Framgang for UiB

Universitetet i Bergen går fram 20 plassar. Skandinavisk utdanningspolitikk får ros. Men også i år vert UiB heldt utanfor når dei 200 beste universiteta i verda skal rangerast.

I dag publiserte Times Higher Education den prestisjetunge lista over dei høgast rangerte universiteta i verda. Den plasserer UiB på plass 208. Det er ein framgang frå i fjor, då UiB havna på plass nummer 228.

På den ferske rangeringa til THE er UiB plassert ein stad mellom 201-225. Etter det På Høyden kjenner til, er årets uoffisielle plassering 208.

Framleis er det ikke bra nok til å entre topp 200-lista. Dermed er det to år sidan UiB hadde si toppnotering, då universitetet kom inn på ein 135.plass.

Urovekkande fall i Europa
Det finst likevel grunn til å sjå lyst på listeplassen dersom ein hever blikket: UiB held likevel til i delen av Europa som går fram eller held best på listeplasseringane sine samanlikna med fjoråret.

– Det er urovekkande teikn på tilbakegang over heile Europa, mens dei Skandinaviske institusjonane skil seg frå den negative trenden, seier Phil Baty, redaktør i Times Higher Education i ei pressemelding.

Han ser med uro på det som no skjer blant Europeiske universitet. Tyskland, Frankrike, Sveits, Nederland, Russland, Belgia, Irland og Østerrike får alle ei lavare notering enn i fjor. Unntaket er Skandinavia.

UiO inne i varmen
Universitetet i Oslo er som einaste norske institusjon inne på topp 200-lista, og er å finne på plass 185, mellom University of Miami og University of Ottawa.

– Sverige har fem institusjonar på topp 200-lista. Danmark har tre, Finland og Norge har éin kvar.

Den sterke viljen i Skandinavia til å løyve offentlege midlar til universiteta har styrka landa godt i den globale konkurransen, seier Baty.

Det er i første rekke siteringar av publikasjonar, samt kvaliteten og utbreiinga av forskinga som gjev ein god listeplass. Meir om metodikken til THE her.

CalTech og Ivy League dominerer i topp
For tredje år på rad toppar The California Institute of Technology lista. Harvard universitet tek eit lite hopp frå fjerde plass til andre plass, og deler denne plassen med Oxford. Stanford kjem på fjerde plass. The Massachusetts Institute of Technology kjem på femte plass, Princeton på sjetteplass, Cambridge på sjuandeplass. Berkley, Universitetet i California, tek åttandeplassen. Universitetet i Chicago kjem på niandeplass, og Imperial College i London landar på tiandeplass.

I alt er det 26 land som kan skilte med å vere med blant dei 200 høgast rangerte. Dette er to fleire enn i fjor, ettersom Norge, Spania og Tyrkia er tilbake. Brasil gjekk ut av den ettertrakta topplista. Storbritannia er sterkast representert i Europa, med 31 universitet inne blant dei 200 beste.

Asia har kome for å bli
Ei rekke asiatiske institusjonar følgjer vesten hakk i hæl. University of Tokyo ligg på plass 23. National University of Singapore på plass 26. Hong Kong, Sør-Korea og Kina finn ein på plassane 43,44 og 45, samt på plassane 50, 56 og 57.

Og det ser ut som dei har kome inn på lista for å bli, meiner Baty.  

– Maktskiftet frå vest til aust er ikkje så dramatisk dette året. Både USA og Storbritannia har begge klart å stoppe dei dramatiske falla på nasjonalt nivå. Men trenden held fram: Størsteparten av dei leiande europeiske institusjonane har mista taket, mens dei leiande austasiatiske statane har reist seg.