Eirik Hovden er sjølv postdoktor, og oppteken av at det ikkje nødvendigvis er slik at ein med ein postdoktor-periode vert kvalifisert for fast stilling i akademia. Her saman med Hanne Foss Hansen og Marie Warncke. Foto: Hilde Kristin Strand
Eirik Hovden er sjølv postdoktor, og oppteken av at det ikkje nødvendigvis er slik at ein med ein postdoktor-periode vert kvalifisert for fast stilling i akademia. Her saman med Hanne Foss Hansen og Marie Warncke. Foto: Hilde Kristin Strand

Prorektor om karriereutvikling: Må ha ein plan for forskarstillingane

Fagmiljøa må vurdera kor mange faste forskarstillingar ein toler utan å måtta gå til oppseiingar, meiner prorektor Margareth Hagen.

Publisert

Ein postdoktor-periode skal verta normalen, heiter det i Aune-utvalet sitt forslag til ny universitets- og høgskulelov. Men vil ein slik periode vera nok til å kvalifisera seg til fast stilling i akademia? Neppe, seier fleire.P

Det same meiner Eirik Hovden. Han representerer dei vitskapeleg tilsette i mellombels stilling i universitetsstyret ved Universitetet i Bergen, og tok ordet då styret diskuterte karriereplan for yngre forskarar.

Kva vilkår får forskarane?

— Det er eigentleg urealistisk at ein kan kvalifisera seg gjennom berre ein postdok-periode. Me må halda oss til den realismen. Og difor vert forskarstillingane svært viktig framover, sa Hovden.

UiB tilset forskarar i fast stilling, men Hovden kallar dei fast med hermeteikn. Når finansieringa går ut, risikerer ein å verta oppsagt.

— Forskarkategori 1183 vert veldig interessant framover, sa Hovden.

Dette er forskarstillingar der det ifølgje statstilsettelova er krav om kompetanse tilsvarande professorkompetanse, og på same måte som ein kan søkja opprykk frå førsteamanuensis til professor, kan ein søkja opprykk frå forskar 1108 og 1109 til forskar 1183.

— Korleis vil ein definera denne stillingskategorien? Meir fast? Lenger brufinansiering? Det vil eg argumentera for. Kan ein få eit halvt eller eit heilt år med andre oppgåver, spurde Hovden.

Brufinansiering er nemnd av arbeidsgruppa, som har vore leia av prorektor Margareth Hagen. Det vert vist til at dei som er tilsett i forskarstillingar bør få mellom ein og tre månadar ekstra løn når prosjektperioden går ut.

Ikkje berre professorar og amanuensar

Hagen peika i sitt innlegg på at fagmiljø må ta større ansvar for mellombels tilsette.

— Me som har vore ved UiB har tenkt av vitskapeleg tilsette er det same som professorar og førsteamanuensar. Det stemmer ikkje, sa Hagen, og viste til at både forskarkategorien og postdoktorkategorien har auka mykje dei siste åra. Dette skuldast at det har vorte meir eksternfinansiering.

— Me treng betre bemanningsplanlegging, med tydelegare krav til instituttleiinga. Instituttleiarane må vurdera kor mange faste forskarar ein toler, for å unngå desse rundane med oppseiing, sa Hagen i møtet.

Ho peika på at før ein forskar skal kunne seiast opp, må det vurderast om det er andre stillingar vedkomande kan gå inn i.

-Det er òg viktig at det ikkje berre er dei som har forskarstilling som skal stå for eksterne midlar, sa prorektor.