Eira Martinsen Garrido og Martine Billing har mobilisert nettverk på alle fakultet for å få kandidatar til studentvalet i år. No har dei tru på høg valdeltaking. Foto: Dag Hellesund
Eira Martinsen Garrido og Martine Billing har mobilisert nettverk på alle fakultet for å få kandidatar til studentvalet i år. No har dei tru på høg valdeltaking. Foto: Dag Hellesund

Har klart å engasjere fleire enn berre studentpampane

Breitt nettverk og hardt arbeid har ført til fleire kandidatar enn på lenge til studentverva ved UiB. No satsar Eira Martinsen Garrido og Martine Billing på rekorddeltaking òg.

Publisert

— Vi har prøvd å få kandidatar frå heile UiB, og ikkje berre rekruttere pampar. Og det vil eg seie at vi klart, fortel Eira Martinsen Garrido (22).

Eigentleg studerer ho film- og TV-produksjon, men bruker mest tid på å sitje i arbeidsutvalet til Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen (UiB), som ho er frikjøpt til å gjere.

Mange vil vere kandidatar

I år leiar ho òg valstyret til studentane, noko som kan vere ei tung oppgåve. I fjor brukte berre 19,58 prosent av studentane røysteretten sin, sjølv om det ikkje er særleg krevjande å røyste: Valet foregår på nettsiden studentvalg.no mellom 18. og 25. mars. Året før deltok 22,5 prosent.

Det er ikkje mangel på engasjement blant studentane.

Martine Billing

Men Garrido har saman med nestleiar Martine Billing (20) og dei andre i valstyret klart å mobilisere åtte kandidatar til dei to plassane i universitetsstyret, og åtte lister til studentparlamentsvalet. Dermed har studentane fått endå fleire val til kven dei kan røyste på.

— Informasjon er ein nøkkelting. Folk må vite at det er val. At dei ikkje veit er nok ein av grunnane til at valoppslutnaden er så låg. Men det er ikkje mangel på engasjement blant studentane, seier Billing.

— Det viser seg at mange har lyst til å vere med som kandidatar, men dei veit ikkje om at det er muleg. Å bli med på ei liste er ei skikkeleg god moglegheit, og om du stiller til val til universitetsstyret er det veldig synleg. Det er òg eit stort ansvar, seier Garrido.

Får 140 000 i styrehonorar

Det er dessutan eit ansvar som utløyser store pengar for studentane. Representantar i styret som møter på alle møta får 140 000 kroner i godtgjerdsle på eitt år.

Dei som blir valde kan avgjere alt frå om det skal vere knaggar på do, til om studentane skal gå inn for at UiB skal bli klimanøytralt.

Martine Billing

— Men vi har ikkje lagt opp på ei linje der vi reklamerer for å stille som kandidatar til universitetsstyret ved at ein kan tene over 100 000 kroner. Vi trur heller ikkje at det er hovudmotivasjonen til dei som stiller som kandidatar, forsikrar Garrido.

— Og dei må uansett bli valde, seier Billing.

Kan avgjere alt frå knaggar til klimaval

I valstyret er dei ikkje i tvil om at dei som blir valde får mykje makt.

— I universitetsstyret er rommet til å påvirke kanskje ikkje like stort, for der må ein følgje dagsordenen til styret, seier Garrido.

I parlamentet har studentane større spelerom.

— Dei som blir valde kan avgjere alt frå om det skal vere knaggar på do, til om studentane skal gå inn for at UiB skal bli klimanøytralt, seier Billing.

Valkamp og debatt

Valkampen er i full gang, både på sosiale medium og på stands. I valstyret satsar dei òg på at dei mange kandidatane mobiliserer mange studentar til å røyste.

— Vi byrjar valet med debatt, og skal gjere kandidatane så synlege som muleg. 12. mars blir det Sofasnakk, og 18. mars er det Generaldebatten. Og 25. mars blir det valgvake, der vi presenterer vinnarane. Vi kan berre oppmode studentane om å røyste, seier Billing.

Eira Martinsen Garrido og Martine Billing skaffar ikkje berre kandidatar, men organiserer også gjennomføringa av valet frå 18. til 25. mars. Foto: Dag Hellesund
Eira Martinsen Garrido og Martine Billing skaffar ikkje berre kandidatar, men organiserer også gjennomføringa av valet frå 18. til 25. mars. Foto: Dag Hellesund