Sindre Dueland kjem til å nytta digitale plattformer for å koma i kontakt med studentane. Han har meir tru på å nå dei i sosiale media enn at dei skal droppa innom kontoret hans. Foto: Hilde Kristin Strand
Sindre Dueland kjem til å nytta digitale plattformer for å koma i kontakt med studentane. Han har meir tru på å nå dei i sosiale media enn at dei skal droppa innom kontoret hans. Foto: Hilde Kristin Strand

Dueland nytt studentombod: — Det beste er jo at eg ikkje har noko å gjera

Sindre Dueland går frå stillinga som studentombod ved Høgskulen på Vestlandet til same stilling på Universitetet i Bergen.

Publisert   Sist oppdatert

Frå i dag er Sindre Dueland (35) studentombod ved Universitetet i Bergen. Han startar med tjue prosent stilling, men skal vera på plass frå fulltid frå 1. oktober. Dueland vert UiB sitt andre studentombod. Frå 1. august er ordninga med studentombod lovfesta.

— Kva gjer eigentleg eit studentombod?

— Ein skal vera ein objektiv part i møte mellom studentar og utdanningsinstitusjon. Mykje av arbeidstida mi har eg brukt på å forklara studentar om rettane deira, men òg om kva plikter dei har. Dette kan vera knytt til forhold rundt eksamen eller ulike typar arbeidskrav, seier Dueland.

Han har vore Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt første studentombod. På ein langstrakt høgskule har det vorte mykje reising.

— Ved UiB vert det mindre reising, men truleg andre utfordringar. Eg er freista av kulturen og strukturen, og innbiller meg at det kan vera fleire konflikter mellom studentar og fagleg tilsette. HVL er yrkesretta, UiB er disiplinretta, med meir fokus på forsking, seier Dueland.

Han er jurist, og noko av det han er spent på, er korleis UiB sitt nye europeiske nettverk vil vera for studentane.

— Det kan vera nokre juridiske utfordringar her, seier han.

Tydeleg

Med mastergrad både i rettsvitskap og adminstrasjon og organisasjonsvitskap, samt mykje røynsle som studentpolitikar, kjenner Dueland sektoren godt.

— Eg likar utdanningsinstitusjonane, dette er ein gøyal sektor, smiler Dueland.

— I stillinga som studentombod er det ein fordel å kjenna til sektoren, men samstundes er det viktig å vita at eg ikkje er studentane sin representant.

Dette er ein gøyal sektor

Sindre Dueland

Han har vore tydeleg i nokre saker, mellom anna i saka om forseinka sensur.

— Det har eg vore fordi lovteksten er tydeleg; det er ein frist for når sensuren skal koma. Og det er gjennomgåande at sensuren kjem for seint.

Universitetsstyret ved UiB røysta i vår nei til å innføra bot for forseinka sensur. Vedtaket skjedde med knappast mogleg fleirtal. Samstundes vert det argumentert med at dersom sensuren alltid skal koma til rett tid, vil ikkje utdanningsinstitusjonane kunne bruka to sensorar.

— Uproblematisk med ein sensor, seier Dueland, han stolar på at alle sensorar gjer ein god jobb.

— Men med ein gong ein fattar eit vedtak om bøter, fritek ein nokon for ansvaret, seier han.

Vil ha fokus på trakasseringssaker

#metoo-rørsla var noko av bakgrunnen for at ordninga med studentombod vart innført. Dueland seier at saker som seksuell trakassering er noko han knapt har jobba med ved HVL. Både På Høyden og Bergens Tidende har skrive saker om seksuell trakassering ved UiB.

— Eg har høyrt om saker ved HVL, og eg veit om saker på UiB, gjennom samtalar med tidlegare studentar. Det beste er at institusjonen klarar å handtera slike saker sjølv, utan at studentane treng bistand frå studentombodet, meiner Dueland.

Men nettopp #metoo-saker er noko han ønskjer å ha fokus på, og han håpar han vert varsla av studentar som meiner dei har vore utsett for oppførsel som ikkje er akseptabel.

Maktubalansen i denne sektoren, mellom undervisar og student, er stor. Denne maktubalansen trur eg det er mange som ikkje har tatt innover seg.

Sindre Dueland

— Maktubalansen i denne sektoren, mellom undervisar og student, er stor. Denne maktubalansen trur eg det er mange som ikkje har tatt innover seg. UiB er eit av verdas beste universitet, og for dei studentane som ønskjer å gå vidare, anten i Noreg eller utlandet, er det viktig å få tilråding frå fagleg tilsette, seier Dueland.

Dette meiner han kan føra til at studentar kan velja å ikkje varsla om at dei vert trakassert. Men han er oppteken av at det òg er mogleg å ta tak i slike saker etter at enkeltstudentar har avslutta sine studium. Bergens Tidende skreiv til dømes om ei trakasseringssak som har gått føre seg i årevis, der ein tilsett til slutt fekk ordensstraff.

Synleg på campus

Sylvi Leirvaag gjekk over i ny stilling i juni, og Dueland vil difor så smått starta arbeidet sitt ved UiB samstundes som han jobbar ut oppseiingstida si ved HVL. Den første tida vert det naturleg nok mange møte, for å verta kjent med både folk og institusjon. Vidare meiner han det er viktig å følgja med på det arbeidet som går føre seg i råd og utval – sjå sakene medan dei framleis er i prosess.

— Eg kjem til å ha stand på fakulteta og vil prøva å vera synleg rundt studiestart – så kjem nok sakene rennande. Men det aller beste er jo om eg ikkje har noko å gjera, smiler Dueland.