— I ein tilspissa situasjon meiner eg at det har ein sjølvstendig verdi at det akademiske samarbeidet blir vidareført. Ei forutsetning er sjølvsagt at våre forskarar meiner at samarbeidet i ein slik situasjon kan sameinast med våre grunnleggande vitskapsideal, seier professor Bjørnar Borvik. Foto: Njord V. Svendsen
— I ein tilspissa situasjon meiner eg at det har ein sjølvstendig verdi at det akademiske samarbeidet blir vidareført. Ei forutsetning er sjølvsagt at våre forskarar meiner at samarbeidet i ein slik situasjon kan sameinast med våre grunnleggande vitskapsideal, seier professor Bjørnar Borvik. Foto: Njord V. Svendsen

Professor om Hongkong-demonstrantar: — Uakseptabel framferd det må reagerast mot

Seks av UiBs tjue avtalar om studentutveksling med Kina er i Hongkong. No kan framtida for dei stå i fare. Men forskarsamarbeid vil uansett halde fram, meiner professor Bjørnar Borvik.

Publisert

Professor ved Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen, Bjørnar Borvik, har i mange år samarbeidd tett med institusjonar både i Hongkong og på fastlandet i Kina. Han meiner han demonstrasjonane har passert ei grense for kva som er akseptabelt.

Hong Kong

Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med seks universitet i Hong Kong:

Hong Kong Baptist University,

Hong Kong University of Science and Technology, The Chinese University of Hong Kong, The University of Hong Kong, Hong Kong Design Institute og

City University of Hong Kong

Leiinga ved UiB har bede studentane sine om å reise heim, etter at situasjon eskalerte sist veke. UiB har hatt 10 studentar i Hong Kong dette semesteret.

— I eit demokrati må det vere rom for demonstrasjonar og sivil ulydnad. Etter mitt syn har ein likevel passert ei grense idet ein tar til å kaste molotov-cocktails mot politiet og set fyr på bygningar og anna infrastruktur. Dette er heilt uakseptable uttrykksformer i eit demokrati, og er framferd det må reagerast mot, mellom anna av omsyn til tryggleiken til befolkninga elles i Hongkong, seier Borvik.

For tidleg med konklusjonar

Hongkong har sidan det vart overført frå britisk til kinesisk administrasjon i 1997 hatt si eiga «minigrunnlov» som skulle garantere at provinsen skulle kunne behalde demokratiske institusjonar, som frie domstolar og presse, i 50 år. No, etter 22 år, er mange uroa for at denne avtalen er under press frå styresmaktene i Beijing.

Borvik, som også sit i UiBs kompetanseutval for Kina, meiner det for tidleg å trekke konklusjonar om det akademiske samarbeidet med Hongkong.

— Utviklinga dei siste dagane inneber ei veldig eskalering av situasjonen, og vi må følgje situasjonen tett utan at vi no kan trekke konklusjonar om moglege konsekvensar for det akademiske samarbeidet, seier han.

Leiar i kompetanseutvalet for Kina ved UiB, historieprofessor Camilla Brautaset, var i Hongkong seinast for nokre veker sidan i samband med UiBs eiga delegasjonsreise til Kina. Ho ønskjer å svare på spørsmål frå På Høyden på e-post:

La ikkje merke til noko

«Eg merka lite til den politiske uroa medan eg var i Hong Kong. Dei dagane eg var der, bar byen preg av «business as usual» og vi la ikkje merke til noko spesielt bortsett frå ein del plakatar med slagord», skriv ho. På spørsmål om kva vurderingar ho gjer seg som leiar av kompetanseutvalet når det gjeld framtidig studie- og forskingssamarbeid for UiB, viser ho til universitetsleiinga.

Leiar av kompetanseutvalet for Kina, Camilla Brautaset. Foto: Njord V. Svendsen
Leiar av kompetanseutvalet for Kina, Camilla Brautaset. Foto: Njord V. Svendsen

Så langt har det ikkje vore møter mellom universitetsleiinga og kompetanseutvalet om situasjonen i Hongkong.

Ei oppteljing av utvekslingsavtalane som dei ulike fakulteta på UiB har i Kina, viser at 14 av dei er i Fastlands-Kina, 6 er i den «spesielle administrative regionen» Hongkong.

