Professor emeritus Sverre Bagge publiserte mellom anna ein monografi på nivå 2 i fjor. Den åleine ga åtte publiseringspoeng.
Professor emeritus Sverre Bagge publiserte mellom anna ein monografi på nivå 2 i fjor. Den åleine ga åtte publiseringspoeng.

Emeritus øvst på lista

Publisert

Sverre Bagge er eigentlig pensjonist. Men i fjor publiserte han mellom anna ein monografi på nivå 2. Totalt fekk han 14 publikasjonspoeng – mest ved UiB.

– Det er jo litt morosamt, sjølv om publikasjonspoeng ikkje er noko eg tenkjer på i det daglege. Men eg skriv mykje, og av og til klaffar det, seier Sverre Bagge.

Professor Jill Walker Rettberg er øvst av dei med ordinær stilling. Ho fekk 12,4 publikasjonspoeng i 2014. Foto: Hilde Kristin Strand
Professor Jill Walker Rettberg er øvst av dei med ordinær stilling. Ho fekk 12,4 publikasjonspoeng i 2014. Foto: Hilde Kristin Strand

Han er professor emeritus i historie, og står heilt øvst på lista over dei hundre UiB-forskarane som fekk flest publikasjonspoeng i 2014. Lista er laga av førstebibliotekar Susanne Mikki.

Jobbar mykje
I 2014 ga Bagge ut ei bok på Princeton University Press. Forlaget er anerkjent, og står på nivå 2-lista. Det betyr at monografien ga Bagge åtte poeng.

– I tillegg skreiv eg nokre tidsskriftartiklar, som kom ut på nivå 2, seier han.

– Du er jo eigentleg pensjonist. Jobbar du fulltid likevel?

– Eg gjer nok nesten det, men eg innrettar meg slik det passar meg. Vil eg ikkje gjera noko ein dag, så gjer eg heller ingenting, men når ideane kjem, jobbar eg mykje. No held eg på med ei ny bok, seier emeritusen.

Bagge seier at emeritus-tilveret er ei ideell tid for å skriva.

– Dersom ein framleis er interessert og har helse til det, kan ein få skrive mykje. Det er nokre som faktisk går av med pensjon tidleg for å få meir tid til å skriva, seier Bagge.

Han legg til:

– Me i akademia har ein fordel. Andre i ansvarsfulle stillingar må gi seg når dei går for aldersgrensa. Det må vera vanskeleg. Me kan halda fram, i alle fall me i humaniora. Me treng ikkje så mykje infrastruktur, eigentleg berre papir, blyant, nokre bøker og ei datamaskin.

Forskingsfri ga poeng
Nummer to på lista er Jill Walker Rettberg, professor i digital kultur ved Det humanistiske fakultetet. Ho er i den andre enden samanlikna med Bagge: Midt i 40-åra og med to små barn.

– Eg hadde forskingsfri første halvdel av 2014, smiler Rettberg.

– Tenkinga hadde eg i stor grad gjort på førehand, men då kunne eg konsentrera meg om å skriva.

Og i 2013 kom Rettberg på lista over dei hundre mestpubliserande.

– Klart det er gøy! Samstundes er publiseringssystemet litt som eit spel. Eg prøver jo å publisera på nivå 2-forlag først, fordi det gir flest poeng.

Men professoren er tydeleg på at publiseringa varierer hos henne òg. Så langt i år har ho ikkje publisert noko.

– Eg kjem jo ikkje til å publisera ei bok kvart år. Ser ein på åra like etter dei to siste fødslane mine, ser ein at eg publiserte langt mindre. Eg trur eg hadde null poeng det eine året.

Treng minimumstid
Sjølv om Rettberg sjølv har publisert mykje dei to siste åra, trur ho det er noko i det rektor seier om omsorgsbyrde.

– Men eg trur ikkje det berre gjeld mødre, eller berre småbarnsforeldre. Det er mange som har omsorgsoppgåver. Som småbarnsmor handlar det om at det er travelt på alle felt i livet. Eg prøver å setja meg ned etter at barna er i seng, men når ein har førebudd neste dag og rydda litt i huset er det ikkje så mykje att av dagen.

I gjennomsnitt publiserer ein vitskapeleg UiB-tilsett 1,6 poeng i året. Men mange publiserer ingenting på fleire år. Rettberg meiner at når ein er universitetstilsett, er ein god nok til å kunne publisera.

