Tilsett fekk melding om kollegas legetime etter byte til Telia

Overgangen frå Telenor til Telia gjekk ikkje som han skulle ved UiB.

Publisert

Universitets- og høgskulesektoren byta frå Telenor til Telia i vinter. Det gjekk ikkje greitt for alle, skriv bt.no.

Mellom 10 og 20 personar fekk feil sim-kort, slik at dei fekk telefonar og meldingar meint for kollegaer, opplyser IT-direktør Tore Burheim til På Høyden. Ein tilsett fekk melding om legetimen til kollegaen sin.

— Dei tilsette det gjeld syntest dette var ubehageleg, og vi har på det sterkaste bede om orsaking overfor dei, seier Burheim til bt.no.

Det var hos Telia at nokre personar hadde blitt blanda. Selskapet melde saka til Datatilsynet saman med UiB.