Prispengene få vil ha

Publisert

50.000 kroner til læringsmiljøa ventar. Men få nominerer kandidatar til UiB sin læringsmiljøpris.

I fjor kom det etter purring inn sju kandidatar. Året før var talet fire. Det er med andre ord tilsynelatande ikkje mange som bryr seg om Læringsmiljøprisen. Alle studentar og studentorganisasjonar er invitert til å føreslå kandidatar.

Må dokumentera
- Prisen vert gitt til eit miljø som fremjar aspekt ved læringsmiljøet, anten fysisk eller psykososialt.

Det seier Kuvvet Atakan, som leiar Læringsmiljøutvalget (LMU).

Dei siste åra er det Senter for vitenskapsteori (2011), Institutt for filosofi og førstesemesterstudie (2010) og Institutt for biologi (2009) som har fått prisen.

- Kvifor er det som få som vert nominerte?

- Me har kanskje ikkje vore gode nok til å annonsera, vedgår Atakan.

Alle forslag til prisen må vera grunngitt gjennom ei heilskapleg skildring av læringsmiljøet. Ein må òg legga ved dokumentasjon.

- Dersom ein ikkje gir denne typen føringar kan ein få ein del forslag som ikkje er grunngitt, til dømes ein enkeltstudent som seier at ein enkeltførelesar har skapt eit fantastisk miljø, seier Atakan.

Han seier at LMU ønskjer at grupper av studentar går saman for å nominera.

- Det gir nominasjonen meir tyngde. Men det er sjølvsagt ikkje noko i vegen for at òg enkeltmenneske kan koma med forslag, seier utvalsleiaren.

- Vert prisen delt ut uansett kor få som vert nominerte?

- Det er noko komiteen anbefaler. Ein deler ikkje ut nokon pris ukritisk, seier Atakan.

Skal styrka og utvikla
Prispengane på 50.000 kroner kan ikkje brukast heilt fritt. Dei skal brukast til utviklingstiltak som kan bidra til å styrka og utvikla sjølve læringsmiljøet - slik prisvinnarane ønskjer.

- Ein kan anten bruka pengane til eit fysisk tiltak, eller ein kan arrangera noko, seier Atakan.