Sverre Bagge leia Senter for middelalderforsking frå 2003 til 2012. Først i dag blei det opna ei utstilling som gjer ære på forskinga.
Sverre Bagge leia Senter for middelalderforsking frå 2003 til 2012. Først i dag blei det opna ei utstilling som gjer ære på forskinga.

Bagge viser fram mellomalderskattar

Publisert

Universitetsbiblioteket har nokre skattar i arkivet som er så sjeldne at dei sjeldan får sjå dagens lys.

Agadiplomet (biletet under), funne på garden Aga i Hardanger, er frå 1243. Til vanleg ligg det i sin eigen boks, der både fuktigheit og temperatur er tilpassa, men av og til får det koma opp frå spesialsamlingane. Til dømes når Universitetsbiblioteket (UB) opnar utstillinga «Periferi og sentrum i middelalderens Europa», som ein del av mellomalderveka.

– Hovudmålet med utstillinga er å visa fram det Senteret for framifrå forsking fekk til. Då mellomaldersenteret vart avvikla etter ti år i 2012, var det framleis mykje som var under produksjon, seier universitetsbibliotekar Ane Landøy.

Sverre Bagge var leiar for Senter for middelalderforsking, som var eit senter for framifrå forsking frå 2003 til 2012. 

– Noko av det vi prøvde på var å setje Noreg inn i ein europeisk samanheng, men og å marknadsføre Noreg blant utanlandske forskarar, forklarer Bagge, som opna utstillinga i føremiddag. 

– Vi har ikkje éi, stor bok som samanfattar alt. Vi har i all hovudsak publisert inviduelt, seier Bagge. 

Svart fløyel
I tillegg til ei lang liste som viser alle dei vitskapelege publikasjonane og utstilling av nokre av bøkene som vart skrivne av mellomalderforskarane i tiårsperioden, har UB altså vore i kjellaren, i romma der det ikkje er så mange som får koma inn. Nokre av dei gamle manuskripta og bøkene vert stilt ut, andre er så gamle og skjøre at det berre er gode kopiar som vert vist fram.

– Eg legg originalane på svart fløyel og brukar hanskar medan eg scannar, fortel avdelingsingeniør Pedro Vasques.

Aga-diplomet kom til biblioteket frå gamle Bergens museum. Landøy fortel at fleire gamle skrifter vart funne rundt om på gardane.

– Dette er jo ting som vart teke vare på, så dei som hadde dei, skjønte nok at det var viktig for garden. Men dei skjønte kanskje ikkje at det kunne seia noko om fortida så lenge etter, seier ho.

Sex-sak frå 1586
Mange av tekstane er vanskeleg tilgjengeleg i dag. Men forskarane har både transkribert og forklart. – Me har mange mellomalderskattar i samlingane våre, og dette er ting som vert brukt av forskarane. Dei finn framleis nye samanhengar og forklaringar, seier Landøy.

Og kanskje var ikkje mellomaldermenneska så annleis enn moderne 2000-talsmenneske er.

– Det var ein skandale i Stryn i 1586, som me har materiale frå. Då var det ein mann som klaga stemora si for å ha stått i med mange andre menn medan ho framleis var gift med mannen sin far. Det handla om rett til arv, og saka kom opp i retten, fortel Landøy.

Denne bibelen blei trykt i Venezia i 1476, og er den eldste boka i samlinga til Universitetsbiblioteket.