Mona Grindheim Matre frå HR-avdelinga, Hannah Gillow-Kloster frå Skeivt arkiv, rektor Dag Rune Olsen og prorektor Margareth Hagen er samde om at det er viktig at UiB er synlege i Pride-paraden. Olsen stiller for første gong. Foto: Hilde Kristin Strand
Mona Grindheim Matre frå HR-avdelinga, Hannah Gillow-Kloster frå Skeivt arkiv, rektor Dag Rune Olsen og prorektor Margareth Hagen er samde om at det er viktig at UiB er synlege i Pride-paraden. Olsen stiller for første gong. Foto: Hilde Kristin Strand

UiB stiller med eiga Pride-fane i årets parade

«Mangfold som former samfunnet» skal det stå på UiB-banneret under Pride-paraden.

Publisert   Sist oppdatert

Regnbogedagane i Bergen, Bergen Pride, vert avslutta med Pride-parade laurdag. Pride-festivalen og –paraden feira i utgangspunktet skeiv kjærleik. No skriv Bergen Pride på nettsidene sine at dette er ein parade for alle som ønskjer å feira kjærleik og mangfald.

I år kan ein for første gong gå under ei UiB-fane i paraden. «Mangfold som former samfunnet» skal det stå på den.

— Eg meiner det er viktig at UiB er synlege i den største feiringa av likestilling og mangfald. Å gå bak UiB-fana skal vera ein trygg stad for alle, òg for dei som ikkje nødvendigvis kjenner seg heime under den skeive paraplyen .

Det seier Hannah Gillow-Kloster, fagleg leiar for Skeivt arkiv.

Solidaritet og aksept

— UiB meiner at mangfald er riktig og viktig, seier rektor Dag Rune OIsen, som sjølv skal gå i paraden.

Det er nesten utenkjeleg å ikkje vera med, eigentleg synest eg det er ei skam at UiB ikkje har gått tidlegare år.

Margareth Hagen

— I tillegg er det slik at studentar i mange land, òg land UiB samarbeider med, lever stader der homoseksualitet og det nokre oppfattar som avvikande, er ulovleg. Gjennom å gå i pride-paraden kan me visa solidaritet med dei, seier Olsen.

Prorektor Margareth Hagen skal òg gå i paraden.

— Det er nesten utenkjeleg å ikkje vera med, eigentleg synest eg det er ei skam at UiB ikkje har gått tidlegare år. Det er viktig å visa kva me står for; mangfald og aksept for mangfald, seier ho.

50? Eller 500?

Gillow-Kloster viser til at UiB som kunnskapsinstitusjon legg til rette for mangfald.

— Me er til dømes eit av få universitet i verda som har eit eige skeivt arkiv, seier ho.

Laurdag er det oppmøte for tilsette og studentar på Festningskaien. Studentane har sitt eige arrangement først, og går i samla flokk frå studentsenteret.

— Kor mange reknar de med at kjem?

— Me anar ikkje, humrar Gillow-Kloster.

— Først snakka me om femti, men eg trur me landa på å tinga 500 t-skjorter. Så alt mellom der ein stad… Dette er upløygd mark.

Dei som skal gå i paraden vil få utdelt t-skjorter og regnbogeflagg. Det er òg tinga t-skjorter i barnestorleik, så både tilsette og studentar er velkomne til å ta med barna sine.

Me som er skeive tilfører UiB eit mangfald.

Hannah Gillow-Kloster

— Paraden endar opp på Festplassen. Her er det Pride Park, der mellom anna Skeivt arkiv skal ha stand. Me er med på fleire arrangement i løpet av veka, og regnbogeveka er òg siste sjanse til å få sett utstillinga «Skeivt uteliv» på Universitetsmuseet, reklamerer Gillow-Kloster.

Regnbogeflagg

Under regnbogeveka skal det flaggast med regnbogeflagget utanfor Muséplass 1.

— Eg er stolt av at arbeidsplassen min vil reflektera og feira alle tilsette, seier Gillow-Kloster.

Ho plar gå i Pride-paraden, og seier ho i fleire år har ønska å kunne gå under UiB si fane.

— Me som er skeive tilfører UiB eit mangfald, seier Gillow-Kloster.