Lisensar til tidsskrift vert kjøpt i pakkar, omtrent på same måte som ein kjøper pakkar med fjernsynskanalar. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm
Lisensar til tidsskrift vert kjøpt i pakkar, omtrent på same måte som ein kjøper pakkar med fjernsynskanalar. Arkivfoto: Paul-Erik Lillholm

Piratnettstad gir gratis tilgang til forsking

Publisert

Nettstaden Sci-Hub er eit piratnettstad for vitskapelege artiklar. Opphavskvinna Aleksandra Elbakyan er saksøkt av forlaget Elsevier.

For UiB-tilsette er det ikkje eit problem: Universitetsbiblioteket betalar kvart år store summar til dei store forlaga, og UiB-tilsette kan lasta ned forskingsartiklar utan å tenkja på at dette eigentleg kostar pengar. Men for mange andre er det ikkje slik. Dei siste åra har det vore sagt mykje både om forlag som tener svært mykje pengar og om open tilgang til forsking. Forskerforum viser til ei undersøking gjort av American Library Association som viser at prisnivået for elektroniske tidsskrift steig med 6,2 prosent i 2010 og 6,9 prosent i 2013.

Måtte stenga – men opna att
Men kva med dei som ikkje har råd til å sjølve betala for artiklane dei vil lesa? Det finst løysingar, om ikkje nødvendigvis av det lovlege slaget. Nettstaden Sci-Hub er ein piratnettstad som tilbyr forsking, og prøver ikkje å legga skjul på det. Ein kan gå inn på nettsida, tasta inn den digitale identifikatoren til artikkelen og straks få tilsendt ei pdf-fil. Opphavskvinna er Aleksandra Elbakyan. Både ho og servarane nettstaden nyttar held til i Russland. I utgangspunktet var Sci-Hub ei russiskspråkleg teneste, men nettsida fekk mykje merksemd etter at tidsskriftforslaget Elsevier saksøkte nettstaden. Dette skriv Forskerforum. Sci-Hub sitt domene vart stengt etter ein dom i New York, men starta straks oppatt under eit anna domenenamn. Elsevier har på si side fått kraftig kritikk fordi tidsskrifta deira er så dyre.

Les meir: Akademisk apartheid

Trur på open tilgang
Nina Karlstrøm er seniorrådgivar i Cristin. Ho seier til Forskerforum at nettstader som Sci-Hub kan vera med å gi open tilgang til forsking.

– Det som er i ferd med å skje no, i alle fall i Europa, er at i staden for å forhandla om pris på retten til å lesa, så går institusjonane til forlaga og forhandlar om pris på retten til å publisere med open tilgang i deira tidsskrift. Når det gjeld open tilgang, trur eg ikkje me lenger snakkar om «viss», men «når». Forlaga tek til å rigga seg for denne overgangen, dei tenkjer mindre i form av leselisensar, og meir i form av betalingsvilje på andre område, seier Karlstrøm.