Studentparlamentet meiner UiB må informera studentane betre om kva det innerber å vera skikka.
Studentparlamentet meiner UiB må informera studentane betre om kva det innerber å vera skikka.

Studentane går inn for anonyme tvilsmeldingar

Publisert

Studentparlamentet UiB meiner det har vore for få tvilsmeldingar om det å vera skikka dei siste åra. - Det er naivt å tru at det ikkje er nokon som er uskikka av alle studentane som går på UiB, seier leiar Håkon Randegaard Mikalsen.

Studentparlamentet vedtok tysdag ein resolusjon der dei meiner UiB må styrka arbeidet med skikkavurderingar. Årsaka er at det ikkje har vore slike saker til behandling ved UiB på fleire år. 

Leiar i Studentparlamentet ved UiB, Håkon Randegaard Mikalsen.
Leiar i Studentparlamentet ved UiB, Håkon Randegaard Mikalsen.

Dei meiner at studentar må få høve til å melda i frå anonymt om dei opplever at medstudentar ikkje er skikka til å utøva yrket dei utdannar seg til. 

— Når dei ikkje er noko saker oppe til vurdering burde det blinka varsellamper hjå Universitetet. Me meiner det er i både i UiB og i studentane si interesse å ta tak i dette, slik at ein kan legga til rette for å utdanna skikka kandidatar, seier leiar i Studentparlamentet ved UiB (Spuib), Håkon Randegaard Mikalsen. 

Skikkethetsvurdering

  • Skikkethetsvurdering skal avdekke om studenten har de nødvendige forutsetninger for å kunne utøve yrket. En student som utgjør en mulig fare for liv, fysisk og psykisk helse, rettigheter og sikkerhet til de pasienter, brukere, barnehagebarn, elever, eller andre studenten vil komme i kontakt med under praksisstudiene eller under fremtidig yrkesutøvelse, er ikke skikket for yrket.
  • Løpende skikkethetsvurdering av alle studenter skal foregå gjennom hele studiet og skal inngå i en helhetsvurdering av studentens forutsetninger for å kunne fungere i yrket.
  • Hvis det er begrunnet tvil om en student er skikket, skal det foretas en særskilt skikkethetsvurdering.

Kilde: Lovdata

– God løpande vurdering
Tal frå 21 institusjonar nasjonalt viser at det i 2015 kom inn 132 tvilsmeldingar. Det er ein auke på 60 prosent frå 2014. Ingen av desse kom frå UiB.

– Eg har ikkje fått inn ei einaste tvilsmelding så lenge eg har vore ansvarleg, sidan 2012. Men det betyr ikkje at det ikkje har vore saker på fakulteta. Det er ikkje slik at alle dei kjem til meg. Eg trur at dei som jobbar med denne type utdanningar, har dette med vurdering av studentane i ryggmargen, seier professor Berit Rokne.

Oversikt over skikkethetssaker

Skikkethet 2012-15

Nasjonalt:

21 institusjoner rapporterer om saker i 2015, mot 12 institusjoner i 2014.

  • Tvilsmeldinger:
    2015: 132
    2014: 83
    2013: 85
    2012: 75
  • I skikkethetsnemnda
    2015: 5
    2014: 8
    2013: 3
    2012: 6
  • Disse hadde saker i nemnda i 2015
    Diakonhjemmets høgskole,
    Høgskolen i Nord-Trøndelag,
    Høgskulen i Volda,
    Høgskolen i Lillehammer
    Høgskolen i Oslo og Akershus.
  • Utestengelse:
    2015: 2
    2014: 2
    2013: 1
    2012: 4
    Det er den private høgskolen Diakonhjemmets høgskole og Høgskolen i Oslo og Akershus som hadde vedtak om utestengelse og rapportering i 2015.

Kilde: Skikkethetsrapporter sendt inn til Norsk senter for forskningsdata. (NSD)/Database for statistikk om høgre utdanning (DBH)

Disse utdanningene har vurdering av skikkethet:

Ifølge forskrift  om hvilke utdanninger som skal omfattes av skikkethetsvurdering etter lov om universiteter og høyskoler § 4-10, skal skikkethetsvurdering foregå ved følgende utdanninger:

