Det er snø på fjellet, viser dette biletet Lise Carlsen tok då ho og medrepresentant Gard Skulstad Johanson tok på veg med tog frå Oslo til Bergen tidlegare denne veka. Foto: Lise Carlsen
Det er snø på fjellet, viser dette biletet Lise Carlsen tok då ho og medrepresentant Gard Skulstad Johanson tok på veg med tog frå Oslo til Bergen tidlegare denne veka. Foto: Lise Carlsen

Styre-studentane meiner ein må ta tog mellom Oslo og Bergen

Universitetet i Bergen sitt styre ville ikkje vedta eit klimafond. Men styret vedtok ein reisepolicy - utan at studentane fekk fleirtal for at tog mellom Bergen og Oslo skal vera grunnløysinga.

Publisert

Reisekutt på ti prosent. Slutt på gratis parkeringsplassar, vegetarmat som grunnløysing.

Klima i akademia

I løpet av 2019 har klimakrisa blitt ei av dei aller største og viktigaste sakene i universitets- og høgskulesektoren. Opprop frå tilsette ved UiO og UIB har samla underskrifter frå meir enn 1500 tilsette.

UiB står på terskelen til å lansere nye retningslinjer som skal få tilsette til å flyge langt mindre, NTNU har kalla sitt «Reiseløftet» for «tidenes utfordring».

Universitets- og høgskolerådet (UHR), medlems- og interesseorganisasjon for sektoren, har berekraft og klima som hovudtema på sin konferanse denne månaden.

Minister for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø (V), har saman med UHR lansert ein klimadugnad, der konkurranse mellom institusjonane om å forureine minst er ein av komponentane.

Allereie i 2015 slo tidsskriftet Nature på leiarplass fast at «forskarar og institusjonar bør sjå nærare på CO2-fotavtrykka sine og spørje seg sjølv om dei verkeleg treng å reise på akademiske konferansar».

Dette var nokre av momenta i saka om eit klimanøytralt UiB, som universitetsstyret handsama torsdag. Men kva tiltak skal ein innføra? Kva verkemiddel vil fungera, og kva vert symbolpolitikk? Det brukte universitetsstyret ved Universitetet i Bergen tid på å diskutera torsdag.

På skinner?

— Lise og eg hadde ein veldig fin togtur over fjellet i går, sa Gard Skulstad Johanson, som er ein av to studentrepresentantar i styret. Den andre er Lise Carlsen. Dei tek i utgangspunktet berre tog mellom Oslo og Bergen, sjølv om Johanson innrømma at han hadde synda: Han tok fly til Oslo for å vera med på den store konferansen Universitets- og høgskulerådet hadde denne veka.

— Då måtte eg stå opp klokka 5.30. Det var heller ikkje så praktisk, sa Johanson.

Hans forslag var at tog skal ligga inn som default, altså grunnløysing, når ein skal bestilla ei reise mellom Oslo og Bergen, men peika på at det må vera gode unntaksreglar.

Dette forslaget fekk ikkje støtte frå dei meir vaksne i styret. Det vart peika på at det tek for lang tid å reisa med tog, og at det ikkje finst løysingar som garanterer at tilsette kan få heile togtida definert som arbeidstid.

Det vart òg understreka, mellom anna frå professor Kjersti Fløttum, at ein ikkje må innføra reisetiltak som gjer at unge forskarar ikkje kjem seg ut og får danna gode nettverk.

Rektor Dag Rune Olsen var tidvis oppgitt i saka om klimanøytralt UiB. Her i debatt med Bjørn Østbø (til høgre). Gard Skulstad Johanson og Kjersti Fløttum ytra seg òg i debatten. Prorektor Margareth Hagen nærast rektor. Foto: Hilde Kristin Strand
Rektor Dag Rune Olsen var tidvis oppgitt i saka om klimanøytralt UiB. Her i debatt med Bjørn Østbø (til høgre). Gard Skulstad Johanson og Kjersti Fløttum ytra seg òg i debatten. Prorektor Margareth Hagen nærast rektor. Foto: Hilde Kristin Strand

— Slike tilårskomne forskarar som meg har reist mykje og har nettverk over heile verda. Me treng ikkje reisa så mykje lenger. Men det er òg skilnad mellom fagtradisjonar, nokre må reisa på feltarbeid eller tokt. Det er viktig at me differensierer mellom ulike behov.

— Eg har skype-møte med Brasil og Australia fleire gongar i veka. Skype fungerer til administrative møte, sa Marianne Møgster, som er ekstern representant i styret.

Menn som pushar pensjon

Yngre og eldre vart tema fleire gongar i debatten.

— Ulempen med menn som pushar pensjon er at ein kan koma med forslag ein slepp å ta konsekvensane av, sa Jørgen Melve, med eit blikk mot rektor og universitetsdirektør. Kjell Bernstrøm (68) er der strengt teke, men også rektor Dag Rune Olsen (57) vart plassert i denne gruppa av studentane under klimadebatten 1. november.

— Symbolpolitikk kan vera bra, men ikkje dersom ein sit på toppen og vedtek for andre, sa Melve. og viste til at styremedlemmene truleg reiser langt meir enn mange andre.

— Med den reisepolicyen ein legg opp til, vert det slik at dei som reiser på to konferansar i året må kutta den eine, sa Melve.

Vedtok retninglinjer for reiser

Det er ikkje reiser som per no gir det største CO2-utsleppet, og det er heller ikkje her ein skal kutta mest. Universitetsdirektør Bernstrøm viste til at målet er at talet på reiser skal halverast innan 2025, med eit kutt på ti prosent i året. Utslepp frå innkjøp av varer og tenester skal reduserast med 40 prosent innan same år. Arealbruken skal effektiviserast med ti prosent innan 2013, og energibruken skal reduserast med tretti prosent innan 2025.

Ulempen med menn som pushar pensjon er at ein kan koma med forslag ein slepp å ta konsekvensane av.

Jørgen Melve

Ein noko oppgitt rektor kunne etter ein lang debatt konstatera at styret hadde debattert det han meiner betyr minst: Korleis skal ein reisa mellom Oslo og Bergen.

— Me må ned i utslepp, sa Olsen.

— Eg trur det går greitt å kutta reiseverksemd dei første åra. Men rundt 2025 vil det verta vanskelegare, dersom ein ikkje får på plass ny teknologi.

Styret vedtok «reisepolicy med ambisjon om årleg gjennomsnittleg reduksjon på 10 prosent CO2». Men policyen skal ta omsyn til unge forskarar si moglegheit for å etablera relasjonar for karrierebygging. I tillegg ba styret om å få ei sak om arbeidet med innovasjon og klimanøytral innkjøpspolicy.

I saksframlegget var det sagt at ein ville ha eit klimafond. Dette skulle ein måtte betala inn til dersom ein ikkje oppnådde reduksjonen i utslepp. Men fleire i styret var negative til eit slikt fond.

— Kor operasjonaliserbart er dette? Og dette er ei øyremerking utanom ordinære kanalr, det er ein måte å budsjettera på som eg ikkje kan støtta.

Det sa Bjørn Østbø, som er ekstern styrerepresentant. Det er Marianne Møgster òg var òg kritisk.

— Eg er lite tilhengar av pisk, som dette klimafondet er. Dette vert det same som i saka om innføring av bot for foresinka sensur. Ja, det er eit leiaransvar, men ein skal ikkje nytta pisk, sa Møgster.

Styret vedtok difor at dei vil ha ei ny sak der tema er intensjon om å etablera eit klimafond, også med bruk av positive insentiv og verkemiddel.