Ein liten del av klosteret kan ein framleis sjå. Bygningsrestane er i dag fredag. Foto: Hilde Kristin Strand
Ein liten del av klosteret kan ein framleis sjå. Bygningsrestane er i dag fredag. Foto: Hilde Kristin Strand

Slik såg Bergen ut i mellomalderen

Visste du at Marken har fått namnet sitt fordi det var ei mark? Og at bybanestoppet ikkje heiter Nonneseter utan grunn?

Publisert

Det var ei tid der bysentrum definitivt var på Bryggen, og der det som i dag er Festplassen var dekka av sjøvatn. Eit stykke utanfor bykjernen låg Nonneseter kloster. Restane finn ein ved bybanestoppet som heiter nettopp Nonneseter. Ved sidan av Bergen storsenter og den gamle sølvvarefabrikken kan ein finna to klosterdelar.

Men korleis såg Bergen eigentleg ut den gongen? Det veit forskarane ein heil del om, og no gjer dei kunnskapen tilgjengeleg for andre òg. Gjennom eit visualiseringsprosjekt skal ein i løpet av året, som er året der Bergen by feirar 950-årsjubileum, kunne klikka seg inn og sjå korleis mellom anna Nonneseter kloster ein gong såg ut.

Viktige mellomalderstader

— Me som er forskarar har kunnskap og tankar om korleis Bergen kan ha sett ut den gongen. Men det er ikkje sikkert det er like klart for andre. Difor har me plukka ut nokre stader som var viktige i mellomalderen. Det seier Irene Baug. Ho er arkeolog og koordinator for Universitetet i Bergen si mellomalderklynge.

Både Nonneseter og kongsgarden Alrekstad låg landleg til og var meir rurale strøk i dåtidas Bergen.

Irene Baug

Visualiseringa gjer at ein kan klikka seg inn og sjå korleis det kan ha sett ut i Bergen for mange hundre år sidan. Nonneseter kloster ser mellom anna veldig stort ut.

— Det var truleg det rikaste og største kvinneklosteret i landet, fortel Baug.

Her budde det benediktinarnonner frå 1100-talet til 1400-talet, då andre tok over. Etter reformasjonen var det slutt på kloster i Noreg, men allereie før den tid vart Nonneseter verdsleggjort. Vincens Lunge, som var riksråd i Noreg, overtok eigedommen i 1528. Han fekk klosteret bygd om til sin private residens, med namnet Lungegaarden – som igjen har gitt namn til både Store Lungegaardsvann og Lille Lungegaardsvann.

— Me fortel det me veit, og me prøver å vera veldig tydelege på kva me ikkje veit, seier Baug.

Rurale strøk

Den andre deler av klosteret ligg like ved bybanestoppet Nonneseter. Foto: Hilde Kristin Strand
Den andre deler av klosteret ligg like ved bybanestoppet Nonneseter. Foto: Hilde Kristin Strand

Noko av det ein ikkje veit sikkert, er kor synlege nonnene var i bybiletet. Uansett strekte eigedomen deira seg langt utover klosterfirkantens grenser. Marken var rett og slett jordbruksland til klosteret.

— Både Nonneseter og kongsgarden Alrekstad låg landleg til og var meir rurale strøk i dåtidas Bergen, seier Baug.

Alrekstad var staden der mellom andre Olav Kyrre, kongen som grunnla Bergen i 1070, budde.

Klosterrestane på Nonneseter er i dag freda, og Fortidsminneforeningen eig bygningsrestane. Bergens Tidende har skrive om konflikta kring den gamle sølvvarefabrikken. Deler av fagmiljøet ønsker at sølvvarefabrikken skal fjernast for å få betre kontakt mellom dei ståande bygningsrestane. Andre taler for bevaring av fabrikkbygget.

Fleire bygg seinare i år

Det var Universitetet i Bergen som først skreiv om prosjektet på sine nettsider. «Bergen 1320» er i regi av Mellomalderklynga, og er eit samarbeid mellom UiB, Byantikvaren og Riksantikvaren, i tillegg til Arkikon som har laga visuliseringane. I løpet av året vil ein mellom anna kunne sjå korleis Korskirken ein gong såg ut. Førebels er det Nonneseter og Stevnestova, som var byens eldste rådhus, ein kan sjå nærare på.

— Me skal no i gang med Holmen, der kongsgården låg. Det er eit stort prosjekt, seier Baug.