Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden over dei universiteta som er mest synlege på nettet. Det viser julirangeringa frå Webometrics over dei universiteta i verda som har mest mogleg av den samla vitskaplege produksjonen tilgjengeleg på nettet.
Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden over dei universiteta som er mest synlege på nettet. Det viser julirangeringa frå Webometrics over dei universiteta i verda som har mest mogleg av den samla vitskaplege produksjonen tilgjengeleg på nettet.

UiO mellom Nordens mest synlege universitet på nett

Publisert

Universitetet i Oslo er på tredjeplass i Norden over dei universiteta som er mest synlege på nettet. Det viser julirangeringa frå Webometrics over dei universiteta i verda som har mest mogleg av den samla vitskaplege produksjonen tilgjengeleg på nettet.

Det er Københavns Universitet og Universitetet i Helsinki som gjer det best av dei nordiske universiteta på den siste rangeringa frå Webometrics, som er eit byrå tett knytt til Spanias forskingsråd. På tredjeplass kjem Universitetet i Oslo, før dei svenske universiteta Uppsala universitet og Lunds universitet kjem på fjerde- og femteplass i Norden. I rangeringa som blei publisert i januar, var det UiO som tok førsteplassen i Norden. No må det altså sjå seg slutt av universiteta i København og i Helsinki, skriv Uniforum.

Dette er Webometrics:

  • Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
  • I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
  • Vekting av indikatorar:

    Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.

    Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

    Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.

    Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.

    (Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

Harvard best i verda

Heilt øvst på lista over verdas aller mest synlege universitet på nett ligg Harvard University, Stanford University, Massachusetts Institute of Technology (MiT) og Berkeley-universitetet i USA. På topp i Europa ligg University of Oxford, som tar sjuandeplassen på verdsrankinga. University of Cambridge tar andreplassen i Europa, medan University College London kjem på tredjeplass. Det beste universitetet utanfor den engelskspråklege verda er ETH/Swiss Federal Institute of Technology Zürich i Sveits. Det er på ein 34.-plass på verdsstatistikken og nummer fire i Europa.

På topp 20 i Europa

Førsteplassen i Norden gir Københavns Universitet ein 13.-plass i Europa, medan Universitetet i Helsinki og Universitetet i Oslo kjem på 15.- og 18.-plass. På verdsrangeringa plasserer UiO seg som nummer 96. I januarmålinga kom UiO på ein tolvteplass i Europa og på ein 83.-plass i verda.

Les meir: Universitetet i Oslo mest synleg på nett i Norden

Karolinska blir slått på heimebane

På denne rangeringa kjem Karolinska Institutet i Stockholm på 43.-plass i Europa, 20 og 19 plassar bak Uppsala universitet og Lunds universitet.

Av dei norske universiteta finn me NTNU på 67.-plass i Europa, medan Universitetet i Bergen ligg som nummer 73. Universitet i Tromsø/Noregs arktiske universitet hamnar som nummer 204 i Europa.

Dei mest synlege universiteta på nett i verda

Dei mest synlege universiteta på nett i Europa