Dette er Troll-stasjonen, som ligg 1350 meter over havet. Foto: Tore Furevik
Dette er Troll-stasjonen, som ligg 1350 meter over havet. Foto: Tore Furevik

Statssekretær vil ha meir forsking på Antarktis

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet Rekbekka Borsch, har vore i Dronning Mauds Land. Ho vil gjerne ha meir forsking på tilhøva heilt i sør.

Publisert   Sist oppdatert

Først ei lang flyreise og deretter det som må kunne kallast ein tur med beltevogn i rusletempo. så kjem ein til Troll-stasjonen, Norsk Polarinstitutt sin forskingsbase i Dronning Mauds Land i Antarktis. Nyleg var fleire representantar frå den norske regjeringa her. Like etter kom representantar for akademia.

I tillegg til openberre politiske grunnar er det absolutt òg forskingsmessige grunnar til å vera til stades i Antarktis.

Tore Furevik

— Det var Klima- og miljødepartementet som tok initiativ til reisa til Troll forskingsstasjon, og eg var der saman med statssekretærar frå Utanriksdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Justisdepartementet, fortel Rebekka Borsch (V) til Khrono.

Statssekretærane Marianne Hagen, Karianne Hansen,  Atle Hamar og  Rebekka Borsch på Dronning Mauds Land. Foto: Kunnskapsdepartementet
Statssekretærane Marianne Hagen, Karianne Hansen, Atle Hamar og Rebekka Borsch på Dronning Mauds Land. Foto: Kunnskapsdepartementet

Troll er lokalisert om lag 235 km frå kysten, i Jutulsessen i Dronning Maud Land – eit område som er sentralt for norske forskingsinteresser i Antarktis. Her er det drift heile året.

— Noko av det som var tema for besøket var kva behov stasjonen har. Treng ein til dømes eigne laboratorium, spør Borsch.

Isørken

Frå statsjonen skjer det forsking på mellom anna glasiologi, meteorologi og seismologi. Her ser ein klimaendringar på nært hald, og ein ser at ismassane og dermed etter kvart også havstraumane vert påverka av endringar i atmosfæren.

— Men me veit førebels ikkje kva endringane betyr. Det er mykje som skjer i området rundt Sørpolen me endå ikkje har forstått. Dette er det kontinentet me veit minst om, seier Borsch.

Troll-stasjonen står på fjell, som er omgitt av is i rørsle. Statssekretæren fortel om overraskande lite snø - området rundt Troll er ein isørken med svært lite nedbør - og ti-tolv kuldregrader. Det er sommartemperaturen. Det er berre i sommarsesongen, frå november til mars, at ein kan koma seg til Dronning Maud land med fly. Forsyningar kjem ein gong i året, med eit skip som legg til ved iskanten. Deretter må ein frakta varer i dagevis på beltevogn.

Fire frå sektoren

Då politikarane reiste heim, kom representantar for akademia. Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo, Tore Furevik, som leiar Bjerknessenteret ved Universitetet i Bergen, Kari Nygaard, direktør ved Norsk institutt for luftforskning og Anne Lycke, som er direktør for forskingsinstituttet Norsar.

Frå flyplassen må ein reisa med beltevogn for å koma seg til Troll-stasjonen. Foto: Tore FurevikClick to add image-byline

— Hovudformålet med turen var at Polarinstituttet ville visa fram stasjonen og aktivitetane som går føre seg der, og diskutera behov og moglegheitr for meir forskingsaktivitet i Antarktis generelt og rundt Troll-stasjonen spesielt, skriv Furevik i ein e-post til Khrono.

Furevik er samd med Borsch i at Antarktis er kontinentet ein veit minst om.

— Så i tillegg til openberre politiske grunnar er det absolutt òg forskingsmessige grunnar til å vera til stades i Antarktis, meiner han.

Furevik meiner òg at fleire enn Polarinstituttet bør vera i området. Sjølv har han vore lenger sør i Weddelhavet. Der har UiB hatt betydeleg aktivitet.

Bjerknes-direktør Tore Furevik ser gjerne at fleire aktørar enn Polarinstituttet har forskingsaktivitet i Dronning Mauds Land. Sjølv forska Furevik i havområda i Antarktis for 30 år sidan. Foto: privat
Bjerknes-direktør Tore Furevik ser gjerne at fleire aktørar enn Polarinstituttet har forskingsaktivitet i Dronning Mauds Land. Sjølv forska Furevik i havområda i Antarktis for 30 år sidan. Foto: privat

Stølen: Interessant å få innsikt

UiO-rektor Svein Stølen har blogga om reisa. Han skriv mellom anna om sørlysforskinga, der Troll Ionosheric Observatory vart etablert i 2018, og han skriv om stigande havnivå og glasiologi.

«Tilstedeværelse i Antarktis er selvsagt også viktig i norsk utenrikspolitikk. Norge gjorde i 1939 krav på store landareal, og er en av de opprinnelige partnerene i Antarktis-traktaten. Det gir delansvar for store og viktige forskning og forvaltningsoppgaver. Vi har som eksempel signert konvensjoner for bevaring av marine levende ressurser i Antarktis. Her arbeides det økosystembasert og med «føre var» som prinspipp. Vårt nye nasjonale forskningsfartøy Kronpris Haakon deltar i kartleggingen av Wedelhavet, under ledelse av Polarinstituttet. Det utvikles et kunnskapsbasert forslag på et stort verneområdet, fra Wedell – havet til Kong Håkon VII hav utenfor Dronning Maud Land», skriv Stølen.

I ein e-post til Khrono, på veg heim frå reisa, skriv han at Troll-stasjonen er i ein fase der stasjonen må oppgraderast, og at det då sjølvsagt er interessant å få innsikt i og moglegheit til å påverka vidare utvikling av denne nasjonale infrastrukturen som gir unike moglegheiter for forsking, overvaking og kartlegging som er av stor betydning for klima og miljø.

Vil ha fleire med

Ole Arve Misund, direktør for Norsk Polarinstitutt, har skrive eit debattinnlegg i På Høyden om reisa til Troll. Her skriv han mellom anna at «hensikten med studieturen var å invitere flere samarbeidspartnere til å bruke Trollstasjonen mer aktivt som utgangspunkt for norsk forskningsaktivitet i Antarktis. Det ble diskutert hvordan dette kan gjøres gjennom samarbeidsprosjekter og mulige stipendordninger for å understøtte feltarbeid».