<span class="caps">NSO</span> og leiar Håkon Randgaard Mikalsen er skuffa over at KrF ikkje kom dei i møte. Foto: Dag Hellesund
NSO og leiar Håkon Randgaard Mikalsen er skuffa over at KrF ikkje kom dei i møte. Foto: Dag Hellesund

Ikkje meir til studentar eller vikingskip

Publisert

Studentane er skuffa etter at KrF støtta omlegginga av stipendordninga. Heller ikkje vikingskipa på Bygdø får meir pengar enn det som låg inne i forslaget til statsbudsjett.

Tysdag vart regjeringspartia og KrF samde om statsbudsjettet for 2019. For sektoren sin del vart det plussa på 40 ulike tiltak eller summar, skriv Khrono. Dei største summane går til lærarnorm for skulen og bemanningsnorm for barnehagane.

Studentane hadde på førehand håpa at KrF ville støtta dei i at stipendordninga ikkje bør leggast om. Det skjedde ikkje.

Oppmodar til demonstrasjon

NSO-leiar Håkon Randgaard Mikalsen var skuffa då KrF sitt alternative budsjett vart lagt fram 9. november. No oppmodar han studentar landet over til å demonstrera 29. november. Studentane meiner at ei omlegging av studiestøtta, slik at studentane får 25 av lånesummen som stipend når dei startar, og 25 prosent gjort om til stipend når dei har fullført ei grad, vil ramma sosialt skeivt.

Heller ikkje Vikingtidsmuseet på Bygdø får meir pengar – det vil seia ingenting. Uniforum har skrive om kor skuffa UiO er over at det ikkje låg inne ei løyving til oppstart av nytt museumsbygg i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett.

No skriv Forskerforum at KrF hadde sett av tjue millionar kroner til museet i sitt alternative budsjett. Men dei fekk ikkje gjennomslag for dette i forhandlingane. UiO er svært bekymra for tilstanden til dei eldgamle skipa.

– Situasjonen er veldig dramatisk. Vikingskipa har det ikkje godt, har Håkon Glørstad, direktør ved Kulturhistorisk museum, tidlegare sagt til Uniforum.

Felles master i medisin

Noko av det regjeringa og KrF har funne pengar til i neste års budsjett, er studieplassar ved private, kristne høgskular. Det er òg sett av pengar til ei stipendiatstilling til misjonshøgskulen Fjellaug og til rekrutteringsstillingar ved VID vitskapelege høgskule.

For UiB sin del er det sett av pengar, fem millionar, som ein i samarbeid med Universitetet i Stavanger skal bruka til å gjennomføra ein klinisk master i medisin i Stavanger. Som På Høyden tidelgare har skrive, skal eit ekspertutval vurdera om ein skal oppretta fleire studieplassar i medisin i Noreg. Noko av det som vart vurdert, var om UiB-studentar skal kunne ta deler av studiet i Stavanger.

– Det er ingen løyndom at UiB ikkje ønskjer eit nytt medisinsk fakultet i Noreg. Men me ønskjer å kunne nytta Stavanger og området rundt i større grad enn me gjer i dag, og er villige til å laga eit studium der nokre av studentane bur og studerer fleire år i stavangerområdet.

Det sa Steinar Hunskår, medisinprofessor og prodekan ved Det medisinske fakultetet ved UiB, til På Høyden i sommar. Han sit i denne ekspertgruppa, som vart oppretta etter at det i årets budsjett vart sett av fem millionar kroner til å greia ut om ein kan auka studieplassar på medisin. I dag vert mange norske legar utdanna i utlandet.