Med luftputebåt i Nansen sine fotspor

Publisert

– Eg trur denne ekspedisjonen vert eit vendepunkt, seier Yngve Kristoffersen. Han er tilbake på Svalbard etter over to månader om bord i ein luftputebåt.

– Det heile er rimeleg enkelt. Isen er frå ti centimeter til 4-5 meter tjukk. Anten må ein reisa under han i ubåt, eller oppå med luftputebåt. Eller så må ein bruka rå makt i form av ein isbrytar. Det er ei gigantinvestering.

Det seier Yngve Kristoffersen. Han er professor emeritus ved Institutt for geovitenskap og professor II ved Nansen. Etter over to månader om bord på luftputebåten Sabvabaa i Polarhavet kom han i helga attende til Svalbard.

Har overvaka isforholda
Saman med masterstudent Gaute Hope har Kristoffersen både undersøkt jordskjelvaktivitet og målt tjukkelsen på isen.

– Det vert sagt så mykje om isnivået, så det er ei gåte for meg at ein ikkje tidlegare har sjekka i dette området. Målingane i seg sjølv seier ikkje så mykje, ein må sjå det over år for å kunne sjå trendar. Men ein må byrja ein stad, seier Kristoffersen.

Isen vart målt heilt frå iskanten ved Svalbard til 85 grader nord. Ved Nansensenteret har isforholda vorte overvaka dagleg ved hjelp av satelittradarbilete.

Ville til Lomonosovryggen
Ekspedisjonen har fått namnet Fram 2012. Båten, som er eigd av ein privatperson, heiter Sabvabaa. På inuitt tyder det «fly raskt over det».
Hovudformålet med ekspedisjonen var å koma seg forbi Nordpolen og undersøkja den undersjøiske fjellkjeden Lomonosovryggen.  Fjellkjeden går over Nordpolen, frå Nysibirøyane til Grønland.

– Ved Svalbard ligg det gamle bergartar under lag med sediment. Dit kjem me ikkje til. Men i denne ryggen ligg bergartane berre og ventar på oss, seier Kristoffersen.

Forskingsturen byrja på 81 grader nord for Svalbard. På 85 grader nord kom ein ikkje lenger. Det betyr at det ikkje vart gjort noko undersøking av Lomonosovryggen. Frå Svalbard og dit er det tusen kilometer. Dersom dei hadde lukkast, hadde Sabvabaa vore den første luftputebåten som hadde reist så langt for eiga maskin.

– Men før me kom fram kom den svenske isbrytaren me hadde avtale med forbi. Lenger nord var det så lågt skydekke og så diffust lys at me ikkje såg noko. Me måtte liggja heilt stille i fleire dagar, seier Kristoffersen.

Men ved Gakkelryggen, som er om lag halvvegs, fekk dei to forskarane gjort ei rekkje geofysiske observasjonar, mellom anna målt jordskjelvaktivitet.

– Gaute Hope har designa, bygd og no fått testa ei utrusting for å testa seismiske signal. Han har sikkert med seg materiale til to masteroppgåver heim, seier Kristoffersen.

 Gaute Hope fekk gjort mange undersøkingar til masteroppgåva si. Sidan dei ikkje kom heilt fram til Lomonosovryggen vart det fem veker til undersøkingar av jordskjelvaktivitet. Foto: Yngve Kristoffersen

Manglar isbrytar
– Noreg har ingen isbrytarar. Det betyr òg at me ikkje har adgang til Polhavet. Eg var der i 1979, med ein utanlandsk isbrytar, fortel Kristoffersen. Under ekspedisjonen fekk Sabvavaa hjelp og støtte frå både ein svensk og ein tysk isbrytar.

– Eg trur denne turen vert eit vendepunkt. Noreg kan bidra med luftputebåt, og kan så reisa inn saman med isbrytarar. Isbrytarane kan ta luftputebåten på dekk og så setja han av i området der ein skal jobba. Om bord kan det vera forskarar frå fleire nasjonar, meiner Kristoffersen.

Han sa at ekspedisjonen, som har fått namn etter Nansen og hans skip, viser at det er enkelt for isbrytarane å jobba saman med ein luftputebåt.

– Dei brukte femten minutt på å få oss opp på dekk, så det heftar dei ikkje.

I 2014 er det planlagt ein ekspedisjon saman med ein tysk isbrytar.

– Ein isbrytar brukar like mykje drivstoff i døgeret som ein luftputebåt brukar på eit år, seier Kristoffersen.

Undervegs fekk Sabvabaa drivstoff frå den svenske isbrytaren. Men båten og mannskapet på to var åleine i dei fem vekene dei låg ved Gakkelryggen

 

Sabvabaa tyder «flyt raskt over». Yngve Kristoffersen og Gaute Hope var om bord i luftputebåten i 2,5 månad. Foto: Gaute Hope