Universitetsrankinga til Webometrics måler i hovudsak kor synleg eit universitet er på nettet. Her kjem UiB på 47. plass i Europa. Foto: Paul Sigve Amundsen
Universitetsrankinga til Webometrics måler i hovudsak kor synleg eit universitet er på nettet. Her kjem UiB på 47. plass i Europa. Foto: Paul Sigve Amundsen

NTNU er mest synleg på nett i Noreg

Publisert

NTNU i Trondheim er på 136. plass mellom dei universiteta i verda som er mest synlege på nett. UiB fylgjer på 154. plass, medan UiO plasserer seg som nummer 167.

Dei nye tala frå Webometrics er klare. Dei viser at i Norden kjem NTNU på tredjeplass etter Københavns Universitet og Lunds universitet. Trondheimsuniversitetet klatrar opp seks plassar på verdsstatistikken samanlikna med den førre målinga frå det spanske rankingbyrået Webometrics.  Det gir NTNU ein 38. plass i Europa, medan UiB og UiO kjem på høvesvis 47. plass og 53.plass. Universitetet i Tromsø er nummer 183 i Europa.

Dette er Webometrics:

  • Webometrics blei starta opp i 2004 etter eit initiativ frå den spanske forskargruppa Cybermetrics Lab, som er knytt til Spanias forskingsråd og informasjonssenter om forsking og utdanning (CSIC).
  • I kor stor grad ein lærestad er synleg på nettet blir av gruppa rekna for å vera ein indikator på forskings-, formidlings- og undervisningskvalitet.
  • Vekting av indikatorar:

    Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.

    Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.

    Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.

    Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.

    (Kjelder: Universitetsavisa, Uniforum og Webometrics)

UiO ramlar ned 64 plassar samanlikna med målinga til Webometrics frå juli i fjor.  Det er interessant å merka seg at Karolinska Institutet i Sverige får ei dårlegare plassering enn NTNU, og berre ligg 13 plassar over UiO. Helsingfors universitet som mange gonger har tatt førsteplassen i Norden på denne målinga, må denne gongen ta til takke med å bli nummer 60 i Europa. I Norden kjem universitetet på tiandeplass, rett bak UiO på niandeplass.

Den siste rangeringa blei publisert før helga, og den er den første av dei to årlege rangeringane frå den spanske forskingsgruppa. Webometrics er nært knytt til Spanias forskingsråd, og måler i hovudsak i kor stor grad universiteta er til stades på nettet, både med offisiell informasjon og med forskingsartiklar.

Vekting av indikatorar i Webometrics:

Storleik: Kor mange sider ein nettstad har: 20 prosent.
Synlegheit: Kor mange eksterne lenkjer som peikar til ressursar på universitetet sin nettstad: 50 prosent.
Innhald: Webometrics tel spesielt filformat som .pdf, .doc og andre utvalde format som ein reknar med har spesiell relevans for akademiske aktivitetar: 15 prosent.
Scholar: Webometrics brukar Google Scholar til å henta opp talet på artiklar og siteringar indekserte av den akademiske søkjemotoren: 15 prosent.
(Kjelde: Universitetsavisa)

Harvard og MiT best
Det er dei to amerikanske toppuniversiteta Harvard og Massachusetts Institute of Technology (MiT) som tar dei to øvste pallane på verdsrangeringa, tett fylgde av Stanford University på tredjeplass. Europas beste universitet, University of Cambridge kjem på 10. plass i verda med rivalen University of Oxford på 11. plass. Først på 29. plass kjem det første universitetet utanfor den engelskspråklege verda. Det er Sao Paulo-universitetet i Brasil.