Fylkesmann Lars Sponheim gir Nils Georg Brekke det synlege provet. Foto: Pål Kårbø
Fylkesmann Lars Sponheim gir Nils Georg Brekke det synlege provet. Foto: Pål Kårbø

Brekke slått til riddar

Notert: Professor emeritus Nils Georg Brekke vart onsdag slått til riddar av St. Olavs orden.

Published   Updated

Professor, fylkeskonservator, forfattar. No eigentleg pensjonist.

Nils Georg Brekke (80) vart onsdag slått til riddar av St. Olavs orden. Dette er ei, ifølgje kongehuset sine nettsider, «belønning for utmerkede fortjenester for Norge og menneskeheten».

Brekke begynte å studera kunsthistorie i 1964. Seinare vart han professor i kulturvitskap, men for dei utanfor akademia er han kanskje mest kjent for å ha vore redaktør for Kulturhistorisk vegbok for Hordaland og medredaktør for Naturhistorisk vegbok for Hordaland. I 2016 intervjua På Høyden han, då hadde Brekke, saman med professor Gunnstein Akselberg, skriv bok om Fastings Minde – UiBs eldste bygning.

– Det er ærefullt, og så er det kjekt at eg har kunna bidra med noko som blir verdsett, kommenterer Brekke tildelinga i eit intervju med Bergens Tidende.