Joar Hystad (32) kjem i ny jobb på Khronos Bergens-kontor til hausten.
Joar Hystad (32) kjem i ny jobb på Khronos Bergens-kontor til hausten.

Ny Khrono-journalist i Bergen

Joar Hystad (32) styrker Khrono-laget frå Bergens-kontoret.

Publisert

Joar Hystad (32) er fast tilsett som journalist i Khrono. Han skal ha arbeidsstad i Bergen.

Hystad kjem frå jobb som digital deskjournalist i Askøyværingen og Vestnytt og før den tid som journalist i same aviser med politikk og samfunn som hovudfelt. Før dette jobba han i TV2 Sporten.

— Det er ingen tvil om at Khrono er på full fart oppover. Å bidra til at denne oppturen skal halda fram, er noko eg gler meg enormt til. I tillegg til å dekka det løpande nyheitsbilete, ser eg særleg fram til å få moglegheit til å dukka djupare inn i den viktige kunnskapssektoren, seier han.

— Joar Hystad vil styrke den nasjonale satsinga til Khrono frå Bergen. Eg ser fram til å få han med på laget, seier redaktør Tove Lie.

Hystad, som er journalistutdanna ved Høgskolen Kristiania i Bergen, tiltrer i løpet av hausten.

Tidlegare i vår og sommar har Khrono tilsett Ragnhild Bjørge, NRKs språksjef, som redaksjonssjef i Bergen. Ho begynner 12. august. Ragnhild Vartdal er tilsett som journalist ved Khronos Oslo-kontor og startar 1.september. Nyheitsredaktør i Dagsavisen, Espen Løkeland Stai, vil vere på plass på Khronos nyoppretta Brussel-kontor frå 1.oktober.