<span class="caps">BETYDELIGE</span> <span class="caps">AVVIK</span>: Det er avdekka betydelege avvik ved klinikkverksemda til Psykologisk institutt ved UiO, viser ei vurdering gjort av Kluge Advokatfirma.
Foto: Ola Sæther/Uniforum
BETYDELIGE AVVIK: Det er avdekka betydelege avvik ved klinikkverksemda til Psykologisk institutt ved UiO, viser ei vurdering gjort av Kluge Advokatfirma. Foto: Ola Sæther/Uniforum

Usikkert når klinikkane kan opnast igjen

Publisert
Psykologisk institutt ved UiO

Konklusjonen er klar: Den juridiske vurderinga fra Kluge Advokatfirma har avdekka større avvik fra ei rekke lover. – Desse avvika dreiar seg om ein systemsvikt, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe

 

I ein slik situasjon er det viktig at me hjelper kvarandre og støttar kvarandre. Det er lov å ha ulike meiningar, men det er uakseptabelt at me ikkje kan gjera det med folkeskikk,  sa universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe på allmøtet for studentar og tilsette på Psykologisk institutt tysdag ettermiddag.

Oppfordringa blei møtt med buing frå forsamlinga. Det var høg temperatur på allmøtet i Harald Schelderups hus der universitetsleiinga og studentane og dei tilsette på Psykologisk institutt ofte snakka forbi kvarandre eller i munnen på kvarandre.

Det var 12. oktober universitetsleiinga bestemte at klinikkane på Psykologisk institutt måtte stengjast straks.Samtidig gav universitetsleiinga Kluge Advokatfirma i oppdrag å laga ei juridisk vurdering av situasjonen på klinikkane og om dei hadde drive i strid med lovverket. Samtidig fekk også Internrevisjonen i oppdrag om å laga ein rapport om forholda på klinikkane ved Psykologisk institutt.

Klinikkane kan opnast når avvika er retta opp

Tysdag ettermiddag var rapporten frå Kluge Advokatfirma klar.

Konklusjonen i rapporten var at klinikkane kan opnast igjen, men ikkje før dei avvika som rapporten har avdekt, er retta opp. I rapporten blir det peika på at det er spesielt viktig at det straks blir sett i verk tiltak for å unngå at studentar behandlar pasientar utan at rettleiar er til stades, og at rettleiaren er så nær som mogleg.  Ei mogleg gjenopning må skje i nært samarbeid mellom Universitetet i Oslo/Psykologisk institutt og Helsetilsynet, står det i rapporten.

På allmøtet kom både rektor Svein Stølen, prorektor Gro Bjørnerud Mo, viserektor Per Morten Sandset og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. Dei blei introduserte av SV-dekan Nils-Henrik von der Fehr. Rektor Svein Stølen syntest at dette var ei vanskeleg sak. – Det har vore utfordrande for Universitetet i Oslo, og sidan det er universitetsdirektøren som er den øvste administrative ansvarlege på UiO, er det ho som har hatt hovudansvaret for å handsama denne saka.  Men eg har heile tida vore i nær dialog med Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og med viserektor Per Morten Sandset sa Svein Stølen, før han gav ordet vidare til Bjørneboe.

– Ser alvorleg på saka

– Me måtte undersøkja saka. At me valde å stengja klinikkane viser at me ser alvorleg på saka, spesielt på pasientbehandlinga. Studentar har behandla pasientar på kveldstid utan rettleiar til stades. Det strir mot eit føre-var-prinsipp, slo ho fast.  – Eg synest det er viktig at instituttleiinga tok tak i dette og melde frå til UiO-leiinga. Dersom me ikkje ryddar opp i denne saka sjølve, kan dette bli ei tilsynssak. Det viktigaste no er å ta best mogleg vare på pasientane. Det er viktig å hugsa midt i denne store utfordringa, meinte Bjørneboe.

Så overtok viserektor Per Morten Sandset og gjekk gjennom dei ulike lovene og retningslinjene klinikkane hadde brote, ifylgje rapporten frå Kluge. Lenger nede i artikkelen ligg det eit oversyn over dei ulike lovene og retningslinjene som advokatfirmaet har vurdert om klinikkane har brote.

