For første gong går talet på publikasjonspoeng ned for UiB.
For første gong går talet på publikasjonspoeng ned for UiB.

Nedgang for første gong

Publisert

UiB-forskarane publiserte mindre i 2014 enn året før. Nedgangen skuldast nesten Det humanistiske fakultetet åleine.

1958 publikasjonspoeng. Det var det dei tilsette ved UiB produserte i fjor. Talet er ein nedgang på 4,4 prosent samanlikna med året før. Både NTNU og Universitetet i Agder hadde òg ein nedgang, medan UiO har ein svak oppgang. I den andre enden finn ein Universitetet i Nordland, med ein auke på 24,4 prosent. Samla publisering i sektoren aukar med 6,6 prosent.

Susanne Mikki har skrive den ferske rapporten. Foto: Hilde Kristin Strand
Susanne Mikki har skrive den ferske rapporten. Foto: Hilde Kristin Strand

– Talet på publikasjonspoeng har stige alle dei andre åra me har statistikk frå, det vil seia attende til 2005, seier Susanne Mikki.

HF tilbake med fire
Mikki er førstebibliotekar ved Universitetsbiblioteket (UB) og har skrive rapporten «Publiseringsstatistikk 2005-2014». Tidlegare har vore medforfattar av tidlegare utgåver av rapporten og laga siterings- og samforfattaranalyser.

Publiseringssystemet i Norge

  • Vitenskapelig publisering i internasjonal akademia måles i publikasjoner, i form av tidsskriftsartikler, antologier (bokkapitell) og monografier (bøker med én forfatter). 
  • Belønning for forskning ble innført som del av Kvalitetsreformen for vel ti år siden. 
  • En vitenskapelig artikkel i et poenggivende tidsskrift gir opp til tre publiseringspoeng, en bok opp til åtte. 
  • Det norske systemet opererer med to vitenskapelige nivåer, som gir ulik uttelling: Nivå 2 er de rundt 20 prosent mest ledende publiseringskanalene, mens resten er på nivå 1. 
  • Ved flere medforfattere, deles publiseringspoengene på antall forfattere. En artikkel med tre forfattere på nivå 2 gir altså ett poeng til hver av forfatterne, og deres respektive institusjoner. 
  • Etter at belønningssystemet ble innført, har den registrerte publiseringen gjennom databasen Cristin økt dramatisk, men viser nå tegn til å flate ut. 
Kategori Vekting
Monografi nivå 1 5
Monografi nivå 2

8

Antologiartikkel nivå 1 0,7
Antologiartikkel

1

Tidsskriftartikkel nivå 1 1
Tidsskriftartikkel nivå 2 3

 

– Bibliometri, altså analyse av vitskapeleg publisering, er eit nytt arbeidsfelt. Her er UB langt framme, seier Mikki.

Dei fleste fakulteta og einingane ved UiB har ein liten publiseringsframgang samanlikna med 2013. Det er tre unntak: Det psykologiske fakultetet går tilbake med 1,1 prosentpoeng, Universitetsmuseet med 0,6 og Det humanistiske fakultetet med fire. Det betyr at HF er attende på 2012-nivå, etter å ha hatt ein god oppgang frå 2012 til 2013.

– Dette er ein mellombels nedgang. Dersom nedgangen held fram, er det grunn til å vera uroa. Men det er det ingen grunn til å tru, seier HF-dekan Margareth Hagen.

Ho seier at rapporten er interessant.

– Eg ser mellom anna at me ikkje er gode på sampublisering, seier dekanen.

Meir på det høgaste nivået
Samstundes som talet på publikasjonspoeng totalt sett går litt ned, aukar talet på nivå 2-publikasjonar. 25 prosent av artiklane vert no publiserte i tidsskrift på det høgste nivået. Auken er størst hos Det juridiske fakultetet. Forskarane der fekk 22 prosent av artiklane på trykk i tidsskrift på dette nivået – i 2013 var talet berre seks.

