Professor Øyvind Fiksen har funne nøkkelen til mindre Facebook-surfing i timane sine. Foto: Asbjørn Leirvåg
Professor Øyvind Fiksen har funne nøkkelen til mindre Facebook-surfing i timane sine. Foto: Asbjørn Leirvåg

Slik fekk han bukt med Facebook-surfinga i timane

Publisert

Fem Mat.-nat.-undervisarar har fått utmerkinga framifrå undervisar. Biologiprofessor Øyvind Fiksen synest det er mykje kjekkare å undervisa etter at han fekk studentane til å følga med i timen. 

Fiksen er ein av professorane som har fått statusen <<framifrå undervisar>> ved Mat.nat.-fakultetet. Meritteringsordninga gjev lønnsauke på om lag 50 000 kroner og medlemskap i eit pedagogisk akademi ved fakultetet.

Les også: Spør om premiering vil bedre utdanningskvalitet

Fiksen har jobba systematisk i fleire år for å betra undervisinga si. 

– Eg var involvert i Senter for framifrå undervisning i biologi (bioCEED). Då kom eg inn i mykje av forskingslitteraturen om undervising, og eg las meg opp på det - som eg hadde gjort viss det var eit forskingsprosjekt eg skulle i gong med. Det var ei aha-oppleving for meg, og eg har eksperimentert mykje etterpå. 

Får studentane til å gje tilbakemelding

– For kva er det som fungerer då? 

– Eg trur det er ulike ting som fungerer i ulike settingar. Det viktigaste rådet er at folk prøver nye ting, og at dei prøver å lesa seg opp på ting. Det finst mykje litteratur ein kan lesa seg opp på, seier biologiprofessoren.

Han trekk fram Mitt UiB som ein svært god læringsplattform å bruka i undervisinga. 

– Den har ein god kommenteringsfunksjon som eg har brukt mykje. Som faglærar kan eg kommentera på arbeidet til studentane, men studentane kan også kommentera på andre studentar sitt arbeid. Det har eg sett fungerer veldig godt. Fordi at studentane er flinke til å gje kvarande gode tilbakemeldingar, og det trur eg har stor læringseffekt.

Desse fem får statusen «framifrå undervisar» i Bergen

Statusen som framifrå undervisar gjev lønnsauke på om lag 50.000 kroner og medlemskap i eit pedagogisk akademi ved Det matematisk- naturvitenskapelige fakultet på Universitet i Bergen (UiB).

Dette er ei prøveordning som går over fem år, og førebels er det berre Mat.nat.-fakultetet som har innført ordninga.

Torsdag 1. juni vil truleg styret ved UiB vedta at alle fakulteta skal innføra ordninga.

Gjennom kvalitetsmeldinga som blir vedteke i Stortinget før sommaren er det bestemt at alle høgskular og universitet skal etablera ei slik ordning innan to år.

Det var 20 som søkte om å få statusen og onsdag 31. mai blei det offentleggjort fem namn:

  • Stein Dankert Kolstø, professor, Institutt for fysikk og teknologi. 
  • Øyvind Fiksen, professor, Insitutt for biologi.
  • Henriette Linge, førsteamanuensis, Institutt for geovitenskap. 
  • Fredrik Manne, professor, Institutt for informatikk 
  • Bjørn Tore Hjertaker, professor, Institutt for fysikk og teknologi

For Fiksen er involvering av studentane nøkkelen til læring.

– Det er fleire av oss som er byrja å bruka Poll Everywhere, eit kommunikasjonsverktøy kor ein kan kommunisera digitalt med klassen. Her kan studentane skriva inn ting undervegs i timane, og så kjem det opp på skjermen. Dei kan klikka på ein figur, eller andre ting på skjermen. 

– Skal henga høgt

Det var 20 personar som søkte om å få kompetansetildelinga på Mat.nat. Prodekan for utdanning, Harald Walderhaug, seier det var mange sterke kandidatar. 

– Me vil gjerne understreka at det var veldig mange gode søknadar også blant dei som ikkje fekk tildelinga. Men me har vore opptekne av at dette er noko som skal henga høgt, og at dei verkeleg er framifrå dei som får tildelinga. Difor valde med ut desse fem. Me synest det er ei veldig spennande gruppe. Dei har ulike styrkar og spisskompetanse som vil koma godt med når dei skal samarbeida i det pedagogiske akademiet, seier Walderhaug. 

Akdemiet skal fungera som ein ressurs for fakultetet, kor dei fem skal samarbeida om å utvikla god undervisningskultur.

Walderhaug legg vekt på at dette ikkje er ei utmerking til dei som lagar mest <<show>> på førelesingane. 

