Dekan Helge Dahle på UiBs mest oljesmurte fakultet er glad for at petroleumsforsking ikkje er vurdert som uetisk i seg sjølv. Han trur det vil ta tid å omstille forskinga òg. Foto: Statoil
Dekan Helge Dahle på UiBs mest oljesmurte fakultet er glad for at petroleumsforsking ikkje er vurdert som uetisk i seg sjølv. Han trur det vil ta tid å omstille forskinga òg. Foto: Statoil

– Omstilling vil ta tid

Det er ikkje gjort over natta å ta inn over seg konsekvensane av klimaendringane, meiner dekan Helge Dahle ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved UiB. Men han meiner dei er på god veg.

Den nasjonale forskingsetiske komité for naturvitskap og teknologi (NENT) kom med si forskingsetiske vurdering av petroleumsforsking i førre veke. Hovudkonklusjonen var at det er uetisk dersom petroleumsforsking hindrar omstillingsprosessar, slik at Noreg ikkje kan nå FNs klimamål.

Lite industrifinansiering
UiB-rektor Dag Rune Olsen har allereie varsla at klimaforsking og energiomstilling bli ei av UiB sine sentrale satsingsområde, saman med utviklingsrelatert forsking og marin forsking, slik det var venta i samband med ny strategi for UiB.

Dekan Helge Dahle på mat.-nat. reknar med at dét får konsekvensar.

– I dei nye strategiplanane vil fornybar forsking bli prioritert. Då ventar eg at dette utløyser ressursar. Eg ser òg at både forskingsrådet og Horizon 2020 prioriterer forsking på fornybar energi og energiomstilling. Den store utfordringa i nasjonal samanheng er at det finst  lite industrifinansiering i denne retninga, seier dekan Helge K. Dahle.

Oljekranane går ikkje tørre
I dag er ein svært stor del av petroleumsforskinga ved UiB  eksternfinansiert. Og det er ingen grunn til å tru at kranane vil bli skrudd igjen med det første, meiner Dahle. Sjølv om volumet på petroleumsforskinga er relativt stort, er dette altså i liten grad stimulert gjennom interne satsingar i dag.

– Med dei finansieringsverktøya som har vore, og som nok vil halde fram, vil dei som held på med petroleumsrelatert forsking ha gode muligheiter til finansiering også framover. I alle fall så lenge de politiske signala er som dei er.

Her åtvarer NENT mot at ansvaret mellom ulike aktørar kan bli pulverisert:

«NENT ser en reell fare for et ansvarsvakuum. Energi- og miljøutfordringene vi står overfor er kollektive, og handler om hvordan alle aktører samvirker. De forskningsfinansierende instansene har et stort ansvar, de må sikre at forskning som bidrar til omstillingen prioriteres, og de må gjøre en større innsats for å samkjøre norsk forskning innen dette feltet.»

Sjå heile vedtaket her.

– Ikkje der vi skal vere
Dahle legg til at så lenge UiB skal by på ei god utdanning innan petroleumsfaga, må UiB også ha gode forskingsmiljø på feltet.

– Korleis vil du ta med konklusjonen vidare i fakultetet sine strategival?  

– Vi meiner at vi i allereie kan imøtekome mykje av det dei tek opp. Det betyr ikkje at vi er der vi skal vere. Dette er ei omstilling som vil ta tid, både i institusjonane og elles i samfunnet der ein må ta inn over seg konsekvensane av klimaendringane.

– Ved fakultetet er vi glade for at NENT ikkje seier at petroleumsforsking i seg sjølv er uetisk, seier Dahle.

Utanfor mandatet
– Eg les også konklusjonen i retning av å vere politisk. NENT refererer til FNs klimapanel sitt togradersmål, som er eit politisk mål.

Dahle seier at ein kan diskutere om NENT går ut over mandata sine når dei funderer råda sine på politiske målsettingar.

– Eg meiner dei i større grad burde basert konklusjonen  på bærekraft og førevar-prinsippet, og implikasjonane av dette. Dette kunne etter mi oppfatning vore betre problematisert i NENT sitt svar, seier Dahle.

Saknar melding til styresmaktene
Dahle meiner også at NENT tydlegare burde adressere dei som gjev dei politiske rammevilkåra.

– Institusjonane skal sjølvsagt vere kritiske til styresmaktene og dei politiske føringane dei gjev og tenke over forskingsstrategiane sine. Det meiner eg er viktig. Men det er myndigheitene som definerer samfunnsoppdraget vårt.