Rektor Dag Rune Olsen, Petter Aaslestad, rektor Curt Rice og Karin Röding, statssekretær hos ministeren for høyere utdanning og forskning i Utbildningsdepartementet i Sverige.
Rektor Dag Rune Olsen, Petter Aaslestad, rektor Curt Rice og Karin Röding, statssekretær hos ministeren for høyere utdanning og forskning i Utbildningsdepartementet i Sverige.

Tre universitet fekk meir pengar enn UiB frå Forskingsrådet

Rektor varslar no at dei kjem til å vurdere kva dei skal gjere annleis for å få meir pengar.

Publisert

I desse dagar deler Forskningsrådet ut ein pot på 3,3 milliardar kroner til forsking. Universitetet i Oslo (UiO) kan jubla mest, etter å ha fått tildelt over 424 millionar kroner. Fullt så høg jubel er det ikkje ved Universitetet i Bergen. Dei får berre 170 millionar kroner.

— Vi er ikkje fornøgde. Vi skulle gjerne hatt fleire tilslag så vi må finna ut kva som er årsaka, innrømmer rektor Dag Rune Olsen.

Viktige pengar

Mens UiO fekk støtte til 43 forskingsprosjekt, har UiB fått støtte til 18. Olsen påpeiker at eit universitet treng slike tildelingar.

— Vi driv med forskarutdanning. Difor er vi avhengige av å lukkast med ekstern finansiering. På den måten kan vi vere med på samfunnsoppdraget vårt, seier Olsen.

Vi driv med forskarutdanning. Derfor er vi avhengige av å lukkast med ekstern finansiering.

Dag Rune Olsen, rektor for Universitetet i Bergen

Han understrekar samtidig at dei er glade for at det eksisterer ei slik tildeling.

— Eg sender ein takk til dei som har gjort hardt arbeid med søknadene sine og fekk pengar. Vi må vera glade for det vi har fått også.

Slått av nykommaren

Olsen seier at det er naturleg at UiO får mest pengar med den størrelsen dei har. NTNU får også meir. Det same gjer OsloMet.

— Det er ekstremt hyggeleg å sjå at vi dreg i land så mange prosjekt. Og det er gøy at vi konkurrerer med dei gamle universiteta som ofte stikk av med dei store pottane, seier viserektor for forsking og utvikling ved OsloMet, Per Martin Norheim-Martinsen til Khrono.

— OsloMet har lukkast veldig godt. Dei har ein anna profil enn oss. Det er berre å gratulera. Så får vi bretta opp ermane ytterlegare og sjå på kvifor vi ikkje lukkast like godt, seier UiB-rektoren.

Allereie på nyåret skal UiB setja seg ned og sjå på kva dei kan gjera annleis til neste søknadsrunde.

— Då har me meir data og kan sjå på søknadene, tilslagsprosenten og karakteren. Vi skal analysera årets resultat med ambisjonar om å bli vesentleg betre neste gong, slår rektoren fast.