Minneord: Joseph N. Bell (1938-2020)

Professor emeritus i arabisk Joseph Norment Bell døde 3. februar, 81 år gammal.

Publisert   Sist oppdatert

Han kom til Bergen i 1982, vart professor i arabisk i 1985, og hadde si stilling der fram til han gjekk av med pensjon i 2008.

Professor Bell var den drivande krafta i utviklinga av arabisk og Midtaustens språk som undervisningsfag ved Universitetet i Bergen. Det var som ein lekk i den systematiske oppbygginga av ikkje-europeiske og utviklingsstudiar, og spesielt Midtausten på 1970 og 1980-talet at professor Bell vart henta til Bergen. På den tid hadde Bergen Midtausten-forsking på fleire humanistiske og samfunnsvitskaplige fagfelt, men ikkje språkundervisning i regionen. Det var det behov for, og fakultetet såg seg rundt etter noen til å dekke dette.

Hans entusiasme var smittande, og hans studentar minnas ikkje minst hans demokratiske vennligheit.

Knut S. Vikør om professor Joesph N. Bell (1938-2020)

Professor Bell, som da arbeidde ved det amerikanske universitetet i Kairo, vart først engasjert for å førebu arabisk-studiar, og vart så tilsett i det professoratet som vart utlyst. Han hadde si utdanning i heimlandet USA, med doktorgrad i arabisk litteratur frå Princeton. Mest kjent var nok boka Love Theory in Later Hanbalite Islam, som fokuserer på idear om kjærleik hos noen som blir rekna som «rigide» juristar på 1300-talet, Ibn Taymiyya og Ibn Qayyim. Han kopla dei i staden til sufiske forståingar om «kjærleik til Gud». Han følgte seinare opp temaet i ei omsetting av A Treatise of Mystical Love.

Omsettingar av arabisk-islamsk litteratur, gjerne i samarbeid med arabiske filologar, vart sentralt i hans forsking, mellom dei den antropologiske romanen The Seven Days of Man. Bell hadde eit strålande språkøre og lærte seg raskt norsk, sjøl om han aldri heilt vart kvitt sin amerikanske aksent. Han hadde vid kunnskap til fleire Midtausten-språk i tillegg til arabisk. Han sette derfor raskt i gang eit omfattande undervisningsprogram, nok meir ambisiøst enn fakultetet opphavlig hadde tenkt seg, og viste stor entusiasme og energi i å bygge opp Bergen som eit sentrum også for språklige og filologiske Midtausten-studiar. Arabisk-studiet i dag, over ti år etter at han gjekk av, er eit varig minnesmerke over det.

Joe (som vi kalte han) sitt engasjement støtte nok ofte på undring i eit norsk system som ikkje alltid tok høgde for hans amerikanske gå-på-vilje, men han tok aldri nei for eit svar, og som oftast fekk han gjennomslag for sine planar. Hans entusiasme var smittande, og hans studentar minnas ikkje minst hans demokratiske vennligheit, der han gjerne tok begynnarstudentar med på sine faste «møter »på restauranten Ma-Ma-Thai i Kaigaten. På denne måten utvikla han eit miljø rundt faget, som alle som var i kontakt med det vil hugse.

Joe deltok også i tett faglig samarbeid med kollegaer i Midtausten-miljøet. Han bidrog når vi studerte arabiske kjeldetekster, og støtta opp under omsettingar og redaksjonar. Han hadde også omfattande internasjonalt samarbeid og oppretta i 1995 eit nytt tidsskrift ved instituttet, Journal of Arabic and Islamic Studies, som var on-line og åpent tilgjengelig, eit nytt fenomen den gongen. Joe Bell var ein sentral del av Midtausten-miljøet i Bergen frå 1980-talet og framover, og han vil bli minnas av sine kollegaer og tidligare studentar som ein grunnleggar og entreprenør så vel som god kollega og ven.

For kollegaer ved Senter for Midtaustenstudiar, Knut S. Vikør