– Kunnskap har størst verdi når han vert delt raust, seier rektor Dag Rune Olsen.

Han seier at universitetsleiinga ønskjer eit høgt nivå på publikasjonane.

– Rapporten viser ein positiv kvalitetsauke. Eg er ikkje akutt uroa over at det samla talet på publikasjonspoeng går litt ned.

Kven får forska mest?
I rapporten har Mikki, i tillegg til å analysera tal for kvart enkelt fakultet, òg sett på mellom anna publisering i ulike aldersgrupper og kvinner si publisering. Den viser at kvinner publiserer mindre enn menn. Kvinnedelen i undervisnings- og forskingsstillingar er 34,3 prosent, men kvinnene står berre for 33,6 prosent av publikasjonspoenga.

– Ein veit at professorar produserer meir enn førsteamanuensar, og det er færre kvinnelege professorar. Så veit ein at kvinner òg i større grad enn menn sit i ulike komitear. I tillegg kan det handla om kor stor del av fritida ein brukar til forsking. Det spørst kor langt likestillinga har kome her, seier rektor Dag Rune Olsen.

– Handlar det, som underteikna plar seia, om kven som hentar i barnehagen og går heim og steikjer fiskekaker?

– Ja, eg er ikkje sikker på om det er menn som gjer det i størst grad.

Ikkje pengar til einskilforskarar
Då Sigmund Grønmo var UiB-rektor, var han tydeleg på at eitt publikasjonspoeng i året frå alle vitskapeleg tilsette ikkje var eit strengt krav. Tilsette som produserte minst eitt poeng i året i tre år, fekk såkalla Fagerberg-midlar. Dette var pengar som gjekk til den einskilde forskar. I nyttårshelsinga ved inngangen til 2012 skreiv det dåverande rektoratet at «med forskningstid tilsvarende halvparten av arbeidstiden bør det være en ambisjon for alle å publisere eksempelvis minst en artikkel hvert år eller en bok hvert tredje år. Vi håper at både fellesløftet og de ekstra driftsmidlene kan styrke muligheten for å realisere denne ambisjonen».

Tala i den ferske rapporten viser at ti prosent av dei mest produktive forskarane står for halvparten av publikasjonspoenga i 2014. Femti prosent av forskarane som publiserer genererer 80 prosent av publikasjonspoenga. Med andre ord er det mange vitskapeleg tilsette som ikkje publiserer. I 2014 henta kvar tilsette i førstestilling, då er stipendiatar og universitetslektorar ikkje rekna med, heim 1,6 publikasjonspoeng i snitt. Til samanlikning produserte UiO- og NTNU-forskarar i gjennomsnitt to poeng kvar.

– Det kan vera gode og plausible forklaringar på at nokon ikkje publiserer på nokre år, seier Olsen.

Det noverande rektoratet har avvikla ordninga med pengar til einskildforskarar. No får fakultetet midlar.

– Ein kan diskutera kor langt ned i organisasjonen ein skal gå. For ein enkeltforskar kan publiseringa variera mykje frå år til år, seier Olsen.

– Kor lang tid kan det gå utan at ein publiserer noko, før det vert eit problem?

– Det er heilt umogleg å gi noko svar på det, seier Olsen.

Færre poeng = færre kroner
Men når UiB-forskarane publiserer mindre, får universitetet òg færre kroner frå staten. Nedgangen så langt gjer ikkje Olsen særleg uroa.

– Me må òg sjå korleis den nye finansieringsmodellen slår ut i forhold til publisering, seier han.

Òg for HF betyr færre poeng færre pengar.

– Det er mange andre ting som struper økonomien vår, seier Hagen.

På Høyden har tidlegare skrive at fakultetet ser ut til å gå minst ti millionar kroner i minus i år.

– Dette er ein mellombels nedgang. Eg har langt andre ting å uroa meg for enn publikasjonspoeng, seier Hagen.