– Eg ser at for min eigen del handlar det om å ha nok tid og motivasjon til å få jobba med dei spanande tinga. Eg må ha ei minimumstid til forsking for at dei gode ideane skal koma.

Dei hundre som publiserer mest:

Navn Antall publikasjoner Publikasjonspoeng
Sverre Håkon Bagge 5 14,0
Jill Walker Rettberg 6 12,4
Petr Golovach 22 12,2
Erik Tonning 5 12,0
Bruce Kapferer 3 10,0
Jens Elmelund Kjeldsen 7 9,6
Frode Ulvund 7 9,5
Michael Robert Tatham 8 9,5
Ilker Fer 13 8,4
Anne Ingvild S Gilhus 6 8,2
Eivind Heldaas Seland 4 8,0
Donna McCormack 1 8,0
Fedor Fomin 12 8,0
Karen Christensen 8 7,8
Runar Jordåen 4 7,1
Tina Søreide 5 6,9
Martin Eide 6 6,8
Michael Stausberg 3 6,7
Ståle Pallesen 30 6,6
Randi Rolvsjord 4 6,5
Kjersti Fløttum 9 6,3
Serena Danesi 3 6,2
Torgeir Uberg Nærland 2 6,0
Jan-Ove Færstad 2 6,0
Erik Østby 6 6,0
Ingvill Helland 6 6,0
Olav Tore Grønlie 9 6,0
Ritske Huismans 7 5,9
Tor Helleseth 11 5,8
Cecilie Schou Andreassen 14 5,8
Leidulf Melve 2 5,7
Sven-Erik Grieg-Smith 2 5,7
Jan Martin Nordbotten 9 5,6
Ingunn Elise Myklebust 4 5,5
Joachim Reuder 8 5,4
Per Lægreid 11 5,3
Pinar Heggernes 15 5,3
Odd Einar Haugen 5 5,3
Marit Ulvik 5 5,2
Jørn Øyrehagen Sunde 6 5,1
Edvard Hviding 6 5,1
Claude Eric Owono Zambo 1 5,0
Johan Giertsen 1 5,0
Bente Knold Kiilerich 5 5,0
Bjarne Kvam 1 5,0
Bjørn Enge Bertelsen 3 5,0
Maja Janmyr 3 5,0
Pär Ola Sandin 3 5,0
Hallvard Moe 8 4,9
Yngve Villanger 8 4,8
Kevin McCafferty 5 4,8
Eva Gjengedal 9 4,8
Bart Maarten Paul Jansen 4 4,8
Helwig Hauser 12 4,8
Annika Elisabet Suominen 6 4,8
Håvard Haarstad 3 4,5
Morten Førre 5 4,5
Torbjørn Torsheim 11 4,5
Ståle Knudsen 4 4,5
Dag Bjarne Tjøstheim 8 4,4
Ole Frithjof Norheim 14 4,4
Helle Sjøvaag 3 4,4
Kristian A. Rusten 3 4,3
Stefan Bruckner 10 4,3
Aleksander Simonsen 4 4,3
Xue-Cheng Tai 6 4,2
Steinar Bøyum 3 4,2
Annelin Eriksen 3 4,0
Ruy Jesus Llera Blanes 1 4,0
Herner Sæverot 2 4,0
Jan Fredrik Hovden 3 4,0
Gyda Marås Sindre 2 4,0
Kjetil Børhaug 3 4,0
Julia Fleischer 2 4,0
Morten Nadim 2 4,0
Magnus Svärd 3 4,0
Henriette Sinding Aasen 8 4,0
Eirik Holmøyvik 6 3,9
Marija Slavkovik 7 3,9
Brynjulf Stige 4 3,8
Miia Bask 3 3,8
Hans Petter Solli 2 3,8
Marco Gargiulo 6 3,7
Paal Bjørby 2 3,7
Bjarte Askeland 2 3,7
Esperanza Diaz 7 3,7
Målfrid Råheim 6 3,7
Rolf Mjelde 7 3,6
Vigdis Vandvik 10 3,6
Bente Elisabeth Moen 16 3,5
Per Osland 5 3,5
Sigrid Lien 4 3,5
Jan Fridthjof Bernt 5 3,5
Irina Markina 4 3,5
Knut Mikjel Rio 2 3,5
Kristine Jørgensen 2 3,5
Quetzalcoatl Rodriguez-Peréz 2 3,5
Grethe Seppola Tell 29 3,5
Chunlei Li 7 3,5
Uwe Egbert Wolter 3 3,5
(Kjelde: Universitetsbiblioteket)