Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har omlag 30 000 medlemmar blant studentane i Bergen. SiB sine inntekter kjem mellom anna frå dei tilknytta utdanningsinstitusjonane, samt frå semesteravgifta. Arkivfoto: Sandra Jecmenica
Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) har omlag 30 000 medlemmar blant studentane i Bergen. SiB sine inntekter kjem mellom anna frå dei tilknytta utdanningsinstitusjonane, samt frå semesteravgifta. Arkivfoto: Sandra Jecmenica

NLA og BI vil ikkje betale for at studentane skal få trene hos SiB

Rekninga kan hamne hos studentane.

Til hausten opnar Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) eit nytt treningssenter i Vestre Strømkaien. Senteret kostar om lag ti millionar kroner, og vil vere på 2300  kvadratmeter. Her vil studentar og tilsette finne salar for aerobic, tredemøller, spinning, CrossFit og løpebane.

Trening ved SiB:

  • I dag betalar Universitetet i Bergen (UiB), Høgskulen i Bergen (HiB) og Norges Handelshøyskole (NHH) alle inn eit tilskot til Studentsamskipnaden i Bergen.
  • Dette er pengar som kjem i tillegg til semesteravgifta frå studentane, og som skal gå til å drifte treningstilbodet.
  • UiB stiller også lokale til veie, samt betaler for drift av svømmehallen på Studentsenteret.
  • Studentane betalar også semesteravgift, som går til å dekke utgifter knytt til helse og rettleiing.
  • I dag kostar det 990 kroner per semester å trene hos SiB. Treningstilbodet til studentane har blitt styrka dei siste åra, og prisane er gunstige samanlikna med  kommersielle aktørar.
  • SiB driftar i dag treningssentra Lehmkullhallen, Fantofthallen, Kronstad, Årstad, Studentsenteret og Vektertorget.
  • Studentar i Bergen som betalar semesteravgift og studerer ved ein lærestad som har avtale med SiB, kan alle betale 990 kroner per semester.
  • Studentsamskipnaden i Oslo har eit meir komplekst og differensiert system.

-  Dette er  ei investering som medfører eit stort økonomisk løft for oss, seier Per Kristian Knutsen, administrerande direktør i SiB til På Høyden.

Vi er den einaste samskipnaden som har hatt ein felles pris for alle studentar uavhengig av lærestad sidan 1971

NLA og BI bidrar ikkje til trening
I dag betalar Universitetet i Bergen (UiB), Høgskulen i Bergen (HiB) og Norges Handelshøyskole (NHH) alle inn eit tilskot til Studentsamskipnaden i Bergen.

Dette er pengar som kjem i tillegg til semesteravgifta frå studentane, og som skal gå til å drifte treningstilbodet.

No vurderer styret i SiB å sette opp prisen på trening for studentar frå NLA og BI. Bakgrunnen er at verken NLA eller BI er med på å subsidiere treningstilbodet til SiB.

– I styret har vi diskutert  å innføre ein toprismodell, som eit alternativ til at alle institusjonane bidrar, seier Per Kristian Knutsen.

Dersom ikkje partane kjem til ei semje, kan treningsavgifta bli auka med 300 kroner i semesteret for studentane frå NLA og BI, melder studentavisa  Studvest, som først omtalte saka.

SiB driftar i dag treningssentra Lehmkuhlhallen, Fantofthallen, Kronstad, Årstad, Studentsenteret og Vektertorget.

Bergen aleine om å éin treningspris
– Vi er den einaste samskipnaden som har hatt éin felles pris for alle studentar uavhengig av lærestad sidan 1971. Når vi går til det skritt å investere i eit nytt senter, blir desse forskjellane tydelege. Dette seier Bård Johansen, direktør for SiB Trening, til På Høyden.

Å gjere dette vil vere eit dårleg signal frå SiB, all den tid tilbodet er lokalisert fjernt frå våre studiestader.

Bård Johansen fortel at NHH og HiB betalar eit «solidarisk bidrag» til SiB på 304 kroner per student per år, uavhengig av om dei brukar treningstilbodet eller ikkje. Dersom NLA og BI hadde betalt det same for sine studentar, ville dette auka SiB sine inntekter med over éin million kroner i året.

Ifølge Studvest står UiB i dag for 75 prosent av det institusjonelle bidraget til SiB, men har 50 prosent av studentmassen. BI har ifølge Studvest ti prosent av studentmassen, men betalar inn 0,57 prosent av det totale bidraget.

BI-leiinga: Kostnaden skal belastes brukerne
På Høyden har gjort gjentatte forsøk på å få leiinga ved BI til å svare på sentrale spørsmål knytt til manglande institusjonelt bidrag til  SiB Trening. To av BI sine kommunikasjonsrådgjevarar har bedt om å få spørsmål på epost, og har fått dette. Her spør vi kvifor BI ikkje betalar det same som NHH og HiB. Vi spurte også om korleis BI stiller seg til påstanden om at BI-studentane vert gratispassasjerar på treningssentra.

Tysdag ettermiddag svarte kommunikasjonsrådgjevar Ole P. Syrrist-Leite følgande: «Se kommentar nedenfor fra divisjonsdirektør Jens P. Tøndel ved Handelshøyskolen BI:
– Handelshøyskolen BI er en stiftelse som driftes basert på finansiering fra studenter. Hvis fristasjonsprinsippet skal gjelde, hvilket vi er uenig i, så mener vi at kostnaden for trening ikke skal påføres alle studentene, men belastes de som er brukere av tjenesten.»   

– Urimeleg
Erik Waaler er rektor ved NLA-høyskolen. Han meiner framlegget om å auke treningsavgifta for NLA-studentane som ønskjer å trene på SiB sine anlegg er urimeleg.

Så lenge våre studentar betalar semesteravgift, kan eg ikkje sjå at dei skal vere gratispassasjerar

– Å gjere dette vil vere eit dårleg signal frå SiB, all den tid tilbodet er lokalisert fjernt frå våre studiestader. Treningssentra ligg ved dei store institusjonane, dermed får ikkje våre studentar eit like godt tilbod. Dette meiner eg bør bli reflektert økonomisk.

Erik Waaler viser til at studentane ved NLA Høgskulen alt betalar semesteravgift til SiB. Dette gir SiB eit tilskot på om lag 1,6 millionar kroner i året.

Han meiner at NLA-studentane difor ikkje er gratispassasjerar på treningssentra.

–  Studentsamskipnadane er sett til å drive studentvelferd. Så lenge våre studentar betalar semesteravgift, kan eg ikkje sjå at dei er gratispassasjerar, seier Erik Waaler til På Høyden.

Han legg til at studiestadene som er offentleg finansierte, har ein meir robust økonomi enn NLA.

– Vi har til dømes ikkje tilskot til husleige på dei fleste av våre studiestader. Det er også betydelege forskjellar i finansieringa. Studiestader som får eit høgare tilskot frå det offentlege, har betre høve til å bidra. Her ligg det ein betydeleg forskjell, seier Erik Waaler.

Prisauke må diskuterast av SiB-styret
Ifølge SiB-direktør Per Kristian Knutsen kan SiB-styret fatte eit vedtak om å innføre ein prismodell som seier at studentar frå institusjonar som ikkje gir eit slikt tilskot, må betale ei høgare treningsavgift.

– Dette er ein mogelegheit som har vore med i kontrakten mellom mange institusjonane og SiB heilt frå kontrakten blei inngått, seier Per Kristian Knutsen.