Dag Rune Olsen presenterte det nye rektorlaget sitt vinteren 2017, med Margareth Hagen, Oddrun Samdal og Robert Bjerknes. Sidan den gong har Annelin Eriksen kome til. No kan rektor sjølv vera på veg ut. Spørsmålet er om nokon av dei andre vil stilla som kandidat ved neste val. Foto: Tor Farstad
Dag Rune Olsen presenterte det nye rektorlaget sitt vinteren 2017, med Margareth Hagen, Oddrun Samdal og Robert Bjerknes. Sidan den gong har Annelin Eriksen kome til. No kan rektor sjølv vera på veg ut. Spørsmålet er om nokon av dei andre vil stilla som kandidat ved neste val. Foto: Tor Farstad

Olsen har fått indikasjonar på samtalar ved NTNU. Kva skjer ved UiB dersom han får ny jobb?

Universitetet i Bergen sitt reglement seier at det skal vera nyval dersom rektor går av.

Publisert

Dag Rune Olsen har søkt stillinga som rektor ved NTNU. Han står på søkjarlista saman med åtte andre, etter at Aalborg-rektor Per Michael Johansen trekte seg. To av søkjarane er unntatt offentlegheit, tre andre har leiarstillingar i sektoren.

— Har du vore til intervju ved NTNU?

— Nei, eg har ikkje det. Men eg har fått indikasjonar på at eg kan verta invitert til samtalar, seier Olsen.

Han er valt rektor ved UiB, og skal etter planen sitja i leiarstolen her til seinsommaren 2021. Kva skjer dersom han flyttar til heimfylket Trøndelag?

I januar

— Me kjem til å halda oss til lova, seier universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

I universitets- og høgskulelova heiter det at dersom det er meir enn eitt år att av ein rektor si funksjonstid, så skal ein tilsetja eller velja ein ny. UiB sitt eige reglement er strengare. Der heiter det at det skal vera nytt val dersom rektor går av.

Så er jo spørsmålet om ein er tent med at eg vasar rundt her lenge.

Dag Rune Olsen

— Det er styret som må ta stilling til korleis ein valt rektor som eventuelt får ny stilling i perioden skal gå av, og kva som då skjer vidare, seier Bernstrøm.

NTNU-styret planlegg å tilsetja ny rektor i sitt januar-møte. Olsen seier at han allereie no vil informera styret ved UiB om at han har søkt stillinga i Trondheim.

— Kor fort vil du starta der dersom du vert tilsett?

— Det har eg ikkje reflektert over. I utgangspunktet har eg oppseiingstid. Men så er jo spørsmålet om ein er tent med at eg vasar rundt her lenge,

Vil byrja å snakka og tenka

Det er styret som tilset rektor.

— Ein må jo byrja å snakka om dette, og nokon må byrja å tenkja på kva ein skal gjera, seier Jørgen Melve, som representerer dei teknisk-administrativt tilsette.

— Alle veit at situasjonen er som han er, legg han til.

— Kan styret i prinsippet nekta ein valt rektor å gå av midt i ein periode?

— Det er vanskeleg å hindra folk i å gå av dersom det er det dei vil, seier Melve.

Ved NTNU gjekk rektor Gunnar Bovim av i sommar fordi han har vorte kjærast med Merete Kvidal. Ho er direktør for campus-utvikling ved NTNU. Ved Høgskolen i Østfold gjekk rektor Hans Blom av halvvegs i rektorperioden, av helsemessige årsaker. Her vart Hans-Petter Jelsness-Jørgensen valt som ny rektor for to år.

Dialog med departementet

Bernstrøm seier at UiB vil måtte ha ein dialog med Kunnskapsdepartementet dersom Olsen vert ny NTNU-rektor. Dei fire gamle universiteta har nemleg fått på plass ny rektor det same året. Det vil seia frå hausten 2021, og deretter frå 2025.

NTNU-styret fekk lov til å lysa ut stilling som rektor for 5,5 år, sjølv om sjølve handsaminga av spørsmålet i styret ikkje var samrøystes. Høgskolen i Østfold valte å velja rektor for to år.

Ved UiB vil truleg prorektor Margareth Hagen først verta konstituert som rektor. Deretter er spørsmålet om ein skal ha eit val som gjer at rektor vil verta sitjande i omlag fem år – fram til 31.juli 2025.

Hagen vil ikkje svara

På Høyden har tidlegare spurt både rektorat, dekanar og andre om dei kan vera aktuelle for i rektorstilling. Dette var før det var kjent at Olsen hadde søkt stillinga i Trondheim. Den gong var det mange som sa at dei er heilt uaktuelle for ei slik stilling, mellom dei dekanane Karl Harald Søvig og Helge Dahle. Blant rektoratet var det litt meir ullne svar; både Oddrun Samdal, Robert Bjerknes og Annelin Eriksen svara at dei var fokuserte på den jobben dei har no.

Prorektor Hagen sa den gong at det var for tidleg både å spørja om dette – og å svara på dette. Ho seier det same no.

— Stiller du til val dersom Olsen vert tilsett som rektor i Trondheim?

— Det svarar eg ikkje på, seier Hagen.

Skal ha ny direktør

Det er sjølvsagt mogleg at det vert tilsett ein annan rektor ved NTNU. Men ved UiB vil det verta eit leiarskifte uansett: Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm sitt åremål går ut ved neste årsskifte. I universitetsstyremøtet torsdag skal det setjast ned ei gruppe som skal sjå på forholdet mellom rektor og administrerande direktør. Dette vil så danna grunnlaget for utlysingsteksten. Rektor Dag Rune Olsen er føreslege som ein av medlemmene i gruppa, sidan han er styreleiar.

— Dersom eg har fått ny jobb, vil det vera heilt feil om eg leiar arbeidet med å finna neste direktør. Men det er styret som skal leita, og om eg forsvinn, vil dei andre i gruppa halda fram arbeidet, seier Olsen, og legg til:

— Men eg har sagt at det ikkje er sikkert dei er kvitt meg.