Partane er på overtid i forsøket på å finne ei løysing. Foto: Unio
Partane er på overtid i forsøket på å finne ei løysing. Foto: Unio

Ingen streik: Partane einige etter 13 timar på overtid

Først fredag ettermiddag blei oppgjeret i staten klart, med hjelp frå riksmeklingsmannen.

Publisert   Sist oppdatert

— Eg er glad vi slapp å sende medlemmane våre ut i streik, men vil rette ein stor takk til dei som har stått klare til å streike om vi ikkje kom fram til ei løysing, seier NTL-leiar Kjersti Barsok i ei pressemelding.

Resultatet har blitt eit sentralt tillegg i hovudtariffavtalen til LO Stat, Unio og YS Stat på 1,35 prosent eller 1,55 prosent. Det blir lokale forhandlingar om ei ramme på 1,24 prosent.

Ramme på 3,2 prosent

Den totale ramma inkludert gliding og overheng skal vere på 3,2 prosent.

Akademikerne melder om at 2,15 prosent av potten deira er sett av til kollektive, lokale oppgjer.

Rundt 2500 stipendiatar og spesialistkandidatar skal få minimum lønstrinn 54.

Dessutan skal taket på 66 000 kroner for kva del av variable tillegg som gir pensjonsopptening fjernast.

— Eg er glad for at det ikkje blir streik, seier Gjert Anders Askevold ved Høgskulen på Vestlandet, som har vore streikeleiar for «lokal konfliktberedskap politidistrikt vest». Han er tillitsvald for Forskerforbundet.

— Alle får høgare løn, og det blir lokale forhandlingar til hausten, seier han.

Kravet om å fjerne taket for kva variable tillegg som tel som pensjonsgivande har vore særleg vanskeleg i år. Mange politifolk er blant dei som har større tillegg enn dei 66 000 som så langt har vore teljande. No vil kvar krone telje for pensjonen.

— Og så er minsteløna for stipendiatar heva med to lønstrinn, frå 52 til 54, seier Askevold.

Det vil gi ei løn på drøyt 470 000 kroner for stipendiatar.

Visste lite i ventetida

Forskerforbundet hadde på førehand varsla at dei ville ta ut drøyt 100 personar, og Norsk Tjenestemannslag (NTL) skulle ta ut 422 personar.

Dei lokale tillitsvalde visste fredag morgon ikkje meir enn at forhandlingane gjekk langt på overtid.

— Folk får berre gjere som dei får beskjed om. Dei som blir omdirigerte til streiketeneste får følgje beskjedane dei får, var meldinga frå Steinar Vagstad i Forskerforbundet.

— Vi sit og ventar, og veit ikkje særleg meir enn andre. Men vi er klare, så får vi håpe at det ikkje trengst ein streik, sa Jørgen Melve i NTL på føremiddagen.

Rammar eksamen

Ein streik ville ha ført til fullstendig stans i eksamensavviklinga, og det på det mest katastrofale tidspunktet: Det er svært mange eksamenar som gjenstår fram mot Sankthans.

Det pensjonsavtalen som vart inngått 3. mars i fjor det har vore strid om. Den sikra avtalefesta pensjon (AFP) for alle offentleg tilsette født 1963 og seinare. Staten ville ikkje endre tariffavtale slik at den vart i tråd med den allereie inngått avtalen.

— Når vi heller ikkje får på plass noko i nærleiken av eit generelt tillegg som sikrar auka kjøpekraft til alle og likelønn, så er det ingen veg utanom Riksmeklaren, sa forbundsleiar Kjersti Barsok i Khrono før fristen gjekk ut.