Roar Nese leiar seksjon for HMS og beredskap ved UiB. Han kursar tilsette i det ein håpar ein aldri vil få bruk for: Kva skal ein gjera dersom ein opplever ein livstrugande valdssituasjon? Foto: Hilde Kristin Strand
Roar Nese leiar seksjon for HMS og beredskap ved UiB. Han kursar tilsette i det ein håpar ein aldri vil få bruk for: Kva skal ein gjera dersom ein opplever ein livstrugande valdssituasjon? Foto: Hilde Kristin Strand

Han lærer deg kva du skal gjera i ein livstrugande situasjon

Har du tenkt over kor du plasserer deg i eit rom, eller sjekka kor nødutgangane er? Det bør du, ifølgje Roar Nese.

Publisert

Ei gruppe menneske sit rundt eit langbord inne i eit seminarrom i juss-bygget. Tenk om det plutseleg skjer noko alvorleg? Kva gjer ein dersom ein høyrer skyting i bygget?

Det høyrest heldigvis både sprøtt og kanskje usannsynleg ut. Men tenk likevel om. Kva gjer du då?

Roar Nese har som jobb å mellom anna tenkja på dette. Han leiar seksjon for HMS, beredskap og bedriftshelseteneste hos HR-avdelinga, og tilbyr kurs i korleis handtera det som vert kalla PLIVO: Pågåande, livstrugande vald. Menneska rundt bordet er samla til eit slikt kurs, som no vert tilbydd heile UiB.

Springa eller gøyma seg?

Kva som er pågåande, livstrugande vald? Då er det ei form for våpen involvert. Tenk på Utøya 22. juli, eller på skuleskyting i USA. Eller på Finland, som trass alt er nærare. Eller Trollhättan i Sverige. I Finland omkom totalt 18 menneske i to ulike åtak. I begge tilfelle var gjerningspersonen ein ung mann med skytevåpen. I Sverige vart tre menneske drepne då ein ung mann gjekk laus med sverd og kniv.

– Universiteta har heldigvis ikkje opplevd slike åtak. Men det kan oppstå farlege situasjonar hos oss òg, seier Nese.

Han fortel at frå 2010-17 var det ifølgje politiet 36 hendingar på norske skular som kunne eskalert. Eit kjapt google-søk viser at fleire norske elevar har trua med å skyta, og TV2 fortalde om ein mann som for snart 30 år sidan hadde med seg pistol i sekken. Han skulle skyta medelevane som mobba han.

Så altså, kva dersom noko skjer?

Ein må setja telefonen på lydlaus, vera heilt stille, og dekka til vindauge. 

Roar Nese

– Ein må tenkja gjennom kva handlingsalternativ ein har. Klarar ein å springa vekk, er det det beste. Då må ein koma seg langt vekk. Det andre alternativet er å gøyma seg. Siste utveg er å kjempa imot. Då har ein størst sjanse for å klara seg dersom fleire går saman, seier Nese.

Men korleis gøyma seg når panikken oppstår?

– Ein må setja telefonen på lydlaus, vera heilt stille, og dekka til vindauge. Ein må koma seg vekk frå synsfeltet til gjerningspersonen, og få sperra døra. Dersom døra ikkje kan låsast må ein setja så mykje som mogleg framfor, eller dersom døra slår ut, knyta noko som igjen er festa rundt noko anna, rundt dørtrykkerten .

Eit angrep som dei som har vore på ulike skular, særleg i USA, varer i snitt 8-10 minutt. Det betyr at gjerningspersonen truleg ikkje vil bruka mykje tid på å koma seg inn ein plass det er sperra. Han eller ho veit at politiet er varsla og at ein ikkje har mykje tid på å nå målet.

Underrapportering

Nese har halde kurs for fleire miljø ved UiB. For mellom andre dei som arbeider i universitetsaulaen kjem det tilbod om eit utvida kurs. Det er nemleg slik at sjølv om plivo-hendingar i utgangspunktet kan skje kvar som helst, er det nokre miljø, bygningar og lokale ved UiB ein er særleg merksam på.

– Nokre lokale er mindre eigna enn andre dersom det skal gå føre seg eit arrangement ein vurderer kan ha høgare risiko. Difor nyttar me ikkje desse lokala når til dømes statsrådar eller representantar for kongefamilien er i rommet, seier Nese.

– Kor mange potensielt farlege situasjonar har ein ved UiB?

– Ein har tilfelle på Haukeland universitetssjukehus der tilsette har vorte slått av pasientar, og ein har tilfelle der tilsette har vorte skremde av det dei opplever som psykisk ustabile studentar. Det finst òg døme på tilsette som har vorte trua på epost, og nokre tilfelle der tilsette har vorte fysisk trua. Trugande åtferd skal alltid meldast til politiet og i avvikssystemet, men eg trur det er ei underrapportering av slike saker, seier Nese til På Høyden.

Han seier at ein aldri kan vita kva som kjem til å skje. Difor er det nokre små, enkle grep kvar enkelt kan gjera: Finn ut kor nødutgangane er i eit rom. Dersom det ikkje finst nødutgangar gjennom dør, sjekk kor langt det er å hoppa frå vindauga. Det kan òg vera lurt å tenkja på kvar i eit rom ein plasserer seg.

Nese reklamerer gjerne for sikresiden.no. Seksjonen han leiar er ein av initiativtakarane til og aktiv i utviklinga av denne. Her finst førebyggjande opplæring og råd om kva ein kan gjera i ein krisesituasjon, og meir om kva ein skal gjera dersom ein hamnar i ein plivo-situasjon kan ein lesa om her.