Kjell Øvre Helland er tilsett i eit engasjement som prosjektleiar for lærings- og formidlingslaben i Media City Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand
Kjell Øvre Helland er tilsett i eit engasjement som prosjektleiar for lærings- og formidlingslaben i Media City Bergen. Foto: Hilde Kristin Strand

Han skal fylla tårna med innhald

Publisert

UiB skal ha tre etasjar i Media City Bergen. Nytilsette Kjell Øvre Helland har ansvar for å fylla 700-800 kvadratmeter med innhald.

Før påske hadde han sin siste arbeidsdag i TV2 etter å ha vore tilsett der sidan starten i 1992. Ein knapp månad seinare var han på plass der han begynte arbeidslivet; i det gamle BT-bygget i Nygårdsgaten. Her held kommunikasjonsavdelinga til, og Kjell Øvre Helland er tilsett i eit engasjement på seks månader for å leia oppbygginga av ein formidlings- og læringslab knytt til Media City Bergen.

Plan i fire delar
UiB skal ha tre etasjar i eit av dei to tårna som utgjer Media City Bergen. I den øvste etasjen skal mellom 700 og 800 kvadatmeter brukast til ein formidlings- og læringslab. Spørsmålet er kva denne laben skal vera.

– Førebels har det vore ein visjon meir enn konkretisering, smiler Øvre Helland.

Tårna i Lars Hilles gate er førebels berre tomme skal. Ein del av Kjell Øvre Helland sin jobb er å fylla den eine av UiB sine tre etasjar med innhald. Arkivfoto: Tor H. Monsen
Tårna i Lars Hilles gate er førebels berre tomme skal. Ein del av Kjell Øvre Helland sin jobb er å fylla den eine av UiB sine tre etasjar med innhald. Arkivfoto: Tor H. Monsen

Etter to veker i jobben har han allereie nokre planar, som han deler i fire: Laben kan brukast til undervisning og rådgiving av digitale formidling brukt i særleg undervsining. Vidare kan ein gi rådgiving og rettleiing knytt til planlegging og prioritering av gode prosjekt.

– Det handlar om å visa kva UiB kan bidra med. Allereie etter å ha vore tilsett ved kommunikasjonsavdelinga i kort tid, ser eg at mange tek kontakt for å få hjelp til å utvikla mellom anna appar og filmar, seier Øvre Helland.

Media City Bergen

Lars Hilles gate 30

Entra Eiendom skal eie og drifte bygget.

UiB kommer til å bli leietaker, sammen med TV2, NRK, BT, BA og Vizrt.

Bygget skal være innflyttingsklart i 2017 med 45 000 kvadratmeter

Visjonen bak Media City Bergen er å skape et internasjonalt ledende miljø for innovasjon og kunnskapsutvikling innenfor mediefeltet.

Det tredje punktet på lista er produksjon og formidling. UiB har avtalar med mellom andre Vizrt og TV2. Avtalen med TV2 inneber at UiB har hundre dagar i studio i året. Det siste punket på lista heiter forsking og forskingsprosjekt. Øvre Helland håpar klyngepartnarane kan jobba saman om dette.

– Ein har allereie avtalar om deling av både teknologi og innhald. Medieklynga er ein måte å koma i kontakt med mange formidlarar på.

Sjølv har han naturleg nok mange kontaktar i bransjen.

– Eg kjenner vel dei fleste i mediebransjen i byen. Å kjenna folk er sjølvsagt viktig, seier han.

Stillinga vart ikkje lyst ut
– Øvre Helland er ein aktuell person med ein verdifull kompetanse, seier kommunikasjonsdirektør Ingar Myking.

– Var stillinga lyst ut?

– Dette er eit engasjement som prosjektleiar i seks månader. Me vil vurdera etterkvart om det skal verta ein permanent stilling, men då vil stillinga verta lyst ut, seier Myking.

Sluttpakke - men ikkje ferdig
Øvre Helland fekk med seg eit sluttpakke frå TV2, men han har på ingen måte tenkt å gi seg i arbeidslivet.

– Eg synest det er flott å få ei slik moglegheit som dette. Eit engasjement på seks månader er fint, målet er å laga noko som kan fungera i kraft av sin eigen kvalitet. Ei av oppgåvene vert å laga eit budsjett, og ein må òg sjå på korleis lokala i Media City skal innreiast. Premissane er lagt, og snart må oppgåver ut på anbod, seier Øvre Helland.

Han seier at han hadde førebudd andre ting enn UiB før han vart kontakta om prosjektleiarstillinga.

– Var det Rune Indrøy (tidlegare kommunikasjonssjef i TV2, journ.anm) som ringte deg?

– Hehe, nei, det var ikkje Rune. Men eg kjenner han sjølvsagt godt, og hadde kontakt med han om stillinga. Eg har site i programkomiteen for Christiekonferansen dei siste åra, så eg kjenner godt mange ulike UiB-tilsette, seier Øvre Helland.

Inni dei to tårna i Lars Hilles gate skal store deler av mediebergen halda til. Deler av UiB skal òg flytta hit. Arkivfoto: Entra eiendom/MAD arkitekter