Thomas Pettersen i aksjon på eit av studentsamskipnaden sine treningssenter. Foto: Eivind A. Pettersen
Thomas Pettersen i aksjon på eit av studentsamskipnaden sine treningssenter. Foto: Eivind A. Pettersen

Treningssenter forseinka

Notert: Sammen si utviding av City treningssenter er forseinka. Utvidinga skulle eigentleg vore ferdig i haust.

Publisert   Sist oppdatert

Sammen City held til i Aasegården i Bergen sentrum, og skulle etter planen vore eit treningssenter over to etasjar no i haust. Men no er utvidinga forseinka, skriv Studvest.

Bård Johansen, som er direktør for Sammen trening, seier til studentavisa at det er kommunen sitt nye system for sakshandsaming som gjer at det har teke lenger tid enn tenkt å koma i gang med bygginga. No er planen at utvidinga skal vera ferdig rundt jul.