Til Bergen for å gjera seg lærde

Publisert

22. juli viste at den norske organisasjonsmodellen ikkje fungerer optimalt. No søkjer byråkratar i regjeringa hjelp hos Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

– Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet er eit svakt departement. Dei lagar overordna strategiar, men kjem i ein skvis mellom finansdepartementet og fagdepartementa, seier Per Lægreid.

Han er professor ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

Etter 22. juli fekk departementet (FAD) mykje kritikk. Førre veke var difor representantar frå FAD ved UiB for å lytta og læra.

– Det er moderne med såkalla kunnskapsbasert politikkutvikling. Dei kom hit blant anna for å få vita meir om kva som går føre seg innan forvaltningsforskinga. Me er blant dei leiande i landet, seier Lægreid, og viser til det han kallar jerntriangelet: Instituttet, Rokkansenteret og NSD.

Løyser kvar sine problem
Kva var det eigentleg som gjekk så gale 22. juli?

Lægreid seier at den norske organisasjonsmodellen er god når ein støyter på problem og oppgåver som følgjer kvar enkelt sektor. Men når ein møter det som vert kalla «wicked problem» – problem som ikkje kan løysast av ein sektor, vert det verre.

– I Noreg har ein det som vert kalla negativ samhandling. Dersom du ikkje blandar deg borti kva eg jobbar med, skal ikkje eg blanda meg borti kva du jobbar med heller, illusterer Lægreid.

– Det er òg sterke normer som seier at den enkelte ministeren ikkje skal meina noko om korleis dei andre ministrane gjer jobben sin.

Manglande stenging av Grubbegata er eit illustrerande eksempel. Trass i at det vart vedteke stenging i 2004 var gata inn til statsministeren sitt kontor framleis open for allmenn ferdsel 22.juli 2011.

– Prinsippet om ministerstyre og det konstitusjonelle ansvaret til statsråden strekkjer ikkje til når oppgåvene og saksfeltet går på tvers av departementa sine ansvarsområde. Justisdepartementet har ansvar for tryggleikslova, FAD har ansvar for å sikra sentrale bygg i regjeringskvartalet, og Oslo kommune ville ha opne gater. Til slutt prøvde statsministeren sitt kontor å gripe inn, men heile saka illustrerer ansvarspulverisering som kan oppstå i slike situasjonar, seier Lægreid.

Korleis var det mogleg å få plassert ei bombe i regjeringskvartalet? Foto: Colorbox 

Ønskjer ny ordning
Lægreid meiner at å gi nettopp statsministeren sitt kontor ei sterkare rolle kan vera ei løysing på problemet. Slik er det mellom anna i England.

– Argumentet i Noreg er at ein ikkje ønskjer noko utvikling i retning av presidentstyre. Statsministeren skal vera den første blant likemenn og skal ha ein liten stab, seier Lægreid.

Han meiner tida er inne for ein stor debatt om grenser for og problem knytt til ministerstyre, slik ein har i dag.

– Kva er alternativet?

– I Sverige har ein til dømes eit regjeringskanselli. Det gjer at dei einskilde statsrådane er ansvarlege overfor regjeringa som eit kollegium, seier Lægreid.

Kva fører NPM til?
Under møtet mellom instituttet og departementet kom det fram at FAD ønskjer fleire ekspertutval om ulike forvaltningspolitiske område.

– Det er nok ein viss sjanse for at nokon herifrå kjem til å verta spurt om å sitja der. Me er glade for at departementet ønskjer slike utval og håpar dei vil gjera seg nytte av den ekspertisen som finst i Bergen på den forvaltningspolitiske området, seier Lægreid.

Saman med mellom andre professor Anne Lise Fimreite skreiv Lægreid boka «Organisering, samfunnssikkerhet og krisehåndtering». Boka vart gitt ut før 22. juli 2011 – og fekk ikkje spesielt mykje merksemd då. No er fleire publikasjonar om samfunnstryggleik og kriseorganisering under publisering, mellom anna artikkelen «After a terrorist Attack: Challenges for Political and Administrative Leadership in Norway». Samstundes er Lægreid, Fimreite og Lise H. Rykkja Noreg sine representantar i eit stort europeisk prosjekt som heiter Cocops. Prosjektet ser på effekten av New Public Management i Europa, og ser på framveksten av organisasjonar som kan jobba på tvers.

– Ansvar betyr å ta konsekvensen
Lægreid er ikkje særleg imponert over verken den politiske posisjonen eller opposisjonen etter at terroren råka.

– Ansvar betyr ikkje berre å ta lærdom av feila sine og lova at alt skal verta betre i framtida, men òg å ta konsekvens av handlingane og gå av, seier Lægreid.

Etter terroråtaket var det ingen politikarar som gjorde det.

Opposisjonen brukte ikkje maktmiddelet dei har: Mistillit.

– Dei klarte ikkje å stilla mistillit i den største krisa som har råka Noreg i fredstid. Men det spørst no kva som skjer ved stortingsvalet i haust – om ein vert stilt til ansvar ved val, seier Lægreid.