Bediftsfysioterapeut Bente Nilsen Hordvik ønsker at mykje av treninga skal organiserast på einingane. Men symjehall og styrkerommet på Studentsenteret kan også brukast. Foto: Ida Bergstrøm
Bediftsfysioterapeut Bente Nilsen Hordvik ønsker at mykje av treninga skal organiserast på einingane. Men symjehall og styrkerommet på Studentsenteret kan også brukast. Foto: Ida Bergstrøm

No kan du symje i arbeidstida

Ingen ventar at éin time trening i veka skal få deg i superform. Men treningstimen er ikkje utan effekt likevel, seier bedriftsfysioterapeut Bente Nilsen Hordvik.

– Gleda ved å gjere noko aktivt i lag med andre kan ha ein helsefremjande og førebyggande effekt, seier Bente Nilsen Hordvik.

Frå og med i haust kan alle tilsette ved UiB ta ein times pause frå rettleiing, møter, sentralbord, lab-arbeid, arkivering og rydding av bed. Denne timen kan brukast til å trene saman med kollegaer.
Ønsket er at treninga skal bli organisert av einingane sjølv; i avdelinga, på instituttet, i kontorfløyen.

– Her kan ein vere kreativ med kva ein vil fylle timen med. Ein kan også lage eige opplegg med trappeløp eller turgruppe, seier ho.

Etablert tilbod i Oslo og Trondheim
Trening i arbeidstida har lenge vore etterspurt av tilsette ved UiB. Ved Universitetet i Oslo og ved NTNU har ein hatt tilbodet lenge. No gjeld dette tilbodet også alle tilsette ved UiB.

Det er to mål med treninga i arbeidstida, fortel bedriftsfysioterapeuten.

– Å gjere noko aktivt og moro i lag er fint for arbeidsmiljøet. Det skaper samhald og trivsel på arbeidsplassen. Samtidig er tanken at litt aktivitet er betre enn ingenting.

Krav om treningspartnar
– Ein time med trening er ikkje så mykje. Blir dette mest skadeavgrensing, eller kan ein ha håp om å komme i betre form?

– For dei som alt trenar, vil denne timen vere eit supplement. For andre kan dette vere eit godt bidrag til å kome i gang, seier fysioterapeuten.

Eit av krava er at ein trener saman med ein eller fleire kollegaer. Jogging, sykling eller gange til arbeidsplassen kan difor ikkje inngå i treningstimen.

– Treninga er eit tilbod, understrekar Bente Nilsen Hordvik, og legg til at eit av premissa er at dette skjer i samråd med leiar.

Så lenge ein trenar saman med ein kollega, står ein fritt til å legge opp aktiviteten slik ein ønskjer.

Kan bruke apparat og symjehall
Gjennom bedriftsidrettslaget kan ein mellom anna spele badminton eller fotball, samt drive orientering, skyting eller bowling. Ei rekke institutt stiller lag til Bergen City Maraton. Ved det Det juridiske fakultet finst eit curlinglag. Andre avdelingar har tindegruppe og fjellsyklegruppe.

For dei som likar tradisjonell trening i sal, har UiB har i samarbeid med SiB sett opp tre treningstimar i veka. To av timane vert avvikla på Studentsenteret, éin i Årstadveien. I det same tidsrommet som treningstimane kan ein også bruke apparatrommet eller symjehallen.

– UiB har over 3500 tilsette. Vi ønskjer at dette skal vere eit tilbod for alle, og at mykje av aktiviteten skal skje ute på einingane, seier ho.