«Parti ved Sæltun, mellem Blaaflaten og Husum, Lærdal». Ein tittel som ikkje seier noko om at biletet av jenta ved rokken er fotografert på husmannsplassen Midtre Syne i Lærdal, truleg i slutten av 1880-åra. Ubb-kk-1622-09767.
«Parti ved Sæltun, mellem Blaaflaten og Husum, Lærdal». Ein tittel som ikkje seier noko om at biletet av jenta ved rokken er fotografert på husmannsplassen Midtre Syne i Lærdal, truleg i slutten av 1880-åra. Ubb-kk-1622-09767.

Spesialsnop: Blikkforteljingar

Ein dag i slutten av 1800-talet blei ei ung jente på husmannsplassen Midtre Syne i Lærdal fiksert for all framtid på glasplatenegativa til fotografen Knud Knudsen (1832-1915). Jenta med rokken og det gåtefulle blikket er eitt av dei finaste døma på portretta til Knudsen, ei samling blikkforteljingar frå fortida som me kan dikta vidare på.

Publisert Sist oppdatert

I den digitale Knudsen-katalogen frå Billedsamlingen på marcus.uib.no finst det snautt 500 bilete tagga med «portrett», fotograferte i atelieret hans i Bergen, eller i improviserte utandørs-atelier han rigga til på reisene sine. I tillegg finst det meir uformelle døme, som det pittoreske portrettet av den gamle mannen ved Sørfjorden i Hardanger (fig. 2), eller portrett av enkeltmenneske eller grupper i meir eller mindre arrangerte arbeidssituasjonar, som til dømes saueklipping. Biletet frå Tokheim i Hardanger (fig. 3) er eitt av tre bilete Knudsen fotograferte ein haustdag i 1872, og det einaste der jenta til venstre ser inn i kamera, med eit roleg og temmeleg fråverande blikk. Tokheim var heimegarden til Knudsen, og ho og resten av gjengen på biletet var nok van med å ha fotografen rekande rundt i tuna på garden.

Blikkretningar

«Parti fra Hardanger (Faareklipning)», fotografert på garden Tokheim i 1872. Ubb-kk-1318-0830.
«Parti fra Hardanger (Faareklipning)», fotografert på garden Tokheim i 1872. Ubb-kk-1318-0830.

I møtet med dei tidlege portretta er det påfallande å sjå korleis folk tedde seg framfor kameraet. Det å bli fotografert i siste halvdel av 1800-talet var ei alvorleg affære og ei storhending i seg sjølv, og fotografane styrte det heile gjennom omfattande iscenesetjingar og lang eksponeringstid som ikkje gav rom for spontane smil og innfall. Ansikta og kroppane på mange av desse bileta er på alle måtar fastfrosne i tida, festa til glasplatene og formidla gjennom fotografiske konvensjonar frå fortida som i dag verklar nokså framande.

Som røyndomsutsnitt frå fortida er fotografia både overtydelege og uklare, som hastig skrivne postkort der me ikkje alltid kan tyda skrifta eller lita på avsendaren. Dei blanke biletflatane er forførariske meiningsberarar, og få ting kan lyga så truverdig som eit fotografi. Bileta er oppbygde av mangetydige og ofte ufullstendige fotografiske kartteikn, og lesaren må sjølv fylla ut dei kvite flekkane for ikkje å hamna på villspor.

«Parti fra Hardanger», fotografert nedanfor garden Tokheim, ved Sørfjorden i Hardanger i første halvdel av 1870-talet. Ubb-kk-1318-1074.
«Parti fra Hardanger», fotografert nedanfor garden Tokheim, ved Sørfjorden i Hardanger i første halvdel av 1870-talet. Ubb-kk-1318-1074.

Blikkmøte

Går me tilbake til fotografiet av jenta ved rokken (fig. 1), med tittelen «Parti ved Sæltun, mellem Blaaflaten og Husum, Lærdal», ser me kjapt at biletet og scena er arrangert. Knudsen har flytta både jenta og rokken ut frå det mørke og låge huset, ut i lyset og landskapet ved Lærdalselva (Det er tatt utsnitt av fleire av bileta som er vist her, originalfotografia i full størrelse kan sjåast på marcus.uib.no). Biletet kan også lesast inn i ein sjanger som var vanleg på 1800-talet, der omreisande fotografar reiste rundt til gardane, fotograferte heile huslyden ute i tuna, saman med stasmøbler og gamle biblar, hesten og den finaste kua, og gjerne eit gardsreiskap eller to. Slik blei familiar, inventar og bygningar dokumenterte, i ei tid då fotografane mangla kunstig lys for å kunna fotografera innomhus.

Den namnlause jenta med dei nakne føtene ved rokken stig på eit vis ut av biletet, ser på kameraet og oss med eit blikk me ikkje heilt klarar å tolka, eit blikk der motstridande kjensler vakar under overflata – både uforferda og usikker – og som med alle gode fotografi skapar det ei undring hos oss, ei kjensle me får i møte med mange av portretta til Knudsen.

Knudsen fotograferte dette fabelaktige portrettet av bestemora si, Marta Amundsdtr. Rabbe (1784-1870), ein gong i løpet av 1860-åra. Ubb-kk-nsx-0591.
Knudsen fotograferte dette fabelaktige portrettet av bestemora si, Marta Amundsdtr. Rabbe (1784-1870), ein gong i løpet av 1860-åra. Ubb-kk-nsx-0591.

