UiB-studentane Kjersti Brevik Møller og Vegard Fosso Smievoll (bak til venstre) blir etter planen deporterte frå Marokko i ettermiddag. Her er dei fotograferte i El Aaiún saman med ei gruppe spanske advokatar, som og blir sende ute. Foto: Privat
UiB-studentane Kjersti Brevik Møller og Vegard Fosso Smievoll (bak til venstre) blir etter planen deporterte frå Marokko i ettermiddag. Her er dei fotograferte i El Aaiún saman med ei gruppe spanske advokatar, som og blir sende ute. Foto: Privat

Studentane blir deporterte frå Marokko måndag ettermiddag

Eit tøft møte med marokkanske styresmakter har ikkje skremt jusstudentane Kjersti Brevik Møller og Vegard Fosso Smievoll. – Eg dreg gjerne tilbake, så lenge dei slepp meg inn, seier Møller.

Publisert

Jusstudentane Kjersti Brevik Møller og Vegard Fosso Smievoll skulle vere internasjonale observatørar under rettssaka mot Nazha El Kahlidi måndag. Men då dei søndag landa på flyplassen i El Aaiún blei dei gripne av politiet.

— Vi blei stoppa i passkontrollen. Dei tok passa våre, og byrja å avhøyre oss, fortel Møller.

Begge to hadde akkreditering frå Raftostiftinga som internasjonale observatørar.

Etter ei stund fekk dei beskjed om at dei kunne dra til byen, men dei slapp likevel ikkje vidare. Då kom det ei gruppe på 14 politifolk, som fortalde dei at det ikkje var nok å ha akkreditering frå ein menneskerettsorganisasjon.

— Vi ba om å få sjå lova som sa dette, men dei ville ikkje vise oss noko, fortel Møller.

Flytta til Casablanca

Dei måtte vente heile dagen saman med ei gruppe spanske advokatar, som hadde same ærend.

— Først ville dei ikkje gi oss mat eller drikke. Men etter kvart fekk vi tre vassflasker og eit par muffins til deling på åtte personar.

Om kvelden blei dei sette på eit fly til Casablanca, der dei blei innlosjerte på eit flyplasshotell under vakthald.

Provoserande

Måndag ettermiddag er dei på veg tilbake til Las Palmas med fly.

— Var det uventa at de blei deporterte?

— Vi visste jo at det var ein sjanse for at det ville skje. Vi gjorde det heilt klart at vi var internasjonale observatørar. Dei hadde eigentleg ikkje noko grunnlag for å hive oss ut, meiner Møller.

— Det heile er provoverande, meiner kollega Vegard Fosso Smievoll.

Ein ting er at dei har halde oss fanga ei stund, men mest provoserande er det at rettssaka hennar no går utan internasjonale observatørar.

Vegard Fosso Smievoll

— Ein ting er at dei har halde oss fanga ei stund, men mest provoserande er det at rettssaka hennar no går utan internasjonale observatørar, seier han til På Høyden.

— Men er det sikkert at El Kahlidi ikkje får ei rettssak som oppfyller internasjonale standardar for rettstryggleik?

— Når Marokko har avgjort at ein politisk fange skal dømmast, så blir det stort sett slik. Det vanlege for politiske fangar i Vest-Sahara er at ein blir arrestert, og torturert i to-tre døgn før ein blir sleppt fri. Tilståingar som blir gjort under tortur blir seinare brukt i rettssaka, seier Smievoll.

Saka utsett

Måndag ettermiddag viser det seg at dei to studentane likevel ikkje har gått glipp av så mykje:

Rettsmøtet måndag blei det ikkje noko av, og saka er utsett til 24. juni.

Møller og Smievoll var i Vest-Sahara på vegne av Raftostiftinga. Dagleg leiar Jostein Hole Kobbeltvedt meiner det er forsvarleg å sende studentar ut på slike oppdrag.

— Vi gjer dette i samarbeid med Støttekomiteen for Vest-Sahara. Dei som reiser dit er svært godt førebudde, og godt informert om kva det inneber. Vi opplever at dei har gjort naudsynte tiltak på førehand, seier Kobbeltvedt til På Høyden.

Han synest det er trist at Marokko ikkje oppfyller internasjonale standardar.

— Av erfaring veit vi at Marokko ikkje har ein heilt god praksis på dette. Dersom rettssaka hadde gått riktig for seg burde det ha vore i Marokkos interesse å vise det, seier han.

— Godt at studentar engasjerer seg

Ved den marokkanske ambassaden i Oslo får På Høyden opplyst at observatørar treng løyve frå marokkanske styresmakter, og at ei akkreditering frå Raftostiftinga ikkje er nok. Dette skal vere nærare forklart i ei pressemelding ambassaden vil sende ut, men denne har så langt ikkje blitt sendt over til På Høyden.

Det er godt å sjå at studentane våre engasjerer seg i saker utanfor universitetet.

Karl Harald Søvig

Karl Harald Søvig er dekan ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, og godt kjent med at to av studentane hans er deporterte frå Vest-Sahara.

— Dette er noko dei i utgangspunktet har gjort på eige initiativ. Men det er godt å sjå at studentane våre engasjerer seg i saker utanfor universitetet, seier Søvig.

På jussen herskar karakterpresset, og menneskerettar er noko ikkje alle studentar engasjerer seg i.

— Studiet handlar først og fremst om å gi ei utdanning i Norge. Men menneskerattar er ein sentral tematikk på studiet, det same gjeld rettsstaten. Våre studentar skal ut i mange forskjellige roller. Det er viktig med eit engasjement som handlar om plassen til juss i dei store samfunnsdebattane, seier Søvig til På Høyden.