I nær framtid vil universitetsleiinga truleg kansellere all utveksling med Hongkong for vårsemesteret.

Det betyr ein drastisk reduksjon i tilbodet om utveksling til Kina for studentane ved universitetet:

Kan få konsekvensar

— Hongkong er populært blant studentane, det er ein stad ein kan dra til på litt andre premiss enn andre stader i Kina. Ein stans i utveksling til Hongkong har store implikasjonar for de de som vil dra dit, seier viserektor for internasjonale relasjonar ved UiB, Annelin Eriksen.

Ifølgje kollega og viserektor for utdanning, Oddrun Samdal, er ikkje utvekslingsavtalane i fare på det noverande tidspunktet.

— Men dersom situasjonen varer ved og universiteta blir stengt på ubestemt tid, er det klart at det kan få konsekvensar for bruken av utvekslingsavtalane, seier Samdal.

Masseprotestane i Hongkong begynte i juni. Dei siste dagane har valden eskalert og opptil 1000 demonstrantar barrikadert seg på det polytekniske universitetet i Hongkong (PolyU), medan politi har omringa universitet med tåregass og skarpe våpen.

Utslag på akademisk fridom

Åtte av ti studentar frå UiB som har vore i Hongkong har tatt imot tilbodet om betalt heimreise frå universitetet. UiB har også kalla heim seks studentar frå Bolivias hovudstad La Paz, på grunn av sikkerheitssituasjonen der.

Forskarsamarbeid er i første omgang i mindre grad påverka av situasjonen i Hongkong enn studentutvekslinga. Bjørnar Borvik meiner det er for tidleg å trekke konklusjonar om framtida for det akademiske samarbeidet med Hongkong.

Om situasjonen ikkje stabiliserer seg, og om Beijing i siste instans skulle komme til å gripe inn militært, kan det få djuptgripande konsekvensar for Kina sitt forhold til omverda. Borvik meiner likevel at dette ikkje bør øydelegge for forskings- og utdanningssamarbeid med Kina, i alle fall ikkje det som er lokalisert på fastlandet.

— Ei slik opptrapping vil sjølvsagt kunne innverke på vestlege lands haldning til Kina, kanskje kan ein sjå for seg at det blir sett i verk ulike former for sanksjonar. Men i utgangspunktet er dette ein situasjon som er konsentrert til Hongkong. I ein tilspissa situasjon meiner eg at det har ein sjølvstendig verdi at det akademiske samarbeidet blir vidareført. Ei forutsetning er sjølvsagt at våre forskarar meiner at samarbeidet i ein slik situasjon kan sameinast med våre grunnleggande vitskapsideal, seier professoren.

Beijing vil markere seg

Postdoktor ved Institutt for samanliknande politikk og forskar ved NUPI, Hans Jørgen Gaasemyr, trur ikkje styresmaktene i Beijing vil gripe meir aktivt inn enn dei føler dei må. Men dersom uroa varer ved, vil dei vurdere ulike løysingar, meiner han.

Studentane har vore ei av dei mest engasjerte gruppene i protestane, slik sett er det ikkje overraskande at universiteta blir arena for markeringar

Hans Jørgen Gaasemyr

— Det sit langt inne for Beijing å gripe meir aktivt inn i den konkrete konflikten. Men dei vil markere sine standpunkt og sende sterke signal. Territorielle krav er blant dei aller viktigaste sakene i Kina. Dei siste månadene har dei gjort det klart at Hongkong uomtvisteleg er ein del av folkerepublikken Kina, seier Gaasemyr, som også har vore rådgivar i arbeidet med UiBs strategi for kinasamarbeid.

Gaasemyr peikar på at Honkong husar nokon av verdas beste universitet, og når desse er lamma, får det store ringverknader, også økonomisk. Hongkong er eitt av verdas viktigaste finanssentrum.

— Studentane har vore ei av dei mest engasjerte gruppene i protestane, slik sett er det ikkje overraskande at universiteta blir arena for markeringar. Men at dette blir område for valdelege samanstøytar, barrikadering og politi som gjer seg klar til å rykke inn er dramatisk og trist, seier han.