Klimaengasjerte studentar frå UiB hamna i New York Times nyttårsaften. Foto: 350.org
Klimaengasjerte studentar frå UiB hamna i New York Times nyttårsaften. Foto: 350.org

UiB i New York Times

Publisert

UiB hamna i ei av verdas mest kjende aviser på grunn av klimaengasjementet blant tilsette og studentar.

Internasjonalt anerkjende New York Times hadde saka på framsida av ein av delane 31. desember. Artikkelen handlar om tilhøvet mellom Statoil og det norske folk, og viser til utfordringane i oljesektoren for tida, klimadebatten og anna som har gjort nordmenn meir kritiske til <<grunnfjellet>> i det norske næringslivet. 

<<På Universitetet i Bergen og andre skular har til dømes professorar og studentar protestert mot Statoil si finansiering av forsking, som er verd kring 12 millionar dollar i året.>>, skriv avisa. 

Les heile artikkelen her.