Professor Jill Walker Rettberg brukar digitale forskarnettverk aktivt.
Professor Jill Walker Rettberg brukar digitale forskarnettverk aktivt.

Har nettverk på nett

Publisert

Er forskarnettverk i ferd med å flytta seg – til Internett? Det finst ulike sosiale nettverk som er meint berre for forskarar.

– 46 av kontaktane mine hadde lagt bokmerke ved den same artikkelen. Det viste seg at den var ganske interessant, seier Jill Walker Rettberg.

Susanne Mikki meiner digitale forskarnettverk er svært nyttige. Foto: Hilde Kristin Strand
Susanne Mikki meiner digitale forskarnettverk er svært nyttige. Foto: Hilde Kristin Strand

Ho er professor i digital kultur ved Det humanistiske fakultetet. Ved insituttet hennar, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, er det 54 av forskarane som har ein profil hos Academia.edu. Det er ei av fleire digitale nettverksplattformer for forskarar.

Sosiale medium
I den ferske rapporten om publisering har førstebibliotekar Susanne Mikki mellom anna sett på omfanget av forskingsformidling. Ein av måtane ho har gjort det på, er å kartlegga kor synlege forskarane er på den digitale arenaen. Mikki har sett nærare på Google Scholar Citations, Researcher ID, ORCID, ResearchGate og Academia.edu. Dei to siste er klassifisert som sosiale medium.

Mikki har sett på om det er ein samanheng mellom bibliometriske indikatorar, altså publiseringar og siteringar, og altmetriske indikatorar. Det vil seia kven som følgjer kven i sosiale media og kven som får artiklane sine viste og lasta ned.

– Finn ein ein samanheng?

– Det er ikkje noko eintydig svar, men ja, til ei viss grad. Dersom ein ser på kven som får artiklane sine lasta ned, så ser ein ein samanheng, seier Mikki.

Ho er hovudforfattar av ein artikkel som presenterer funna. Artikkelen er førebels ikkje publisert.

37 prosent har registrert seg
I Cristin finn ein 4307 forskarar knytt til UiB. 1593 av dei har profil i digitale nettverk. Det vil seia at 37 prosent av UiB-forskarane har oppretta ein profil. Dei fleste, 77 prosent, har berre ein profil. Høgast er talet hos Det psykologiske fakultetet, der 43 prosent av forskarane nyttar digitale forskarnettverk.

Academia.edu er mest brukt av humanistane. 17 prosent av dei har ein profil. ResearchGate er mykje brukt av både Det matematisk-naturvitskapelege, Det medisinsk-odontologiske, Det psykologiske og Det samfunnsvitskapelege fakultetet.

Det er mange av dei godt vaksne forskarane som har ein eller fleire profilar, og det er mange av professorane som har registrert seg. Mikki seier at dei etablerte hierarkiske strukturane vert gjenspegla i dei digitale, sosiale nettverka.

– Ein kan sjå på kven som følgjer kven. Professorane har store nettverk, og det ser ein her òg, seier ho.

Førstebibliotekaren meiner at det er viktig for forskarane å vera synlege i desse nettverka.

– Det er interessant for dei å vera synlege, det er viktig når ein skal byggja karriere. Mange forskarar nyttar òg Facebook og Twitter, seier ho.

Sjølv brukar Mikki alle dei ulike digitale nettverka, delvis fordi det er ein del av jobben hennar å kjenna til dei.

– Men det er veldig spanande å sjå at ein vert sitert eller at nokon vel å følgja ein. Det er alltid smigrande når det skjer, seier ho.

– Å oppretta ein profil er gjort på ein blunk. Ein treng ikke ein gong lasta opp artiklane sine sjølv, ein får ei liste der ein må verifisera om dette er noko ein sjølv har skrive. Det trengs lite aktivitet frå den einskilde.

Deler og kommenterer
Rettberg brukar det digitale nettverket mellom anna til å få forskarkollegaer til å kommentera utkast ho har skrive. Ho er samd med Mikki i at slike nettverk er nyttige.

– Dette er ein måte å dela forskinga si med andre forskarar på. Forskarnettverk er uhyre viktig, og eg har òg internasjonale kontaktar via Academia.edu, seier Rettberg.

Ho er synleg i sosiale media, og legg òg innimellom forskingsrelevante ting ut på Facebook.

– Eg trur nok andre forskarar er merksame på mine ting fordi eg er såpass synleg, seier Rettberg.

I tillegg til å dela det ho har skrive med andre forskarar, er ho òg oppteken av at kunnskapen skal vera tilgjengeleg for alle. Så langt det let seg gjera publiserer ho difor i tidsskrift som let lesarane lesa utan å betala (open access-tidsskrift, journ.anm). I fjor vart 458 vitskapelege artiklar frå UiB-forskarar publiserte i tidsskrift som gir lesarane fri tilgang. Det er forskarane ved Det medisinsk-odontologiske fakultetet og Det psykologiske fakultetet som i størst grad publiserer i slike tidsskrift, men både humanistane og samfunnsvitarane kjem etter.

– Eg prøver å publisera i kanalar med fri tilgang, men eg tabbar meg ut med jamne mellomrom. Men sjølv om eg av og til publiserer på forlag der lesarane må betala, er eg oppteken av at bøkene mine i alle fall ikkje skal vera dyre. Det er få som har moglegheit til å betala til dømes 85 pund for ei bok, seier Rettberg.