<span class="caps">KLATRAR</span>: Universitetet i Oslo klatrar opp til 72.-plassen i verda på verdsrangeringa til Webometrics. Arkivfoto: Martin Toft
KLATRAR: Universitetet i Oslo klatrar opp til 72.-plassen i verda på verdsrangeringa til Webometrics. Arkivfoto: Martin Toft

UiO meir synleg enn UiB på internett

Publisert
Rankinglista frå byrået Webometrics er klar:

UiO gjer det best, og tek tiandeplassen i Europa. UiB havnar på 47. plass, men kan likevel rekne seg som meir synleg enn NTNU.

Helsingfors universitet er framleis det mest synlege universitetet i Norden på Internett. Dette skriv Uniforum.

Universitetet i Oslo kjem på andreplass, medan Københavns Universitet tar tredjeplassen, melder det spanske rankingbyrået Webometrics.

Universitetet i Oslo hamnar på 72. plass i verda på Webometrics’ siste ranking over dei universiteta som er mest synlege på nett og som har flest forskingsartiklar digitalt tilgjengelege. Dermed klatrar UiO opp 12 plassar samanlikna med rankinglista som blei publisert i fjor sommar.

Når det gjeld graden av openheit, skårar UiO endå høgare, og tar 34.-plassen i verda. På denne rangeringa er også UiO godt inne i den europeiske meisterligaen med ein tiandeplass.

– Hyggeleg!
UiO-rektor Ole Petter Ottersen er godt nøgd med at det går framover med universitetet han leier på denne målinga.

– Det er alltid hyggeleg å gjera det godt på rangeringar! Men det må alltid takast atterhald med omsyn til metodeavgrensingar. Slike atterhald tar eg uansett, både når me stig og fell på rangeringar, understrekar han.

– Eit resultat av det daglege arbeidet
Ole Petter Ottersen rosar arbeidet som alle medarbeidarane på universitetet yter kvar dag.

– Å stiga på rangeringar skal aldri vera eit mål i seg sjølv, men eit resultat av det daglege
arbeidet alle medarbeidarane våre investerer i å gjera UiO endå betre. No har me altså stige på Webometrics.

– Me har enno ikkje nådd å analysera talmaterialet. Men me veit at UiO har gode og mange nettsider og stor synlegheit på nettet, og at det heile tida blir arbeidt for å bli endå betre på disse områda. Dei som står bak nettsidene våre, gjer ein utmerka jobb - og det veit me, uavhengig av Webometrics, slår Ole Petter Ottersen fast overfor Uniforum.

Helsingfors gjer det best
I Norden er det nok ein gong Helsingfors universitet som gjer det best både i verda og i Europa med høvesvis ein 61. plass og ein åttandeplass. Københavns Universitet kjem på 79. plass i verda, medan det beste svenske, Lunds universitet, plasserer seg som nummer 118.

Karolinska Institutet i Stockholm, som i hovudsak driv med medisinsk forsking, er ikkje med på denne rangeringa. På andre universitetslister, som til dømes i Times Higher Education og i Shanghai-rankinga, brukar den institusjonen å liggja i toppen både i Europa og i Norden.

UiB slår NTNU
I Noreg hamnar Universitetet i Bergen på 140. plass i verda, medan NTNU må ta til takke med å vera nummer 170. UiB er på 47. plass i Europa. Me finn UiT-Noregs arktiske universitet som nummer 422, og Universitetet i Agder endå lenger nede, som nummer 901.  

Harvard verdas beste
Ifylgje Webometrics er det Harvard-universitetet som er det aller mest synlege i verda på Internett. Det blir fylgt av Stanford og Massachusetts Institute of Technology (MiT).

I Europa er universiteta i Oxford og Cambridge på topp. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda, er tyskspråklege Swiss Federal Institute of Technology i Zürich i Sveits. Det får ein tredjeplass i Europa og ein 19. plass i verda.

Måler synlegheit på nettet
Webometrics måler i kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, og det blir av forskargruppa bak målinga rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet. Rankingbyrået er tett knytt til det spanske forskingsrådet.

Verdas mest synlege universitet på Internett

Europas mest synlege universitet på Internett

Fakta om Webometrics:
Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab.
Gruppa er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet, blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
Vekting av indikatorar:
Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

(Oppdatert kl. 16.36)