  1. Førskolelærerutdanning
  2. Allmennlærerutdanning
  3. Faglærerutdanning
  4. Yrkesfaglærerutdanning
  5. Praktisk-pedagogisk utdanning
  6. Audiograf (audiolog)
  7. Barnevernspedagog
  8. Bioingeniør
  9. Ergoterapeut
  10. Farmasøyt (inkludert reseptar)
  11. Fysioterapeut
  12. Jordmor
  13. Klinisk ernæringsfysiolog
  14. Lege
  15. Optiker
  16. Ortopediingeniør
  17. Psykolog
  18. Radiograf
  19. Sosionom
  20. Sykepleier
  21. Tannlege
  22. Tannpleier
  23. Tanntekniker
  24. Vernepleier
  25. Grunnskolelærerutdanningene
  26. Barnehagelærerutdanning
  27. Paramedic (ambulansepersonell)
  28. Logoped
  29. Trafikklærer
  30. Spesialpedagogikk
  31. Treårig lærerutdanning for tospråklige lærere
  32. Profesjonsutdanning i teologi
  33. Tolkeutdanningene i tegnspråk

Kilde: Lovdata og Khrono.no

Rokne er institusjonsansvarleg for skikkasaker ved UiB. Ho meiner låge tal betyr at dei løpande skikkavurderingane ute på fakulteta er gode nok.

– Denne vurderinga gjer at ein kan gå inn med tiltak før det blir sendt tvilsmeldingar. Me må tru at det er eit system som fungerer før ein kjem så langt. Men studentane må oppmodast til å ta opp ting som dei reagerer på.

Ei løpande skikkavurdering skjer kontinuerlig på studia og i praksis – og gjeld alle studentane. Ei særskilt skikkavurdering startar med ei tvilsmelding som skal behandlast av institusjonsansvarleg. Den kan halda fram i skikkanemnda og den sentrale klagenemnd på UiB, og eventuelt gå vidare til den nasjonale skikkanemnda og rettsapparatet.

Treng å senka terskelen
Randegaard Mikalsen synets på si side at det er merkeleg at det aldri har vore saker på institusjonsansvarleg sitt bord. 

– Det kan jo henda at hjå UiB har utruleg gode kandidatar. Men det er naivt å tru at UiB ikkje har nokre uskikka kandidatar over eit slikt langt tidsrom, når ein har så mange studentar innom.

Han tru at anonyme tvilsmeldingar kan vera med på å senka terskelen for å melda i frå om ting

– Folk har tatt kontakt med listene i parlamentet, og har fortalt om saker der dei har måtta konfrontera dei som dei har meldt i frå om. Slike opplevingar og hendingar er med på å heva terskelen for å melda i frå.

– Men kan ikkje anonymitet føra til at ugrunna meldingar kjem gjennom, og at rettstryggleiken til den det gjeld blir svekka?

– Tvilsmeldingar som openbart er ugrunna skal ikkje behandlast, og det kjem truleg ikkje til å endra seg sjølv om ein kan melda frå anonymt. Per no kjem det for få tvilsmeldingar, og då må me senka terskelen. Det er naivt å tru at det ikkje er nokon som er uskikka av alle studentane som går på UiB, seier Randegaard Mikalsen.

Kunnskapsdepartementet skjerpa forskrifta om skikkavurdering i sommar - der det var bestemt at fleire utdanningar skulle foreta skikkavurdering av studentane. Spørsmålet om anonymitet vart ikkje tatt med.

– Me har vurdert trongen for å kunna gje anonyme tvilsmeldingar, men fordi forvaltningslova allereie i dag gjev moglegheit til å verna den som varslar dersom institusjonen meiner det er naudsynt, har me ikkje lagt dette inn i den skjerpa forskrifta, seier statssekretær Bjørn Haugstad til På Høyden.

– For vanskeleg med anonymitet
Per no er ikkje anonymitet aktuelt å innføra, seier Rokne.

– Eg synest som prinsipp at det ikkje vera anonyme tvilsmeldingar. Det er alvorleg å komma med den type påstandar eller meldingar. Eg meiner ikkje det er så alvorleg at det ikkje bør gjerast, men eg meiner det ikkje bør skje anonymt. Det er vanskeleg å sjå for seg korleis ein skal gripa fatt i anonyme meldingar, og korleis det skal bli ein ryddig saksgang i det.

Parlamentet meiner informasjonen ut til studentane ikkje er god nok. 

– Mange synest det er skummelt å skulle melda frå om ein dei studerer saman med. Dei er usikker på kva for bevis eller faresignal som skal til for å melda inn, seier Randegaard Mikalsen.

– Eg kan ikkje seia at informasjonen har vore for dårleg. Det ligg mykje informasjon ute på fakulteta om dette. Men dette er nok eit område som ein aldri får nok søkelys på.

UiB held no på å utarbeida retningslinjer for skikkavurdering, som skal behandlast i Universitetsstyret i haust.