Kjell Bernstrøm har eigentleg nådd ordinær pensjonsalder, men har eit åremål som går ut ved årsskiftet. Då har han fylt 69. Foto: Hilde Kristin Strand
Kjell Bernstrøm har eigentleg nådd ordinær pensjonsalder, men har eit åremål som går ut ved årsskiftet. Då har han fylt 69. Foto: Hilde Kristin Strand

No skal UiB leita etter ny direktør

Er du tydeleg, trygg og robust? Har røynsle med internasjonalt arbeid? Forstår deg på innovasjon, forsking og utdanning? Då kan du søkja stillinga som universitetsdirektør ved UiB.

Publisert

Kjell Bernstrøm har site som universitetsdirektør ved Universitetet i Bergen i seks år. Først vart han konstituert då Kari Tove Elvbakken gjekk av, deretter vart han tilsett i eit åremål på seks år i desember 2014.

Det betyr at åremålet hans går ut i år, og det betyr òg at UiB treng ein ny direktør. Bernstrøm fyller 69 år i år, og har tidlegare sagt at han eigentleg kan tenkja seg å gå av med pensjon til sommaren.

No har universitetsstyret vedteke å lysa ut stillinga. Planen er å lysa ut midt i mars, har søknadsfrist etter påske og tilsetja i universitetsstyremøte i juni.

Kravlista

Det er ikkje småtteri ein må meistra dersom ein skal kunne verta universitetsdirektør. For det første skal ein ha utdanning på masternivå, røynsle frå både internasjonalt arbeid og frå leiing på toppnivå av kunnskapsverksemder, ein skal skjøna seg på både innovasjon, forsking og utdanning og forstå det politiske samspelet. Vidare skal ein vera tydeleg, trygg og robus, god til å leia, ha høg arbeidskapasitet og vera analytisk.

Det er viktig at dette er ei utlysing som gjer at mange kjenner at dette er ei stilling dei vil søka på.

Marit Warncke

— Det er viktig at dette er ei utlysing som gjer at mange kjenner at dette er ei stilling dei vil søka på.

Det sa Marit Warncke, som er ekstern representant i styret, då saka vart debattert.

Det same sa Kjersti Fløttum.

— Ein kan gå gjennom teksten og gjera han meir attraktiv.

Direktøren kan forsvinna

Som På Høyden tidlegare har skrive, har det vore ei gruppe som har jobba med ein stillingsinstruks for universitetsdirektøren. Denne vart diskutert i styret. Noko om det som vart stilt spørsmål ved, var kor detaljert ein skulle vera, både i instruksen og i utlysingsteksten.

Aune-utvalet, som har kome med framlegg til ny universitets- og høgskulelov, tek til orde for einskapleg leiing; anten tilsett rektor og ekstern styreleiar, eller vald rektor og ekstern styreleiar. Det betyr at ein ikkje lenger vil ha ein eigen universitetsdirektør.

— Burde dette vera noko som viser i utlysingsteksten, spurte Petter Bjørstad?

— Eg sat i styret på NHH då ein var i ein liknande prosess. Då stod det ikkje noko i utlysingsteksten, men ein informerte søkjarane i første samtale, sa Warncke.