UiB ligg på tredjeplass i Noreg på mange statistikkar. Korleis skal ein få den akademiske ugla til å fly høgare? Foto: Colourbox
UiB ligg på tredjeplass i Noreg på mange statistikkar. Korleis skal ein få den akademiske ugla til å fly høgare? Foto: Colourbox

Korleis få ugla til å fly?

Publisert

UiB ligg på tredjeplass på mange statistikkar, etter UiO og NTNU. Men kva for eit UiB vil vi ha om ti år, og korleis skal vi komme dit? Det mangla ikkje på forslag under universitetsleiarkonferansen på Solstrand i går.

NTNU og Universitetet i Oslo har hatt sterkare utvikling i talet på doktorgrads- og postdoktorstillingar. UiB får òg mindre utteljing på ERC-søknadane sine, og ligg lågare enn UiO og NTNU når det gjeld vitskaplege publikasjonar per tilsett.

– Tala viser at 30 prosent av førsteamanuensisane våre ikkje har publisert noko i løpet av dei siste to åra, mens det for professorar er snakk om ti prosent, fortel prorektor Anne Lise Fimreite.

UiB har og hatt ein nedgang i eksternfinansieringa, mens UiO og NTNU har hatt vekst. Biletet prorektor  teikna opp av institusjonen viser eit universitet som har potensiale til å bli betre.

– Vi skal ikkje vekse berre for å vekse. Men å gjere det gir oss handlingsrom, seier Fimreite.

– Og vi kan gjere noko med det, vi kan få ugla til å fly!

Lover gratis Tesla
Det hagla rundt ugla på Solstrand i går, med ymse forslag om kva som kan gjerast: Professor Pinar Heggernes frå Institutt for informatikk peikte på tidstjuvar i tilsettingsprosessar, og små og store hindringar som gjer det vanskelegare å rekruttere dei beste internasjonalt.

Rektor Dag Rune Olsen lovde spontant Tesla og eigen parkeringsplass til alle tilsette som får ein nobelpris, etter å ha høyrd om amerikanske universitet med reserverte parkeringsplassar for nobelprisvinnarar.

Lokal leiar i Forskerforbundet, Steinar Vagstad, tok til orde for høgare løn for dei  tilsette ved UiB, ettersom institusjonen ligg etter både UiO og NTNU på statistikken.

– Det er nokre som seier at du berre får apekattar dersom du løner folk med peanøtter. Korleis skal vi få lønsnivået opp på linje med UiO og NTNU? spurde Vagstad.

Rekrutteringspolitikk
Eit panel av yngre forskarar og studentar hadde mange ulike visjonar om kva som kan gjere UiB til eit betre universitet i 2022. Førsteamanuensis Elisabeth Ivarsflaten ved Institutt for samanliknande politikk meiner at UiB rekrutterer for mange med doktorgrad frå UiB.

– Vi må utlyse stillingane internasjonalt, og heller foreta silinga av kandidatane etter at vi har utlyst stillinga, i staden for å snevre inn utlysingane, meiner ho.

Professor Jørn Jacobsen ved Det juridiske fakultetet trur meir på å forskarane gå endå djupare ned i faga, slik at dei utmerkar seg: – Vi kjem til å bli gode, om alt vi gjer er solid.

Professor Jan Martin Nordbotten tar til orde for å tilby faste stillingar tidlegare, og at dette kan bli eit fortrinn for UiB.

– Dersom UiB tilbyr faste stillingar, mens UiO berre tilbyr postdoktorstilling kan det til og med gå an å tilby dei lavare lønnstrinn, meiner Nordbotten frå Matematisk institutt.

Høge ambisjonar ei plikt
Rektoratet understreka at dei ville lytte på alle gode forslag i strategiarbeidet, som skal ende i ein ny plan for universitetet frå 2015.

– Strategien skal peike klart framover, og vi skal klare å finne ut korleis vi skal kvittere ut måla våre. Det arbeider 3500 fantastiske hovud ved UiB. Vi har eit moralsk ansvar for å forvalte dei best muleg. Då er det heilt forkasteleg å ikkje ha høge nok ambisjonar, seier rektor Dag Rune Olsen.