Alvorlege nok regelbrot til å forsvara stenging

Studentane og dei tilsette kom med mange spørsmål til UiO-leiinga etter at dei hadde greidd ut om innhaldet i rapporten. Ein av dei var Audun Holm Torgersen som er studentrepresentant i instituttstyret ved Psykologisk institutt. – Rapporten konkluderer med at klinikkane kan opnast igjen, dersom dei tiltaka rapporten føreslår blir sette i verk. Det heiter altså å setja i verk,  ikkje å gjennomføra, slik UiO-leiinga sa,  understreka han.

 Profesjonsstudenten Ida slo fast kva ho meinte var det største problemet. – Det største avviket er at dette tilbodet til pasientane er blitt avbrote, sa ho. Eitt av spørsmåla som gjekk igjen var om dei regelbrota som var gjorde, var så alvorlege at det ville forsvara å stengja klinikken.

– Det er viktig korleis me skal me ta vare på pasientane. Det er store avvik som no er publiserte. Og når me no diskuterer avvika, så er kvar og eitt av dei alvorlege nok til å stengja klinikken, konstaterte viserektor Per Morten Sandset.

Håp for vidare drift

Tillitsvald Helene Nissen-Lie meinte at det var håp for vidare drift på klinikkane.

– Me kan slutta å bruka video, for då slepp med å søkja Datatilsynet om konsesjon. Den pasientbehandlinga me gir på klinikkane kan heller ikkje reknast som spesialisthelsetenester,ifylgje både rapporten frå Kluge og frå rapporten frå Aslak Syse. Det er viktig at pasientane får tilbodet sitt tilbake. Så langt har me enno ikkje fått på plass alternativ. Derfor er det uheldig at me må venta så lenge på rapportane frå Intern revisjon. Me kan retta opp avvika ganske raskt, eller omgå dei tinga som gir oss problem, meinte Nissen-Lie og fekk rungande applaus.

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe fekk også spørsmål om praktikum for profesjonsstudentane i psykologi skulle flyttast ut av Harald Schelderups hus i Forskningsveien. – Ja, det skal flyttast ut av Harald Schelderups hus, stadfesta ho.

Kunne ikkje lova snarleg opning av klinikkane

Etter allmøtet møtte Uniforum rektor Svein Stølen og viserektor Per Morten Sandset. Me ville gjerne ha svar på når klinikkane på Psykologisk institutt kan opnast igjen:

– Då må me først ha nok informasjon til at me kan gjera det på ein trygg måte. Me må sjå på alle avvika, me må koma i dialog med Helsetilsynet og Datatilsynet og ta det derifrå, svara rektor Svein Stølen.

 – Kva vil i mellomtida skje med pasientane og profesjonsstudentane som held på med å avslutta studiet sitt?

 – Når det gjeld pasientane så er det eit løp der rettleiarane skal fylgja  opp pasientane, spesielt om det skjer noko akutt med dei som krev behandling. Då må dei sørgja for at det blir eit behandlingstilbod for pasientane. Når det gjeld på kort sikt, handlar det om ein annan behandlingspraksis enn til no, til dømes simuleringar. Det er opp til instituttet om det kan skje, svara viserektor Per Morten Sandset.

– Viktig å oppretthalda praksistilbodet til studentane

Og rektor Svein Stølen fylgde opp: – Det er veldig viktig for oss å oppretthalda dette praksistilbodet til studentane. Me vil vera kjempeopptekne av at me klarer det. Me vil ikkje vera forsiktige med å bruka ressursar for å få lukka desse sakene så fort som mogleg. Me skal bidra godt, og me skal snakka med institutt, fakultet, tenestemannsorganisasjonar og studentrepresentantar for å få fram ein dialog.

 – No har desse klinikkane eksistert i over 42 år. Har det ikkje vore avvik tidlegare?

– Eg kjenner ikkje nokon system, der det ikkje har vore avvik. Ei kvar verksemd har avvik, og når ein seier at ein ikkje har avvik, er det fordi ein ikkje har registrert avvik. Både klinikken og instituttet har gjennom desse åra hatt avvik. Det er eg sikker på, svarar Per Morten Sandset.

