Eirik Reikerås var ein av inititativtakarane til å få laga ein statue av katten Araya, som hadde tilnamnet SiB-katten. Foto: Njord V. Svendsen
Eirik Reikerås var ein av inititativtakarane til å få laga ein statue av katten Araya, som hadde tilnamnet SiB-katten. Foto: Njord V. Svendsen

Sette høgt elska pus på sokkel

Publisert

– Fred over minnet, sa kommunikasjonssjefen, og dermed vart statuen av den avdøde katten avduka.

«Den høyt elskede pusen gikk bort mandag kveld», meldte Studvest 4. august. SiB-katten, eller Araya, hadde då levd glade dagar på og ved Studentsenteret, med god tilgang på næring og kjærleik frå studentane som la sin elsk på pusen.

Musikk, studentar og barnehagebarn kasta glans over avdukinga. Foto: Njord V. Svendsen
Musikk, studentar og barnehagebarn kasta glans over avdukinga. Foto: Njord V. Svendsen

Så glade i katten vart studentane, at kort tid etter dødsfallet starta ein innsamlingsaksjon som no har kulminert i bronsestatuen i 1:1 på plassen framfor Studentsenteret i Bergen.

Dei to initiativtakarane, Eirik Lie Reikerås og Tord Lauvland Bjørnevik, fekk sjølv æra av å løfte det oransje fleece-pleddet og avduke minnemonumentet til tonar frå Musikkselskabet Larmonien. Men også prominensar frå universitetslivet kasta glans over hendinga.

Kommunikasjonssjef i Sammen, Marita Monsen, fortalte i sin tale at dei i Sammen mottok dødsbodskapen med sorg. Araya, den langhåra sibirkatten, frekventerte både den eine og den andre SiB-installasjonen, frå kantine til treningssenter – derfor tilnamnet SiB-katten.

Om katten hadde fått endra namnet sitt til Sammen-katten, får vi aldri svar på. SiB – Studentsamskipnaden i Bergen var midt i ei namneendring då dødsbodskapen kom.

– Vi lyser fred over minnet, sa kommunikasjonssjefen.

Viserektor ved Universitetet i Bergen, Oddrun Samdal, meinte pusen hadde ein viktig funksjon, som terapeut for stressa studentar.

– Han var ein rikdom for studentmiljøet, meinte viserektoren.

Medan SiB-katten, no i sitt tiande liv, taust følgde med.