane kunne jobbe på eigahand, og blei meir motiverte. Til ei viss grad er dei i stand til å oppdage problema sjølv, fortel Bagge til På Høyden.

Mange feil

I programmering er det lett å gjere feil, og det kan ta lang tid å finne feila. Ei oppgåve kan òg løysast på mange måtar, der nokre er betre enn andre.

Nokre delar av puffin er hyllevare dei har henta inn, mens andre har dei koda heilt frå bunnen. Her er oversikta ein student får.
Nokre delar av puffin er hyllevare dei har henta inn, mens andre har dei koda heilt frå bunnen. Her er oversikta ein student får.

— Alle gjer feil heile tida, og det er umuleg å unngå å lage feil, forklarer ho.

I fjor fekk dei tilsette beskjed om at det kom til å bli omtrent 600 studentar på faget Informatikk 100. Alle skulle lære seg å programmere frå botn av, og programmeringsspråket var python. Tidlegare har kurset vore i programmeringsspråket java.

Puffin

  • «Puffin» er et aktivt læringssystem for studenter som skal lære å programmere, og fungerer som en portal der studentene kan gjøre oppgaver, få tilbakemelding og holde oversikt over fremgang.
  • Mye av utviklingen er gjort av andre- og tredjeårsstudenter.
  • Å aktivere studentene med oppgaveløsning – er superviktig for å lære programmering (det er en ferdighet som må trenes opp, og som i liten grad kan pugges).
  • Studentene får automatisk tilbakemelding, foreleser og assistenter får oversikt og kan gi mer individuell oppfølging der det trengs, selv med mange studenter.
  • Passer både til bruk på universitetet og til selvstudium hjemme.

— Eg fekk i oppdrag å halde kurset, og då tenkte eg at vi ikkje kunne få dette til utan automatisering.

Sommarjobb for studentar

Svært mykje kan gjerast feil, og studentane vil trenge mange innspel undervegs for å komme seg vidare. Å rekke over det med dei tilgjengelege ressursane var rett og slett ikkje muleg.

Slik ser koden og tilbakemeldingane ut.
Slik ser koden og tilbakemeldingane ut.

— Du får ikkje gitt god nok og rask nok tilbakemelding til så mange. Så då tilsette vi ein gjeng studentar som bygde dette over sommaren, seier Bagge.

No er undervisningsopplegget testa ut på dei 600 prøvekaninane.

Har fått testa det meste

Prosessen har vore svært lærerik - og ført til mange oppdateringar der feil har blitt retta.

Undervisarane får oversikt over kor mykje dei ulike studentane har gjort.
Undervisarane får oversikt over kor mykje dei ulike studentane har gjort.

— Vi har fått ein del positive tilbakemeldingar, sjølv om ikkje alt har virka. Men når ein har så mange hundre studentar lærer ein utruleg mykje om systemet. Om du har mange nok studentar vil dei oppdage det om noko kan gå galt, seier Bagge.

Som ugleprisvinnar går prosjektet vidare som deltakar i Kunnskapsdepartementet sin nasjonale utdanningskvalitetspris. Dermed kan det bli endå meir heider for utviklarane på informatikk.

Viserektor Oddrun Samdal, rektor Dag Rune Olsen og studentparlamentsleiar Nikolai Klæboe ga Pinar Heggernes og Anya Helene Bagge ståande applaus for arbeidet deira med undervisningsverktøyet Puffin. Foto: Dag Hellesund
Viserektor Oddrun Samdal, rektor Dag Rune Olsen og studentparlamentsleiar Nikolai Klæboe ga Pinar Heggernes og Anya Helene Bagge ståande applaus for arbeidet deira med undervisningsverktøyet Puffin. Foto: Dag Hellesund