Meiner det var rett å stengja klinikkane

UiO-rektor Svein Stølen står fast på at det var rett å stengja klinikkane for ei veke sidan. – Ja, det er eg heilt overtydd om. Me har det overordna ansvaret for det som skjer på heile universitetet, og om det hadde skjedd ting her som hadde me pasientar eller studentar å gjera, så hadde det vore vårt ansvar til sjuande og sist. Når me ikkje var sikre på det, måtte me gå til denne konklusjonen. Og når me får vita at studentar har behandla pasientar åleine på kveldstid utan fagleg assistanse, så meiner eg at det var heilt rett, synest Stølen.

Han er godt nøgd med at dei kunne presentera innhaldet i rapporten frå Kluge Advokatfirma på eit allmøte på Psykologisk institutt.

– Eg er veldig glad for at mange var til stades og at det var mange aktive studentar som engasjerer seg. No må me jobba saman for å finna løysingar og for å redusera og lukka desse avvika så fort som mogleg, og koma tilbake til ei likevekt der me har eit mykje betre leie enn me hadde før denne saka kom opp, seier han til Uniforum.

Håpar klinikkane kan opnast

Karethe Hunstad Hansen er leiar for fagutvalet ved Psykologisk institutt. Ho kjem med denne kommentaren etter møtet:

– Eg synest det er fint endeleg å få innsyn i kva det gjeld. Det har vore vanskeleg for oss å få informasjon om dette. Dessutan står det i rapporten at klinikkane kan opnast igjen, dersom naudsynte tiltak for å lukka avvika  blir sette i verk, medan UiO-leiinga insisterer på at det skjer når dei er blitt gjennomførte. Det er litt merkeleg, seier Hunstad Hansen til Uniforum.

Ho er optimistisk når det gjeld utsiktene til at klinikkane kan opnast igjen snart.

– Ja, eg håpar og trur det.Når tillitsvald Nissen-Lie i Norsk psykologforeining hadde tru på at me skulle få det til, og eg har full tiltru til hennar faglege skjønn. Dei seier også at dei er villige til å jobba saman med oss for å få til dette her,og eg går utifrå at om dei går inn for det rapporten faktisk seier, så kan me få til det her, seier Karethe Hunstad Hansen til Uniforum.

Kjem ikkje under spesialisthelsetenesta

I ei pressemelding frå Universitetet i Oslo tysdag blei det vist til at det har vore uvisse om klinikkane ved Psykologisk institutt fell inn under spesialisthelsetenesta. Kluge Advokatfirma konkluderte i ei vurdering til UiO i juni at verksemda fell inn under spesialisthelsetenesta. På bakgrunn av dei tiltaka som universitetet har sett i verk, spesielt nye inntaksrutinar, har Kluge konkludert med at studentklinikkane no ikkje fell inn under spesialisthelsetenestelova, går det fram av pressemeldinga.  Der blir det også lista opp fylgjande avvik og moglege avvik frå lovverket som er avdekt:

Her er konklusjonane frå rapporten gjort av Kluge Advokatfirma: 

Helsepersonelloven
«Vår vurdering er at driften av internklinikkene er i strid med kravet til forsvarlig organisering, jf. helsepersonelloven § 16. Dette er særlig begrunnet i at det per i dag ikke eksisterer et administrativt system med en fullstendig oversikt over hvem som har terapi hvor og når. Vi anser det som særlig bekymringsverdig at terapitimer har forekommet uten at veileder har vært tilgjengelig i umiddelbar nærhet. Vi viser til at det under behandling kan oppstå akutte kriser som nødvendiggjør bistand fra kvalifisert personell».

«At studenter har kunnet behandle pasienter uten umiddelbar tilgang til kvalifisert personell, synes også å være i strid med forpliktelsene til adekvat oppfølgning og tilsyn som påligger de behandlingsansvarlige veilederne, jf. helsepersonelloven § 4 og 5. For studentenes del kan dette også være i strid med kravene til faglig forsvarlighet, jf. helsepersonelloven § 4».

Helsetilsynsloven og kvalitetsforbedringsforskriften

«Basert på det skriftlige materialet vi er blitt forelagt, er det vår vurdering at internklinikkenes styringssystem er mangelfullt. Manglene gjelder både selve styringssystemet og dokumentasjonen av det. Blant annet savnes et system for avvikshåndtering og en oversikt over virksomhetens oppgaver og aktiviteter. Det synes i dag som om ingen i internklinikkene har fullstendig oversikt over hvem som har terapitimer hvor og når».

