Lise Carlsen (til venstre), her frå eit fysisk styremøte, reagerer på at fleire fakultet framleis gir studentane tilbakemelding på eksamen altfor seint.
Lise Carlsen (til venstre), her frå eit fysisk styremøte, reagerer på at fleire fakultet framleis gir studentane tilbakemelding på eksamen altfor seint.

Reagerer sterkt på sensur-tal

Studentrepresentant Lise Carlsen meiner saka om forseinkingar i sensuren på om på nytt i universitetsstyret.

Publisert Sist oppdatert

— Urovekkande og trist, sa Lise Carlsen då universitetsstyret torsdag diskuterte sak om forseinka sensur.

Som På Høyden har skrive, sa styret nei i fjor nei til å innføra bot for forseinka sensur. Men tala som no vart lagt fram for styret i ei orienteringssak, viser at det framleis er fleire fakultet som har store forseinkingar.

Reagerer sterkt

— Gard (Skulstad Johanson, journ.anm) og eg var ganske greie å ha med å gjera då me fekk tal i fjor haust. Men studentar reagerer sterkt på negative tal, og eg meiner at dersom forseinkingar vert ein trend, må saka opp igjen i styret, sa Carlsen.

Gard Skulstad Johanson, som er den andre studentrepresentanten, peika på at nokre av eksamenane som har forseinka sensur, har svært forseinka sensur. Fristen i universitets- og høgskulelova er tre veker.

Leiaroppgåve

Då styret sa nei til å innføra bot for forseinka sensur, slik fleire andre utdanningsinstitusjonar har gjort, var argumentet at å sjå til at sensurfristane vert haldne er ei leiaroppgåve. Rektor Dag Rune Olsen la framleis vekt på dette.

— Men me er ikkje i mål, og dette må følgjast opp tett, sa Olsen.