– Det er ikkje berre ein formidlar-pris, men det handlar om totaliteten i å gje god utdanning. Det gjeld både eigen praksis og det å utvikla undervisinga på fakultetet som heilskap, seier prodekanen.

Les også: Han er ein av 20 som kan bli «framifrå undervisar»

Kartlegg nivået med kviss

For biologiprofessor Fiksen har mellom anna bruk av kvissar gjort at han finn ut kva studentane synest er mest utfordrande i faget. 

– Eg spør først individuelt i byrjinga av timen, for å sjå kor dei strevar. Deretter bygger eg undervisninga opp rundt det. Eg kan sjå kva det er dei klarer greitt, og kva dei synest er vanskeleg.

Det gjev eit meir <<ekte>> bilde av klassen, meiner han. 

– Det er ein heilt annan måte å kommunisera på enn om ein spør i ei open forsamling, då er det to som svarar, og dei gjer inntrykk av at alle kan dette. Men når alle svarar så får ein inn informasjon om kva som er det generelle problemet på ein heilt annan måte.

– Etter ein runde med individuelle svar, så set eg saman grupper og ber dei bli einige om eit svar. Det blir mange fruktbare idear og løysingar når dei sit saman.

– Mange fortvilte forelesarar

– Dette er kjente idear og metodar, og ikkje noko nytt, men resultat av aktivitet på BioCeed. Me er bevisste på all slags teknikkar som finst for å auka læringsutbytte,

For Fiksen har stor tru på denne type interaktiv undervising. 

– Eg har lest ein del forskingslittertaur som er uhyre overbevisande. Den type undervisning gjev betre utbytte og læringseffekt enn tradisjonell undervising. Det er store studiar om dette som er publisert i Science og Nature.

I tillegg til auka læringsutbytte for studentane - gjev det også mykje tilbake til biologiprofessoren:

– Det blir mykje kjekkare å undervisa på denne måten. Ein får bukt med Facebook-surfinga. Eg trur mange forelesarar er fortvila over dette, fordi studentane har hovuda sine alle mogleg andre stadar. Me må berre endra på undervisingsopplegget vårt for å få merksemda deira tilbake. 

Problemfokusert undervising

Ein av dei andre som har fått meritteringa som framifrå undervisar er professor Stein Dankert Kolstø ved Institutt for fysikk og teknologi. Han underviser i fagdidaktikk og sver til problemdriven undervising. 

– Undervisinga er problemfokusert. Eg får studentane til å legga merke til problem i skule, og undervisning i klasserom. Dei blir bevisste på at me har utfordringar med å få elevar mindre passive. Slik ser studentane at dette er tema dei må gå inn i, og dei må gjera det med eiga praktisk erfaring. Då kan studentane sjå at dei treng idear og innsikt. Me diskuterer mykje, og så prøver eg å bygga vidare på det i teorien.  

Også Dankert Kolstø nyttar digitale verktøy i stor grad.  

– Eg har gjort mykje ulikt. Eg får dei til å dela tankar i plenum, men ofte at det deler på Padlab, eller ein annan ikt-plattform. Slik kan eg få innsikt i alle si tenking.

Verdifull ordning

– Med ein gong dei har fått ting opp på ei tavle eller Powerpoint blir ideane tilgjengeleg for alle som diskusjon. Det som berre ligg i lufta forsvinn lett. Men viss alle fem ideane står skrivne på ein skjem, kan ein diskutera det og ta det med seg heim etterpå. Så kan ein spela ball med ideane. For å få diskusjon må ein ha tydelege utgangspunkt å forholda seg til, seier Dankert Kolstø. 

Han meiner ordninga med framifrå undervisar er eit stort steg i riktig retning. 

– Eg tenker at det er verdifullt at universitetet har ei ordning som premierer undervising, sik at det lettare kan nå opp i konkurranse med forsking - med tanke på tid og innsats. Begge delar er viktig, men undervisning har vore utsette for mykje mindre premiering enn forsking. 

Eit forslag om at alle fakulteta ved UiB skal innføra meritteringsordninga skal opp på universitetsstyremøtet torsdag. Utgangspunktet er at alle fakulteta skal vera i gong med ordninga før sommaren 2019. 

Dette har utgangspunkt i kvalitetsmeldinga som skal behandlast ferdig på Stortinget før sommaren vert det vedteke at alle høgskular og universitet skal etablera ei slik ordning innan to år.

Dei tre andre som har fått tildelinga er: 


Henriette Linge, førsteamanuensis, Institutt for geovitenskap

 

 


  Fredrik Manne, professor, Institutt for informatikk 

 

 


Bjørn Tore Hjertaker, professor, Institutt for fysikk og teknologi.