Sandra Amalie Lid Krumsvik (25) ønskjer å leia studentparlamentet ved UiB komande studieår.
Sandra Amalie Lid Krumsvik (25) ønskjer å leia studentparlamentet ved UiB komande studieår.

Sandra ønskjer å leia studentane

Ho kom inn i Studentparlamentet sitt arbeidsutval som fersk studentpolitikar. No ønskjer Sandra Krumsvik å leia studentane ved UiB.

Publisert

— Eit år kan verka valdsamt og lenge, men i studentpolitisk samanheng er det lite, seier Sandra Amalie Lid Krumsvik.

25-åringen frå Ålesund kom inn i Studentparlamentet ved UiB i fjor, som listetopp for Sosialdemokratane. Derifrå gjekk vegen til arbeidsutvalet – og vips, så var ho studentpolitikar på heiltid.

No har studentparlamentet hatt val, og skal ha konstituerande møte 25. mai. Krumsvik stod ikkje på noka liste i år, men har bestemt seg for å stilla til val som leiar.

— Eg har site i valstyret, så det var ikkje naturleg for meg å stilla på ei liste. Eg har bestemt at eg ikkje stiller sekundært, så no er det leiarverv eller ingenting, smiler Krumsvik.

Leiar for alle

Krumsvik er oppteken av at leiaren for studentparlamentet skal vera ein leiar for alle studentar. Arbeidsutvalet er studentparlamentet sitt utøvande organ, med fire medlemmer; Leiar, nestleiar og to til. Kva område ein får ansvar for, er dels opp til ein sjølv. I år har arbeisutvalet hatt ein velferds- og læringsmiljøansvarleg og ein berekrafts- og liketillingsansvarleg. Krumsvik har, i tillegg til å vera nestleiar, hatt ansvar for fakulteta og for kommunikasjon.

— Eg føler sjølv at eg kom inn som eit friskt pust, og eg klarar å ha fleire ballar i lufta samstundes. Det er viktig med eit nasjonalt samarbeid, som til dømes i saka om krisepakke til studentane no under koronautbrotet, men samstundes må ein ha eit godt lokalt fokus, seier Krumsvik.

Det neste året er det ein ho kjenner godt som skal leia Norsk studentorganisasjon (NSO): Andreas Trohjell, som leiar studentparlamentet fram til 1. juli, vert ny NSO-leiar for neste studieår.

Treng mange til råd og utval

Heile valkampen før valet både til studentparlamentet og av studentrepresentantar til universitetsstyret, var digital. Det same var sjølve valvaken. Når studentparlamentet no snart skal treffast for første gong, skjer det òg digitalt.

— Surrealistisk å ikkje vera saman i konstituerande møte, kommenterer Krumsvik.

Det er mange råd og utval der det skal sitja representantar for studentane. Nokre år har det vore krevjande å finna nokon til alle desse verva.

— Me er heilt avhengige av å få inn forslag på førehand. Det er ein stor jobb å rekruttera inn folk, seier nestleiaren.

Ho seier at det er i dei mindre utvala mykje av makta ligg, og der politikken vert utført.

— Samstundes kan det vera tøft å sitja i eit utval der det er tjue prosent studentrepresentasjon.

Difor legg studentparlamentet opp til ein del interne kurs.

Håpar å halda tale

UiB ønskjer å få til ei fadderveke i august, sjølv om det førebels er uvisst kor mange menneske ein vil ha lov til å samla når ein ser nokre månader fram i tid. Men semesterstart med mange, mange menneske samla på Muséplassen, med musikk og festivitas, vert neppe heilt slik han plar.

— Dersom eg vert valt til leiar håpar eg at eg får tala til dei nye studentane, slik leiaren av studentparlamentet plar. Eg held ein knapp på det inntil vidare, seier Sandra Krumsvik.