Pasient- og brukerrettighetsloven

«Vi har fått opplyst at pasientene ikke informeres om retten til å klage, jf. loven § 7-2. Det er ikke i tråd med bestemmelsen».

Pasientjournalloven

«Internklinikkene oppfyller neppe kravet til internkontroll i pasientjournallovens § 23. For å drive i samsvar med denne bestemmelsen må det som et minimum kreves skriftlige rutiner for registrering av avviksmeldinger, herunder rapportering og behandling av avvik. Ut fra de samlede opplysninger vi har mottatt, kan vi ikke se at det foreligger retningslinjer for avvikshåndtering».

Forskrift om IKT-standarder

«Det foreligger et avvik fra forskrift om IKT-standarder ved at flere behandlingsrettede helseregistre som utarbeides ved internklinikkene ikke føres elektronisk».

Forskrift om pasientjournaler

«Vi har ikke faktisk grunnlag for å vurdere hvorvidt det foreligger brudd på de sentrale bestemmelsene i forskriften».

«Et mulig avvik er at nedtegnelser i pasientjournaler ikke føres «uten ugrunnet opphold», jf. § 7 annet ledd».

«Et annet mulig avvik er at relevante og nødvendige opplysninger, jf. § 8, ikke føres i journalen».

Personopplysningsloven

«Internklinikkene oppfyller neppe kravet til interkontroll i personopplysningsloven § 14. Bakgrunnen er manglende systemer for registrering av avvik».

«Vi har ikke mottatt informasjon om internklinikkene har konsesjon fra Datatilsynet for å behandle sensitive personopplysninger, jf. § 33. Dersom slik konsesjon ikke er gitt, foreligger et avvik».

Helseregisterloven

«Vi har fått opplyst at det for tiden pågår ett forskningsprosjekt ved PSI – det såkalte NORTRAS-prosjektet. Det er ut fra det opplyste, uklart hvorvidt prosjektet har nødvendig konsesjon fra Datatilsynet, jf. helseregisterloven § 7 jf. personopplysningsloven § 33».

Helseforskningsloven

«Vi har ikke faktisk grunnlag for å uttale oss om hvorvidt det foreligger avvik fra helseforskningslovens bestemmelser, herunder bestemmelsene om krav om godkjenning fra den regionale komiteen for medisinsk og helsefaglig forskningsetikk. Vi har imidlertid fått opplyst at PSI i dag ikke har full kontroll på hvorvidt gjennomførte prosjekter er gjennomført med de nødvendige tillatelser. I forbindelse med registrering av prosjekter i ny database, skal det imidlertid foretas en gjennomgang av prosjektene med hensyn til tillatelser».

Tilrådning fra Kluge Advokatfirma

«Vår tilrådning er at internklinikkene nå – når en vurdering av avvik fra lov- og forskriftsverk og relevante avbøtende tiltak foreligger – bør gjenåpnes. Forutsetningen er imidlertid at de tiltak vi har pekt på iverksettes. Særlig viktig er at det straks iverksettes tiltak for å unngå at studenter behandler pasienter uten at veileder er tilstede i umiddelbar fysisk nærhet. Videre at det innføres klare retningslinjer og rutiner for hvordan diagnoser fastsettes med tilstrekkelig involvering av veileder. Det må også vedtas, og ved det formelt forankres, et helhetlig styringssystem for internklinikkene der blant annet klinikkenes organisering, aktiviteter, oppgaver og håndtering av avviksmeldinger klart går frem. Ved en eventuell gjenåpning av internklinikkene bør UiO/PSI søke nær dialog med Helsetilsynet.

Tilrådningen er basert på et bredt anlagt forsvarlighetsskjønn, hvor det er lagt betydelig vekt på hva som antas best å ivareta pasientenes interesser».

Allmøte for studenter og ansatte i dag

Det samfunnsvitenskapelige fakultet inviterer studenter og ansatte ved Psykologisk institutt til et informasjonsmøte i dag tirsdag 17. oktober 2017, kl. 15.15 i Auditorium 4, Harald Schjelderups hus.

I møtet vil universitetsledelsen informere om den juridiske vurderingen vedrørende drift av klinikk og praksis ved Psykologisk institutt. Allmøtet er åpent for alle, men det vil ikke være anledning for pressen til å stille spørsmål på møtet.