Blar me oss gjennom portrettsamlinga til Knudsen, møter me eit mangfald av menneske som fangar blikka våre, me står ansikt til ansikt med historia og med personlege historier, slik som i portrettet av bestemora til Knudsen (fig. 4), Marta Amundsdtr. Rabbe (1784-1870), fotografert i utandørs reisestudio i 1860-åra.

Å møta det direkte blikket til eit menneske fødd i 1780-åra kjenst både fascinerande og forvirrande, og ikkje så reint lite intimt. Den same kjensla av intimitet finn me i det snodige folkedraktportrettet «Brud fra Grungedal» fotografert tidleg i 1870-åra (fig. 5). Heile framtoninga liknar eit stilleben eller eit stilisert ornament, heilt til me ser handa som stikk fram frå den vakre og omfangsrike drakta, og blikket og ansiktet, der me kan ana skuggen av eit smil hos den vordande brura. Begge desse damene er fotograferte med respekt, derfor er dei heller ikkje redde for å møta blikka våre.

«Brud fra Grungedal (Reisedragt)», fotografert tidleg i 1870-åra. Portrettet er del av ein samling der Knudsen har dokumentert norske folkedrakter. Ubb-kk-nf-131.
«Brud fra Grungedal (Reisedragt)», fotografert tidleg i 1870-åra. Portrettet er del av ein samling der Knudsen har dokumentert norske folkedrakter. Ubb-kk-nf-131.

Blikk-kjensler

Portrett av Røldalspresten Christopher Andreas Vibe (1826-1905) frå 1862-1863. Ubb-kk-nbx-0002.
Portrett av Røldalspresten Christopher Andreas Vibe (1826-1905) frå 1862-1863. Ubb-kk-nbx-0002.

Noko som definitivt ikkje minner om eit stilleben er portrettet av den bramfrie presten i Røldal, Christopher Andreas Vibe (1826-1905). Han var prest i Røldal frå 1856 til 1863, og er truleg fotografert av Knudsen i 1862 (fig. 6). Det er eit sitrande portrett, med innestengd energi har han nærmast slått knute på seg sjølv for å sitta i ro under eksponeringa, og blikket borar seg inn i kameralinsa og inn i oss med full kraft.

Med lang eksponeringstid var barneportrett den vanskelegaste sjangeren for fotografane på 1800-talet, og i mange av barnebileta til Knudsen ser me at utolmodige barn er blitt uklare og konturlause. Fleire remediar blei tatt i bruk for å løysa dette problemet, som nakkestøtter og kragar, eller meir eller mindre skjulte foreldre som tviheldt på ungane. I studioportrettet av søskenflokken blei problemet løyst ved kollektiv innsats, minstejenta brukar søstera som støtte, mens dei andre har klart å halda kroppsrørslene tilstrekkeleg i vater. Men tolmodet er på vikande front, noko det nærmast trassige blikket og den litt uskarpe kjolen til storesøstera vitnar om. (fig. 7)

Søskenportrett fotografert i atelieret til Knudsen i Bergen, ukjend år. Ubb-kk-nbx-0484.
Søskenportrett fotografert i atelieret til Knudsen i Bergen, ukjend år. Ubb-kk-nbx-0484.

Eit av dei mest gripande barnebileta til Knudsen er stereoportrettet av den vesle jenta som brukar stolen som støtte og trøyst, med eit blikk som er breddfullt av både undring og uro (fig. 8). Venstrehanda til jenta prøver å klora seg fast til stolsetet, der hatten hennar ligg, mens gestane til høgrearmen er som eit vern mot kameraet og fotografen. Og sjølv om dette i utgangspunktet er eit formelt studioportrett, får biletet i kraft av det kjensletunge blikket og rørslene til jenta preg av eit spontant augneblinksportrett, og som eit lite meisterstykke fiksert fotografisk poesi.

Stereoportrettet av den vesle jenta er også fotografert i Knudsen sitt atelier i Bergen, og igjen, ukjend år. Ubb-kk-1318-3692a.
Stereoportrettet av den vesle jenta er også fotografert i Knudsen sitt atelier i Bergen, og igjen, ukjend år. Ubb-kk-1318-3692a.

Blikkfang

Me er tilbake hos den unge jenta i Lærdal, men ho har flytta seg sidan sist. Knudsen fotograferte to bilete av jenta på den vesle husmannsplassen, eitt utanfor våningshuset, det andre utanfor det som truleg er eit fjøs – begge stader med rokken som rekvisitt og det tankevekkande blikket på plass.

«Parti ved Sæltun, mellem Blaaflaten og Husum, Lærdal». Same tittel, same stad, same jente og same blikk, men ei anna vinkling. Ubb-kk-1622-09766
«Parti ved Sæltun, mellem Blaaflaten og Husum, Lærdal». Same tittel, same stad, same jente og same blikk, men ei anna vinkling. Ubb-kk-1622-09766

Det er dei personlege uttrykka og karakterane i portretta som fangar blikka våre – ein skugge av eit smil, eit uforferda blikk inn i kameraet, ein situasjon eller ei uventa rørsle som skapar små brot på dei faste sjangerkonvensjonane, eit sermerkt klesplagg, ein gest, ei handrørsle, men framfor alt – blikket som ser på oss. Det er dei små detaljane som fangar merksemda vår, som blir blikkfanget, og som omskapar biletelementa og teikna til ei forteljing me kan spinna vidare på, som blikket til jenta med rokken og dei nakne føtene, ei forteljing om det å bli fotografert.

Kjelde: Søndenå, Ola, og Heiselberg, Morten, 2007: Fotografi frå Ryfylke 1880-1940. Stavanger.